Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Fiskerisamarbeidet med Russland

Bestandane av nordaust-arktisk torsk, nordaust-arktisk hyse og lodde i Barentshavet blir forvalta som fellesbestandar av Noreg og Russland. Dette krev eit nært samarbeid som sikrar ei rasjonell ressursforvaltning. Samarbeidet gjeld økonomisk viktige ressursar, til dømes er førstehandsverdien av torske- og hysekvotane godt over 10 milliardar kroner.

Noreg og Russland har samarbeidd om fiskeriforsking sidan tidleg på 1900-talet, og på 1950-talet vart samarbeidet meir organisert. I åra som har gått er det utvikla eit omfattande og godt fiskerisamarbeid. I internasjonal samanheng står det norsk- russiske samarbeidet om fiskeriforvaltninga fram som svært vellukka. Det byggjer på eit breidt avtaleverk og er formalisert gjennom to avtalar underskrivne i 1975 og 1976. Dei to avtalane er gjensidige og balanserte avtalar om regulering av felles fiskebestandar og byte av kvotar på nasjonale bestandar.

Kommisjonen fastset kvotane

Den blanda norsk-russisk fiskerikommisjonen møtest årleg og fastset totalkvotar og fordeler kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Dei avtalar også gjensidig fiske i kvarandre sine soner og byter kvotar innanfor både fellesbestandar og nasjonale bestandar. Totalkvotane som Noreg og Russland fastset i Fiskerikommisjonen er baserte på tilrådingar frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES), der både norske og russiske forskarar er med.

Noreg og Russland innleia i 1992 eit utvida samarbeid om forvaltnings- og kontrollspørsmål gjennom Fiskerikommisjonen, og oppretta i 1993 "Det permanente utval for forvaltnings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren". Det er sett i verk ei rekkje konkrete tiltak for å betre kontrollen med ressursane både på sjø og land. Det er innført rutinar for betre samarbeid mellom kystvaktene og kontrollstyresmaktene i dei to landa, medrekna å utveksle informasjon om fangst- og landingsdata og å utveksle landingsinspektørar og kystvaktobservatørar.

Frå møte i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen  i 2012. Protokoll ble undertegna av departementsråd Arne Røksund og nestleiaren for det føderale fiskeribyrået, Vasiliy Sokolov (FKD)
Frå møte i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen i 2012. Protokoll ble undertegna av departementsråd Arne Røksund og nestleiaren for det føderale fiskeribyrået, Vasiliij Sokolov (FKD)

Forvaltningsreglar

Resultata frå det langvarige havforskningssamarbeidet dannar grunnlaget for dei årlege forvaltningsvedtaka, og dei får på den måten avgjerande verdi for forvaltninga av felles fiskebestandar i Barentshavet. Det er særleg viktig å få til ei rasjonell beskatning av torskebestanden. Tidleg på 2000-talet tok vi i bruk ein ny forvaltningsregel for nordaust-arktisk torsk som ikkje berre tek omsyn til torskebestanden,  men som også medverkar til stabile og føreseielege tilhøve for næringa. Gjennom dei årlege kvoteavtalane blir det også fastsett viktige regulerings- og kontrolltiltak som skal sikre ei berekraftig og forsvarleg ressursforvaltning, til dømes kriterium for stenging av område pga. for stor innblanding av ungfisk og bruk av sorteringsrist i trålfisket.

To viktige saker løyste

I seinare år har Noreg og Russland funne løysingar på to av dei viktigaste utfordringane i samarbeidet. Den eine gjeld grensedraginga for dei to landa si jurisdiksjonsutøving i Barentshavet. Vi har sidan 1974 ført forhandlingar om delelinja mellom norsk og russisk kontinentalsokkelområde og økonomiske soner. For å få gjennomførd fisket i det omstridde området vart Noreg og Russland einige om ei mellombels avtale ("Gråsoneavtalen"). Men så kom gjennombrotet i grenseforhandlingane i 2010 og avtalen vart signert av utanriksministrane i Murmansk 15. september 2010.

Den andre sentrale utfordringa som ser ut til å vere løyst er det betydelege urapporterte fisket i Barentshavet, med påfølgjande landingar i tredjeland. Undersøkingar utført av Fiskeridirektoratet i samarbeid med Kystvakta tyder på at så mykje som 100 000 tonn torsk på denne måten vart halden utanfor kvotekontroll kvart av åra 2002, 2003, 2004 og 2005. Norske styresmakter tok ei rekkje initiativ for å redusere problemet. Sidan 2009 viser tala at det ikkje har vore noko overfiske i Barentshavet.

Saman med forvaltningsreglane for bestandane og gunstige naturlege føresetnader, har denne reduksjonen i urapportert fiske gjort at dei bestandane vi deler med russarane i dette området no er i svært god stand.

Til toppen