Fiskerisamarbeidet med EU og Storbritannia

Noreg har god dialog med EU og Storbritannia om fiskerisamarbeidet i Nordsjøen. Dei tre partane samarbeider om forvaltninga av felles bestandar i Nordsjøen. . Fellesbestandane som til og med 2020 blei forvalta av Noreg og EU, er no trilaterale spørsmål som Noreg, EU og Storbritannia må samarbeide om.

Fleire av bestandane i Nordsjøen vandrar mellom fiskerisoner i Noreg, EU og Storbritannia. Bestandar som tidlegare vart forvalta i fellesskap mellom EU og Noreg, har sidan Storbritannia gjekk ut av EU blitt forvalta mellom Noreg, EU og Storbritannia.

Den bilaterale fiskeriavtalen mellom Noreg og EU

Noreg og EU har sidan 1978 inngått årlege kvoteavtalar om Noreg og EU sitt fiske i Nordsjøen, Noreg sitt fiske vestom Irland og EU sitt fiske i Noreg si økonomiske sone i Barentshavet. Noreg blir òg tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Dei årlege kvoteavtalane har grunnlag i ein bilateral rammeavale som tredde i kraft i 1980. Avtalen inneheld føresegner om samarbeid om forvalting av felles fiskebestandar og gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone. Partane har såleis i mange år hatt eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen, men dette ansvaret ligg no, som tidlegare nemnt, på tre partar, inklusive Storbritannia.

Eit viktig element i kvoteavtalen med EU er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vestom Irland. Dette bytet har utspring i ein folkerettsleg plikt, der Noreg skal tilby EU 4,14 % av referansekvota for nordaust-arktisk torsk, mot at EU kompenserer Noreg med tilsvarande fiskekvotar i eigne farvatn. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane. Nivået og omfanget av kvotebytet har tradisjonelt sett vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået er òg avhengig av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Dei siste åra har karakteren på bytet endra seg noko, ettersom dei kvotane Noreg bytta til seg frå EU blei fiska i det som no er britiske jurisdiksjonsområder.

Bilateral avtale mellom Noreg og Storbritannia

Noreg og Storbritannia inngjekk i 2020 ei overordna rammeavtale om fiskerisamarbeid. Avtalen legg til rette for at partane kan inngå avtalar om sonetilgang og kvotebyte, og vidare inneheld rammeavtalen føresegner om berekraftig ressursutnytting, samarbeid om forsking, kontroll og lisensiering.

Langt på veg deler Noreg og Storbritannia synet på overordna prinsipp for fiskeriforvaltning, som no kjem til uttrykk i den nye rammeavtalen. Etter at Storbritannia tredde ut av EU i 2021, er landet ein kyststat for bestandar som er delt mellom Noreg, Storbritannia og andre kyststatar i Nordaust-Atlanteren. Tradisjonelt har tilgang til å fiske i britiske jurisdiksjonsområder vore viktig for Noreg, og i dei årlege kvoteavtalane mellom Noreg og Storbritannia har dette blitt reflektert.

Vi har òg tidlegare samarbeidd om kontroll av norske og britiske fartøy som fiskar i statanes respektive jurisdiksjonsområder, og dette samarbeidet er vidareført etter brexit.

 

Svensk fiske i Norges økonomiske sone (NØS)

Da norsk fiskerijurisdiksjon blei utvida i 1977, fekk dette betydning for svenske fiskarar som hadde hatt eit tradisjonelt fiske i Nordsjøen i områder som etter 1977 blei omfatta av Noregs økonomiske sone. Desse fiskarane hadde få moglegheiter til alternativt driftsgrunnlag langs svenskekysten. Dette var bakgrunnen for at Noreg tilbydde Sverige ei såkalla nabolandsavtale om fiskeriar, som sikra svenske fiskarar rett til å halde fram med fisket i norsk sone i Nordsjøen. Svenske fiskarar blir tildelt kvoter på torsk, hyse, kvitting, lyr, sei, sild, makrell, reker og industrifisk.