Overordna mål for justis- og beredskapssektoren

Regjeringa arbeider for sterke og trygge lokalsamfunn med gode tenester til innbyggjarane. Tenestene i justis- og beredskapssektoren skal ha ein desentralisert struktur som gir arbeidsplassar og beredskap i heile landet.

Overordna mål for justis- og beredskapssektoren er:

Tenestene i justis- og beredskapssektoren skal ha ein desentralisert struktur som gir arbeidsplassar og beredskap i heile landet.

Rettstryggleik inneber at befolkninga i Noreg er trygge på at alle rettsforhold mellom offentlege styresmakter og den enkelte er føreseielege og forholdsmessige. Avgjerder og inngrep overfor den enkelte er baserte på lover og reglar, og det er openheit rundt avgjerder slik at dei kan kontrollerast. Styresmaktene opptrer upartisk, og reglar for saksbehandling blir følgde. Alle har reelt høve til å forsvare interessene sine overfor styresmaktene og kvarandre.

Tryggleik i samfunnet inneber at dei nasjonale tryggingsinteressene til Noreg er sikra. Samfunnet skal være verna mot hendingar som set liv og helse i fare, og som truar grunnleggjande verdiar og viktige samfunnsfunksjonar. Det skal være trygt å bu og ferdast i heile Noreg.

Eit godt og tilgjengeleg lovverk er eit lovverk som både varetek viktige prinsipp i ein rettsstat – som rettstryggleik og respekt for grunnleggjande rettar – og som bidrar til å fremme måla bak dei enkelte delane av lovverket. Eit godt og tilgjengeleg lovverk skal vere enkelt å finne fram til, gi uttrykk for rettar og plikter på ein klar måte og fremme føreseielege løysingar. Det skal bidra til vekst og verdiskaping for befolkninga og næringslivet, og til at offentlege organ effektivt kan utøve myndigheit og yte tenester på ein god og framtidsretta måte.

Innvandringa til Noreg blir regulert i samsvar med internasjonale forpliktingar og i tråd med samfunnsbehovet. Det blir lagt til rette for lovlege rørsler over landegrensene, medrekna ønskt arbeidsinnvandring. Noreg varetek rettstryggleiken til utlendingar og den enkelte sitt behov for vern, samstundes som tryggleiken i landet blir bevart.

Låg kriminalitet betyr at det i Noreg i liten grad førekjem kriminelle handlingar, og at det førekjem få alvorlege lovbrot. Ein viktig føresetnad for låg kriminalitet er at lovbrot ikkje blir gjentekne.

Med godt forvalta polarområde meiner ein at polarområda skal forvaltast slik at samordning og styring byggjer opp under dei overordna måla for Svalbard og andre polare strøk. Desse omhandlar bl.a. å bevare ro og stabilitet, å bevare natur og å halde oppe eksisterande norske samfunn i desse områda.