Rømming

Rømt oppdrettslaks kan krysse seg med villaks i elvane om hausten. Dette kan svekke villaksen. Steril oppdrettslaks vil ikkje kunne krysse seg med villaks. Forsøk med steril oppdrettslaks er i gang, men det står enno att enkelte utfordringar som gjeld helsa til fisken, før styresmaktene vil pålegge bruk av steril oppdrettslaks. Talet på rømmingar går stadig nedover. Talet på laks som rømmer varierer frå år til år. Det viktigaste er å forebygge rømming gjennom strenge krav til teknisk utforming av oppdrettanlegga, og gode driftsrutiner.

Oppdrettarane er pålagt å melde frå til Fiskeridirektoratet så snart dei har mistanke om rømming. Dei er også pålagt å sette i verk gjenfangsttiltak. Det er straffbart å la vere å melde frå. Fiskeridirektoratet legg all informasjon ut på nettsidene sine. Her er melding om rømming og rømmingsstatistikkar for fleire år tilbake.

Sidan dei særskilte krava til utforming av flytande oppdrettsanlegg (NS 9415) kom, har havari/utstyrssvikt blitt meir og meir sjeldan. Det har hittil ikkje vore tilsvarande krav til landbaserte (settefisk)anlegg. Men no er det laga krav til utforming av slike anlegg (NS9416). Det kan danne grunnlag for tilsvarande forskriftskrav som for flytande anlegg.

Til å støtte Fiskeridirektoratet er det ein teknisk rømmingskommisjon der medlemmane har spesiell kompetanse til å undersøke og analysere rømmingshendingar for å ta lærdom av dei. Styresmaktene har dei siste åra styrka tilsynsverksemda vesentleg for å førebygge rømming.

Oppdrettslaksen kan allereie i dag merkast slik at det er enklere å skille han frå villaks. Slik merking må ikkje gje oppdrettsfisken unødige plager. Styresmaktene ønskjer å vente med å pålegge merking av oppdrettslaks til vi har merkesystem som også kan fortelje kva oppdrettsanlegg fisken kjem frå, slik at kjelda til rømminga kan avdekkast.