Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Utslepp frå oppdrettsanlegg

Generelt sett er vasskvaliteten langs norskekysten god. Alle oppdrettsanlegg har utsleppsløyve frå miljøvernstyresmaktene som set grenser for kor mykje fisk dei kan ha i anlegget. Det blir tatt regelmessige prøver under og rundt anlegga for å overvake miljøtilstanden. Utslepp av næringssalt og organisk materiale frå oppdrett er eit lite miljøproblem i Noreg.

Den lange kystlinja og utstrekt bruk av oppdrettslokalitetar med stor utskifting av vatn medverkar til den gode vasskvaliteten. I mange regionar blir det drive oppdrett i heller djupe fjordar og på kystavsnitt med gode resipienttilhøve der bereevna er høg og dei sjølvreinsande eigenskapane er nokså gode.

Den naturlege konsentrasjonen i kyststraumen står for om lag 95 prosent av den totale mengda av fosfor og nitrogen i kystområda. Oppdrettsnæringa er den dominerande enkeltkjelda til dei siste 5 prosentane.  Det er difor krav om jamnleg miljøovervaking under og rundt oppdrettsanlegga. Overvakinga gjerast av kompetent organ og i tråd med fastsette nasjonale standardar (MOM-B og MOM-C).

Fiskeridirektoratet set saman og offentleggjer undersøkingane. 

Det har vore ulike meiningar i fagmiljøa om oppdrett er årsak til overgjødsling (eutrofiering) i kystområda. Fiskeri- og kystdepartementet sette difor ned ei ekspertgruppe i 2011, i samråd med Miljøverndepartementet. Gruppa fekk i oppgåve å vurdere graden av eutrofiering i kystområda, med spesiell vekt på område med høg oppdrettsaktivitet, som Boknafjorden og Hardangerfjorden.

Ekspertgruppa fann ikkje målbare endrindringar i næringssaltkonsentrasjonane regionalt og konkluderte med at konsentrasjonane av næringssalt både i Hardangerfjorden og i Boknafjorden ligg innanfor det ein vil kalle ein god til svært god status (basert på kriterium frå Klima- og forureiningsdirektoratet) i dei vassmassane som er vurderte.

Til toppen