FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD)

Konvensjonen skal bidra til å motverke diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne. Han skal sikre respekt for dei gjeldande sivile, politiske, økonomiske, sosiale og kulturelle rettane til menneske med nedsett funksjonsevne.

CRPD står for "Convention on the Rights of Persons with Disabilities". Konvensjonen vart vedtatt av FNs generalforsamling i 2006 og tredde i kraft i 2008.

Noreg ratifiserte FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne i 2013. Gjennomføringa blir overvaka av CRPD-komiteen Statane rapporterer jamleg til komiteen. Noregs fyrste rapport om implementeringa av konvensjonen blei sendt til FN-komiteen som overvaker konvensjonen i 2015.

Likestillings- og diskrimineringsombudet (LDO) har fått i oppgåve å overvake den nasjonale gjennomføringa av konvensjonen. LDO laga ein eigen rapport til den første norske rapporten. Sivil sektor har òg laga ein alternativ rapport. Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) koordinerte dette arbeidet med støtte frå departementet. Sjå også den alternative rapporten fra sivilt samfunn til FN-komiteen (2019) (.pdf)

FN-konvensjonen om rettar til personar med nedsett funksjonsevne fastslår at partane (landa) som har ratifisert eller signert konvensjonen skal møtast. Dette er eit såkalla statspartsmøte. Her skal ein ta opp og diskutere aktuelle tema som handsamar implementeringa av konvensjonen og generelle problemstillingar knytte til rettane for personar med nedsett funksjonsevne. Det blir ikkje fatta vedtak. Statspartsmøtet vel vidare representantar til komiteen som overvakar landa si gjennomføring av konvensjonen. Statspartsmøtet har blitt den mest sentrale felles møtestaden for styresmaktene, FN-organisasjonar og sivilt samfunn.

Regjeringa sette ned eit juridisk ekspertutval i desember 2022 som skulle greie ut korleis FNs konvensjon om rettane til personar med nedsett funksjonsevne skal innlemmast i norsk lov. 15. januar 2024 vart utgreiinga overlevert til kultur- og likestillingsministerenKultur- og likestillingsdepartementet sende utgreiinga på høyring 5. mars 2024: Høring - Utredning om inkorporering av FNs konvensjon om rettighetene til mennesker med nedsatt funksjonsevne (CRPD) i norsk lov - regjeringen.no