Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Fôrressursar

Laksen er det husdyret som utnyttar fôret mest effektivt. I dag blir det brukt 1,15 kg fôr til å produsere 1 kg laks. Sjølv om innhaldet av marint omega-3 i oppdrettslaks har minka som følgje av auka bruk av vegetabilske råvarer i fôret, er laksen framleis ei svært god kjelde til desse sunne feittsyrene.

Tradisjonelt har fiskemjøl og fiskeolje vore dei viktigaste komponentane i fiskefôret, men i dei seinare åra har bruken av vegetabilske råvarer auka. Om lag 70% av ingrediensane i fôret er no vegetabilske, medan resten kjem frå marine råvarer. Fiskemjøl og fiskeolje har tradisjonelt vore produsert av såkalla industrifisk, dvs. fisk som i liten grad blir brukt til menneskeføde. Den globale produksjon av fiskemjøl og fiskeolje har vore tilnærma konstant dei siste 40 åra. I dei seinare åra har avskjer og biprodukt frå fiskeria vorte ei viktig kjelde til fôrråvarer.

Styresmaktene stiller krav som sikrar god fôrkvalitet, sikrar at fisken ikkje tar skade av fôret og at menneska som et fisken ikkje tar skade av han. Krava er felles i heile EU/EØS. Mattilsynet kontrollerer at bedrifter som produserer fiskefôr følgjer regelverket. I tillegg har vi eit nasjonalt overvakingsprogram for framandstoff i fiskefôr. Dette viser at fiskefôret er trygt for fisken og gir trygg og sunn mat til forbrukaren. Mattilsynet har meir informasjon om dette.

 

Til toppen