Fôrressursar

Laksen er det husdyret som utnyttar fôret mest effektivt. I dag blir det brukt 1,15 kg fôr til å produsere 1 kg laks. Sjølv om innhaldet av marint omega-3 i oppdrettslaks har minka som følgje av auka bruk av vegetabilske råvarer i fôret, er laksen framleis ei svært god kjelde til desse sunne feittsyrene.

Laksen er det husdyret som utnyttar fôret mest effektivt. I dag blir det brukt 1,15 kg fôr til å produsere 1 kg laks. Sjølv om innhaldet av marint omega-3 i oppdrettslaks har minka som følgje av auka bruk av vegetabilske råvarer i fôret, er laksen framleis ei svært god kjelde til desse sunne feittsyrene.

Norsk oppdrettslaks et tørrfôr som består av protein, feitt, karbohydrat, vitamin, mineral og pigment. Tradisjonelt har fiskemjøl og fiskeolje vore dei viktigaste komponentane i fiskefôret, men i dei seinare åra har bruken av vegetabilske råvarer auka. Om lag halvparten av ingrediensane i fôret er no vegetabilske, medan resten kjem frå marine råvarer. Fiskemjøl og fiskeolje har tradisjonelt vore produsert av såkalla industrifisk, dvs. fisk som i liten grad blir brukt til menneskeføde. Den globale produksjon av fiskemjøl og fiskeolje har vore tilnærma konstant dei siste 30 åra. I dei seinare åra har avskjer og biprodukt frå fiskeria og fiskeforedlingsbedriftene vorte ei viktig kjelde til marine fôrråvarer.

Det er eit internasjonalt godkjendt prinsipp at det skal vere forbod mot resirkulering av same art, det vil seie kanibalisme. Dette er tatt godt vare på i produksjonen av fiskefôr, og alt fiskemjøl og all fiskeolje som blir nytta i produksjonen av fôr til laks og aure stammar frå kvitfisk.

Etter utbrotet av bovin spongiform encefalopati (BSE, eller kugalskap) i Europa, vart all bruk av kjøt og beinmjøl frå drøvtyggarar og einmaga dyr i dyrefôr, forbode. Det er no vitskapleg dokumentert at bruken av protein frå einmaga dyr som gris og fjørfe ikkje representerer nokon fare for å overføre slike sjukdommar. Det har også kome analysemetodar som kan avgjere om proteina i ei fôrblanding stammar frå drøvtyggarar eller ikkje, og EU har no opna for at protein frå einmaga dyr kan nyttast i fiskefôr etter ei behandling i forkant.

Styresmaktene stiller krav som sikrar god fôrkvalitet, sikrar at fisken ikkje tar skade av fôret og at menneska som et fisken ikkje tar skade av han. Krava er felles i heile EU/EØS. Mattilsynet kontrollerer at bedrifter som produserer fiskefôr følgjer regelverket. I tillegg har vi eit nasjonalt overvakingsprogram for framandstoff i fiskefôr. Dette viser at fiskefôret er trygt for fisken og gir trygg og sunn mat til forbrukaren. Både Mattilsynet og NIFES har meir informasjon om dette.

Det er viktig at fisk som blir brukt i fôr kjem frå godt forvalta bestandar, og dermed ikkje medverkar til å utarme marine ressursar. Noreg er ein aktiv pådrivar for å nedkjempe UUU-fiske (ulovleg, urapportert og uregulert fiske) internasjonalt. I FAO – FNs matvareorganisasjon – har vi fått gjennomslag for ein global avtale om hamnestatskontroll (2009), og FAO har etter norsk initiativ utvikla og vedtatt internasjonale retningslinjer for å redusere utkast og bifangst (2011). FAO sine retningslinjer for ansvarleg fiske (Code of Conduct for Responsible Fisheries) er ein etablert, global standard for god forvaltning som kan nyttast for å vurdere om eit fiskeri er berekraftig forvalta.