Førebygging av kriminalitet

Sju departement står bak «Handlingsplan for forebygging av kriminalitet (2013‒2016)». Handlingsplanen legg vekt på førebygging av kriminalitet utført av barn og unge.

Handlingsplan for forebygging av kriminalitet (2013–2016)Målet er å hindre at barn og unge
utviklar negativ åtferd og utfører lovbrot. Når lovbrot allereie er utførte, er
målet å hindre at det skjer igjen.

Handlingsplanen er utarbeidd av Justis- og beredskapsdepartementet i samarbeid med seks andre departement. Han [KA1] inneheld 31 tiltak, blant anna styrking av politiråda i kommunane, auka kunnskap om førebygging og betre oppfølging av unge lovbrytarar. Han [KA2] inneheld også tiltak på rusfeltet, innsats mot mobbing, tiltak for å sikre gjennomføring av vidaregåande skule og oppfølging av unge i overgangen mellom utdanning og arbeid.

Handlingsplanen er ikkje eit statisk dokument, men eit levande arbeidsverktøy, der tiltaka kan utviklast også undervegs i planperioden. For å følgje arbeidet med handlingsplanen vil det bli utarbeidt og publisert årlege rapportar om status for tiltaka i planen.

Handlingsplan for forebygging av kriminalitet (pdf)