Internasjonalt samarbeid om kriminalomsorg

Noreg har eit omfattande internasjonalt samarbeid på området kriminalomsorg gjennom EØS-midlane («Norway Grants»). EØS-finansieringsordninga hjelper til å styrkje kriminalomsorga i fleire europeiske land som Polen, Latvia, Litauen, Romania, Tsjekkia og Bulgaria.

Fleire av dei landa det er etablert samarbeidsprosjekt i, har mange borgarar som sonar straff i norske fengsel. Fleire av dei er aktuelle for soningsoverføring. 

Aktualitet og målsetjing

Dei siste åra har det vorte stadig fleire utanlandske innsette i norske fengsel. I 2015 var om lag 34 prosent av dei innsette utanlandske statsborgarar. Det er ei utfordring for kriminalomsorga å leggje innhaldet i soninga til rette for denne gruppa innsette. Dei fleste utanlandske innsette skal utvisast frå Noreg når dei har sona ferdig og skal ikkje tilbakeførast til det norske samfunnet. 

Formålet med soningsoverføring til heimlandet er resosialisering. Den innsette bør gjennomføre straffa i det landet han eller ho skal tilbakeførast til. Det er derfor eit mål for regjeringa at flest mogeleg utanlandske innsette blir overførte til soning i heimlandet. 

EØS-finansieringsordninga hjelper til å styrkje kriminalomsorga i viktige samarbeidsland på fleire område. Det er sett i verk prosjekt for å auke kompetansen på fengselspersonalet, for å betre innhaldet i fengselsstraffa og for å utvikle alternative straffereaksjonar. Utvikling av alternative straffereaksjonar er eit svært sentralt område sidan mange av dei viktigaste samarbeidslanda har store kapasitetsproblem og mangel på fengselsplassar. 

Prosjekt knytte til EØS-finansieringsordninga støttar opp om arbeidet med soningsoverføringar ved å leggje grunnlaget for eit tettare samarbeid med aktuelle land. Det er blant anna etablert eit samarbeidsprosjekt mellom rumenske og norske styresmakter. Våren 2014 vart det laga ei handbok for overføring av innsette mellom Romania og Noreg. Handboka er meint som eit verktøy for dei som arbeider med soningsoverføring. I 2015 vart det dessutan gjennomført to seminar for dommarar i Romania. 

Regelverk og samarbeid

Det er inngått bilaterale avtalar med Romania, Litauen og Latvia etter mønster av EUs rammeavgjerd. Dette inneber enklare saksbehandlingsprosedyrar i forhold til reglane etter den europeiske overføringskonvensjonen. Det vil bli arbeida med å knytte Noreg til EUs rammeavgjerd om soningsoverføring. 

Sjølv om eit mindretal utanlandske innsette kvalifiserer til soningsoverføring etter dagens regelverk, er det viktig å få overført dei innsette som sonar dei lengste dommane. Prosjekt knytte til kriminalomsorga i viktige samarbeidsland er eit verkemiddel som gjer fleire land i stand til å  ta imot eigne borgarar for vidare soning.