Økonomisk kriminalitet

Økonomisk kriminalitet er profittmotiverte, lovstridige handlingar som skjer innanfor eller med utspring i ein økonomisk aktivitet som i seg sjølv er – eller utgir seg for å vere – lovleg.

Økonomisk kriminalitet er profittmotiverte lovstridige handlingar som skjer innanfor eller med utspring i ein økonomisk aktivitet som i seg sjølv er – eller gir seg ut seg for å vere – lovleg.

Den økonomiske kriminaliteten stiller samfunnet overfor store utfordringar og er ein vedvarande trussel mot grunnleggjande verdiar som den norske velferdsstaten er tufta på. Det hender at økonomisk kriminalitet rammar enkeltindivid direkte, men oftast er det selskapsinteresser eller ideelle eller offentlege interesser – det vil seie oss alle – som blir skadelidande.

Eksempel på økonomisk kriminalitet er skatte- og avgiftsunndragingar, brot på konkurranselovgivinga, korrupsjon, konkurskriminalitet, økonomisk utruskap, bedrageri og underslag, brot på rekneskapsføresegner, piratkopiering, misbruk av offentlege stønadsordningar, fiskerikriminalitet, innsidehandel og kursmanipulasjon. Ved alvorleg profittmotivert kriminalitet vil det som regel oppstå behov for kvitvasking av utbyttet. Derfor blir slike handlingar vanlegvis rekna som ei eiga form for økonomisk kriminalitet.

Korrupsjon

Med korrupsjon blir det vanlegvis sikta til å gi eller ta imot smørjing for å påverke ei avgjerd eller handling. Korrupsjon utgjer ein trussel mot rettsstaten, demokratiet, menneskerettane og sosial rettferd, og kan også hindre økonomisk utvikling og verke konkurransevridande.

Kvitvasking

Kvitvasking er handlingar som er eigna til å skjule det ulovlege opphavet til pengar eller anna som er – eller stammar frå – utbytte av straffbare handlingar. Resultatet av det som blir oppfatta som ein vellukka kvitvaskingsprosess, er at utbytte i form av til dømes pengar, kan bli brukt utan at det vekkjer mistanke.

Ein effektiv kamp mot kvitvasking kan hjelpe til å førebyggje profittmotivert kriminalitet: Di vanskelegare det blir å kvitvaske eit utbytte, di mindre attraktivt blir det å drive med denne typen kriminalitet.