Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Kvalfangst

Som ein del av dei norske fangsttradisjonane driv Noreg i dag fangst av vågekval. Etter eit opphald på fem år tok vi opp att fangsten av vågekval i 1993. I Noreg har kvalfangsten alltid vore driven i kombinasjon med fiskeri.

Eit bilete av ein vågekval under vatn
Eit bilete av ein vågekval under vatn Foto: NFD

Den norske kvalfangsten byggjer på prinsippet om vern og berekraftig hausting av ressursane i havet. Forvaltninga er basert på vitskaplege råd, og siktemålet er i større grad å leggje økosystemtilnærming til grunn for forvaltninga.

Kvotane blir fastsette på grunnlag av prosedyrar som er utvikla av vitskapskomiteen i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC). Dette kvotefastsettingssystemet er robust og sikrar bærekraftige kvoter. Noreg har med andre ord IWCs vitenskapskomite i ryggen også når vi fastset kvota. Noreg er langt fremme når det gjeld effektive fangstmetodar og dyrevelferd. Norske kvalfangarar jakter gjennomgåande kvalen ved å plassere seg der kvalen vandrar eller oppheld seg, og skyt den frå sida. Dette gir størst tryggleik for riktig plassering av granaten. Den siste evalueringa av effektiviteten av avliving i den norske kvalfangsten (2015) viser at norske kvalfangarar fortsatt avlivar svært effektivt, med meir enn 80 prosent umiddelbar tap av bevisstheit eller død. Noreg har heile tia vore eit føregangsland, og metodane i norsk vågekvalfangst i dag er like god, eller betre enn, dei som brukast i storviltjakta på land.

Noreg har valt å legge rådgivinga frå Den Nordatlantiske Sjøpattedyrkommisjon (NAMMCO) til grunn forvaltning på dette området. Noreg oppfyller på denne måten sin internasjonale forplikting til samarbeid og drar nytte av et bredt samansett venskapeleg miljø.

I tråd med kvoteberekningsmodellen skal vågekvalbestanden vurderast på nytt i vitskapskomiteen til IWC kvart sjette år på grunnlag av teljingar som er gjennomførde dei siste seks åra.

Endelege bestandstal med usikkerheit for teljeperioden 2008-2013 vart godkjende av Vitskapskomiteen ved årsmøtet i 2015. Tilpassingar av simuleringsmodellane til  fangstar, bestandstal og biologiske data for å teste forvaltningsstrategiar har teke mykje tid og vart fullført ved årsmøtet i 2017. Med utgangspunkt i den reviderte forvaltningsprosedyren vil vi ha ei gjennomgåande trygg forvalting av vågekvalen. Den neste revurderinga av vågekval i norske område vil starte i 2022.

Dei siste telletokta viser at det finnes omtrent 100.000 dyr i dei norske

Talet på vågekval ved Island og Færøyene, den sentralatlantiske bestanden, er vurdert til å vere 71 000 dyr. 

 

Norsk fangst av vågekval

År 

Talet på kval

Kvote  

2000 

487

655 

2001 

552

549 

2002 

634

674 

2003 

647

711 

2004 

543

670 

2005 

639

797 

2006 

545

1052 

2007 

593

1052 

2008 

535

1052

2009 

483

 885 

2010 

468

1286  

2011 

533

1286 

2012 

465

1286 

2013

594 

1286 

2014

736 

1286 

2015

660

1286

2016

591

880

2017

432

999

 

 

 

 

 

 

Kjelde: Fiskeridirektoratet

Vågekvalfangsten blir driven av fartøy i storleiken 40–80 fot med eit mannskap på 4–8 personar. Fangsten føregår i den norske økonomiske sona, i fiskevernsona ved Svalbard, i fiskerisona ved Jan Mayen og i internasjonalt farvatn (Smotthavet). Fangsten startar i april og sluttar i august/september. Alle fartøy har montert eit elektronisk overvakingssystem (ferdskrivar/"blå boks") som registrerer all fangstaktivitet. I tillegg er det eit korps av inspektørar som ser til at regelverket for fangsten blir halde. Fangarane må ta eit årleg kurs der avliving og sikkerheit står sentralt.

Til toppen