Utslepp frå oppdrettsanlegg

Generelt sett er vasskvaliteten langs norskekysten god. Alle oppdrettsanlegg har utsleppsløyve frå miljøvernstyresmaktene som set grenser for kor mykje fisk dei kan ha i anlegget. Det blir tatt regelmessige prøver under og rundt anlegga for å overvake miljøtilstanden. Utslepp av næringssalt og organisk materiale frå oppdrett er eit lite miljøproblem i Noreg.

Den lange kystlinja og utstrekt bruk av oppdrettslokalitetar med stor utskifting av vatn medverkar til den gode vasskvaliteten. I mange regionar blir det drive oppdrett i heller djupe fjordar og på kystavsnitt med gode resipienttilhøve der bereevna er høg og dei sjølvreinsande eigenskapane er nokså gode.

Den naturlege konsentrasjonen i kyststraumen står for om lag 95 prosent av den totale mengda av fosfor og nitrogen i kystområda. Oppdrettsnæringa er den dominerande enkeltkjelda til dei siste 5 prosentane.  Det er difor krav om jamnleg miljøovervaking under og rundt oppdrettsanlegga. Overvakinga gjerast av kompetent organ og i tråd med fastsette nasjonale standardar (MOM-B og MOM-C).

Fiskeridirektoratet set saman og offentleggjer undersøkingane

Det har vore ulike meiningar i fagmiljøa om oppdrett er årsak til overgjødsling (eutrofiering) i kystområda. Fiskeri- og kystdepartementet sette difor ned ei ekspertgruppe i 2011, i samråd med Miljøverndepartementet. Gruppa fekk i oppgåve å vurdere graden av eutrofiering i kystområda, med spesiell vekt på område med høg oppdrettsaktivitet, som Boknafjorden og Hardangerfjorden.

Ekspertgruppa fann ikkje målbare endrindringar i næringssaltkonsentrasjonane regionalt og konkluderte med at konsentrasjonane av næringssalt både i Hardangerfjorden og i Boknafjorden ligg innanfor det ein vil kalle ein god til svært god status (basert på kriterium frå Klima- og forureiningsdirektoratet) i dei vassmassane som er vurderte.

Miljødirektoratet