Språkstatistikk for departementa

Sentrale statsorgan rapporterer kvart år om bruken av bokmål og nynorsk, jf. lov om målbruk i offentleg teneste (mållova) av 11. april 1980. Det lovbaserte kravet er at det skal vera minst 25 prosent av kvar målform i rundskriv, kunngjeringar og anna informasjonstilfang.

Det er Språkrådet som har ansvar for å føre tilsyn med korleis statsorgan vekslar mellom bokmål og nynorsk i publikumsretta informasjon.

Til og med rapporteringsåret 2013 var det Kulturdepartementet som registrerte departementas målveksling i proposisjonar, meldingar og anna utoverretta informasjonstilfang. Språkstatistikk fram til 2013 ligg nedanfor. Frå og med rapporteringsåret 2014 rapporterer alle sentrale statsorgan inkludert departementa om målveksling direkte til Språkrådet. Sjå www.sprakradet.no for meir informasjon.

Språkstatistikk for departementa for 2013 (.pdf) 

Språkstatistikk for departementa for 2012 (.pdf)

Språkstatistikk for departementa for 2011 (.pdf)  

Språkstatistikk for departementa for 2010 (.pdf)     

Språkstatistikk for departementa for 2009  

Språkstatistikk for departementa for 2007 og 2008

Språkstatistikk for departementa for 2006

Språkstatistikk for departementa for 2005

Språkstatistikk for departementa for 2004

Språkstatistikk for departementa 2001, 2002 og 2003