Offentleglova

Det mest sentrale føremålet med offentleglova er å styrkje retten til innsyn i saksdokument i forvaltninga.

Det mest sentrale føremålet med offentleglova er å styrkje retten til innsyn i saksdokument i forvaltninga.

Den nye offentleglova tok til å gjelde 1. januar 2009. Det mest sentrale føremålet med den lova er å styrkje retten til innsyn i saksdokument i forvaltninga. Justisdepartementet har utarbeidd ein rettleiar til lova.

Last ned rettleiaren i pdf-format her.
Opne rettleiar i pdf-format

Hovuddelen av rettleiaren omhandlar unntaksføresegnene i lova, då desse utgjer det området som har skapt dei fleste problema i praksis, og truleg vil gjere det også i framtida. Rettleiaren omhandlar òg reglane i offentlegforskrifta.

Frå 1. januar 2009 har offentleglova gjeldt for alle dokument hos alle organ som er omfatta av lova, dersom det ikkje unntaksvis er gitt særlege reglar som fastset andre løysingar. Det vil seie at hovudregelen er at innsyn i alle dokument skal vurderast ut frå reglane i den nye lova, utan omsyn til kor gamalt dokumentet er.

Kursopplegg frå Lovavdelinga

 

Kursopplegg – generelt stoff:

 

Heildags kursopplegg:

 

Heildags kursopplegg der § 16 blir lite omtala:

 

Tilpassa komplett kursopplegg for heil dag:

 

Kursopplegg § 2 (verkeområde) og § 16 (interne dokument i kommunane):

 

Halvdags kursopplegg for departementene og underliggende virksomheter: