Funksjonsnedsetjingar
Artikkel | Sist oppdatert: 15.10.2019 | Kulturdepartementet
Personar med funksjonsnedsetjingar har dei same rettighetane som andre. Politikken for personar med funksjonsnedsetjing skal byggje på likestilling og likeverd, sjølvbestemming, medverknad, deltaking og inkludering.
Kulturdepartementet har ansvar for nasjonal likestilling- og diskrimineringslovgjeving, som mellom anna forbyr diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne. I tillegg har departementet eit overordna ansvar for å koordinere regjeringas politikk for menneske med nedsett funksjonsevne ovanfor andre departement. Sektordepartementa har ansvar på eigne sektorområde. Regjeringas strategi for likestilling av menneske med funksjonsnedsetjing for perioden 2020-2030 er underskrive av ni ministrar frå åtte departement.
Organisasjonane er ein viktig høyringspart i relevante politiske prosessar, som utarbeiding av handlingsplanar og strategiar.
I tillegg inviterer statsråden til årlege politiske rundebordskonferansar med Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO), Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) og Unge funksjonshemmede og andre statsrådar på feltet om aktuelle tema. Dei tre organisasjonane samarbeider også med Bufdir om, på vegne av departementet, å markera den internasjonale FN-dagen for menneske med funksjonsnedsetjingar kvart år den 3. desember.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er fagdirektorat
Bufdir er departementets fagdirektorat for politikken for menneske med nedsett funksjonsevne. Direktoratet har ei eiga informasjonsside om nedsett funksjonsevne. Bufdir arbeider for å betre levekår og livssituasjon for personar med funksjonsnedsetjingar.
Bufdirs oppgåver omfattar mellom anna:
- Tilskot til funksjonshemmas organisasjonar og fritidstiltak for personar med nedsett funksjonsevne. Alle statlege tilskott til frivillige er samla på ei felles side på Regjeringa.no. Her finn ein alle tilskot til personar med nedsett funksjonsevne. Bufdir forvaltar tilskotsordninga. Sjå meir informasjon og søknadsskjema om ordningane.
- Dokumentasjon om situasjonen for menneske med nedsett funksjonsevne med eigne tal og statistikk. Ei nettside over Levekårsstatus blei etablert i 2015. Kommunemonitor om funksjonsnedsetjingar blei lansert i 2018.
- Ei anna kjelde for informasjon om personar med funksjonsnedsetjingar er programmet Rettssikkerhet for personer med utviklingshemming.