Kommisjonen for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis

Det vart i 1982 oppretta ein eigen kommisjon for bevaring av dei levande marine ressursane i Antarktis. Kommisjonsområdet dekker det meste av Sørishavet, og CCAMLR, som denne forvaltningsorganisasjonen blir kalla (Commission for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources), ligg i front når det gjeld forvaltningsrutinar basert på økosystemforvaltning og tiltak for å nedkjempe ulovleg og uregulert fiske.

Noreg fastsette i 1998 ei eiga forskrift om regulering av fiske med norske fartøy i dette området, og eit fåtal norske fartøy har løyve frå Fiskeridirektoratet til å fiske her. Hovudsakleg gjeld det fiske etter krill og patagonsk tannfisk.

Svartelister og overvaking

Kommisjonen har gjort ein stor innsats for å hindre ulovlege og uregulerte fiske etter patagonsk tannfisk og har sett i verk ei rekke tiltak. Det gjeld mellom anna eit system for svartelisting av fartøy frå både medlemmer og ikkje-medlemmer av CCAMLR som har deltatt i uregulert fiske. Kommisjonen har også fått på plass eit system for fangstdokumentasjon for å overvake internasjonal handel med patagonsk tannfisk, og tiltak som kan godtgjere at fisken er tatt i samsvar med regelverket. Norge sette i verk dette systemet i 2000.

Årlege kvotar

CCAMLR-området er delt opp i underområde og kommisjonen vedtar årleg totalkvotar for dei ulike artene i dei ulike underområda, basert på forsking og tilrådingar frå ein eigen vitskapskomité. Det kan på vitskapleg grunnlag fastsetjast forbod mot å fiske på enkelte fiskeslag innan eitt eller fleire underområde.

Sekretariatet og hovudkvarteret til kommisjonen ligg i Hobart på Tasmania i Australia, og dei årlege kommisjonsmøta blir haldne her. Utanriksdepartementet leiar den norske delegasjonen til desse årsmøta. CCAMLR er oppretta med basis i ein internasjonal konvensjonen med same namn av 20. mai 1980.