Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Likestilling mellom kjønna

Vi vil styrke likestillinga og skape eit betre diskrimineringsvern for alle. Eit samfunn der vi ikkje diskriminerer er ein føresetnad for likestilling og like moglegheiter. Derfor må vi ha eit sterkt og tydeleg lovverk som hindrar diskriminering på grunn av kjønn og syt for eit effektivt rettsvern.

Kvinnediskrimineringskonvensjonen

Kvinnediskrimineringskonvensjonen vart vedteken av FNs Generalforsamling 18. desember 1979 og tredde i kraft 3. september 1981. 189 statar er knytt til den. Noreg ratifiserte konvensjonen 21. mai 1981.

Tilleggsprotokollen til FNs kvinnediskrimineringskonvensjon vart vedteken 6. oktober 1999 og Noreg ratifiserte den 5. mars 2002. FNs kvinnediskrimineringskonvensjon blei ein del av norsk lov gjennom den tidlegare likestillingslova. Konvensjonen vart tatt inn i menneskerettslova 19. juni 2009 og går dermed føre anna norsk lov.

Likestillings- og diskrimineringslova

Retten til ikkje å bli diskriminert på grunn av kjønn er ein menneskerett som er fastsett i ei rekkje konvensjonar. Diskrimineringslovverket er det viktigaste hjelpemiddelet for å halde retten i hevd. 

Lov om likestilling og forbod mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringslova) tredde i kraft 1. januar 2018. Lova erstatta dei fire tidlegare lovane som gav vern mot diskriminering på grunn av kjønn, etnisitet, nedsett funksjonsevne og seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.

Likestillings- og diskrimineringslova gjev eit vern mot diskriminering på grunn av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, og omsorgsoppgåve. Føremålet med lova er å fremje likestilling mellom kjønna. Kvinner og menn skal ha like moglegheiter til utdanning, arbeid, kulturell og faglig utvikling. Både kvinner og menn er omfatta av vernet, sjølv om likestillings- og diskrimineringslova etter føresegna særleg tek sikte på å betre kvinner si stilling, jmf. §1. Lova pliktar arbeidsgivarar, organisasjonane i arbeidslivet og offentlege styresmakter til aktivt likestillingsarbeid.

Diskrimineringsombodslova

Den 1. januar 2018 tredde ei ny lov om Likestillings- og diskrimineringsombodet og Diskrimineringsnemnda (diskrimineringsombodslova) i kraft. Lova bidreg til å styrke Likestillings- og diskrimineringsombodet som pådrivar, samstundes som handheving av diskrimineringslovgjevinga blir meir effektiv ved opprettinga av Diskrimineringsnemnda.

Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) skal arbeide for å fremje likestilling og hindre diskriminering på alle samfunnsområde på grunn av kjønn. Alle kan ta kontakt med Ombodet for rettleiing om likestillings- og diskrimineringslovgjevinga. Ombodet fører tilsyn med at styresmaktene følgjer FN-konvensjonane om grunnleggjande menneskerettar. Diskrimineringsnemnda handsamer klager om brot på lova. Nemnda kan ilegge oppreising i saker på arbeidslivets område. Nemnda kan også gjere vedtak om erstatning i enkle sakstilhøve.

Den 1. januar 2020 trer ei ny lovendring i kraft. Lovendringa gir Diskrimineringsnemnda mynde til å handsame saker om seksuell trakassering. Desse sakene har til nå blitt behandla ved domstolane. Lovendringa  bidreg samstundes til å styrke Likestillings- og diskrimineringsombodet sitt rettleiings- og hjelpetilbod til personar som har vore utsette for seksuell trakassering.

Likestilling i praksis - like moglegheiter for kvinner og menn

Meld. St. 7 (2015-2016) Likestilling i praksis - Like muligheter for kvinner og menn

Meldinga handlar om likestilling mellom kvinner og menn. Regjeringa ønskjer ein likestillingspolitikk som fjernar hindringar for kvinner og menn sin valfridom. Kvinner og menn skal ha like moglegheiter og rettar, og samfunnet skal leggast til rette for at både gutar og jenter, kvinner og menn kan ta i bruk moglegheitene sine.

Meldinga drøftar likestillingsutfordringar på sentrale område som oppvekst og utdanning, arbeidsliv, vern mot vald og overgrep, næringsliv, helse og Noregs internasjonale arbeid med likestilling.

Likestillingsministeren holdar kvart år ei utgreiing for Stortinget om status i arbeidet med å fremje likestilling og mangfald i alle sektorar.

Likestillingspolitiske utgreiingar:

Likestillingsintegrering

Ein sentral strategi i likestillingspolitikken er å integrere likestillingsperspektivet i all politikkutforming både på sentralt, regionalt og lokalt nivå. For styresmaktene sitt arbeid gjeld strategien om sektoransvar for likestilling. Det betyr at kvart departement har ansvar for likestilling innan sine felt. Kulturdepartementet har samstundes eit koordineringsansvar for likestillingspolitikken.

Sentrale verkemiddel i arbeidet for likestillingsintegrering er aktivitets- og rapporteringspliktene i likestillings- og diskrimineringslovene og utgreiingsinstruksen.

Aktivitets- og forklaringsplikta

Den 1. januar 2020 trer ei ny lovendring om aktivitets- og forklaringsplikta i kraft. Dette inneber at aktivitets- og forklaringsplikta blir styrkt.

Offentlege styresmakter har, som i dag, ei plikt til å jobba aktivt for å fremje likestilling på alle samfunnsområde. I tillegg får offentlege styresmakter, i rolla som styresmaktsutøvarar og tenesteytarar, ei forklaringsplikt.

Arbeidsgivarar skal framleis arbeida aktivt, målretta og planmessig for likestilling i eiga verksemd. Arbeidsgivarar i offentlege verksemder, og arbeidsgivarar i private verksemder som har meir enn 50 tilsette, skal jobba etter ein konkret arbeidsmetode (konkretisert aktivitetsplikt). Det same gjeld arbeidsgivarar i private verksemder med mellom 20 og 50 tilsette når ein av partane til arbeidslivet i verksemda krev det. Frå 1. januar 2020 får desse arbeidsgivarane òg ei plikt til å gjennomføra lønnskartlegging fordelt på kjønn, og ei plikt til å kartlegga bruken av ufrivillig deltidsarbeid. Arbeidet skal skje i samarbeid med dei tilsette. Arbeidsgivarar som har ei konkretisert aktivitetsplikt har òg ei plikt til å gjera greie for likestillingsarbeidet sitt. Arbeidsgivarar skal gjera greie for den faktiske tilstanden for likestilling i verksemda og kva arbeidsgivar gjer for å oppfylla aktivitetsplikta. Likestillings- og diskrimineringslova pålegg organisasjonane i arbeidslivet òg ei plikt til å arbeida aktivt for likestilling innanfor sine område.

Likestillings- og diskrimineringslova har ei eiga føresegn som viser reglar om aktivitetsplikta når det gjeld trakassering og seksuell trakassering. Arbeidsgivarar, organisasjonar og utdanningsinstitusjonar skal innanfor sitt ansvarsområde søka å hindra trakassering og seksuell trakassering.

Til toppen