Den nordaust-atlantiske fiskerikommisjonen

Den viktigaste oppgåva til Den nordaust-atlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) er å bidra til å utvikle gode kontrollordningar og fremme ei meir økosystembasert forvaltning av havområda.

NEAFC-konvensjon gjeld for alle fiskeressursar i konvensjonsområdet i Nordaust-Atlanteren, med unntak av sjøpattedyr og langtvandrande artar dersom det finst andre internasjonale avtalar for dei (så som tunfisk).

NEAFC skal i første rekke samordne reguleringa av fiske på bestandar som vandrar mellom dei økonomiske sonene og ope hav. Det gjeld makrell, kolmule, norsk vårgytande sild og uer. Det blir inngått avtalar om desse bestandane mellom kyststatane. Medlemmene i NEAFC er Danmark (på vegne av Færøyane og Grønland), EU, Island, Noreg og Russland. Sekretariatet ligg i London.

Tilpassa internasjonal havrett
Samarbeidet i det nordaustlege Atlanterhavet starta i åra etter andre verdskrigen, og den første kommisjonen vart etablert i 1959. Det hindra likevel ikkje at viktige bestandar som norsk vårgytande sild og nordsjøsild vart sterkt nedfiska. Etter etableringa av dei økonomiske sonene på 200 nautiske mil i 1977, kom eit nytt NEAFC på plass i 1980. FN-avtalen om fiske på det opne havet i 1995 la grunnlag for ei sterk vitalisering av organisasjonen.

NEAFC er tilpassa utviklinga i internasjonal havrett, og Noreg har vore ein viktig pådrivar i dette arbeidet. Det er m.a. innført ei bindande mekanisme for tvisteløysing og mandat til å gjennomføre ei meir heilskapleg og økosystembasert forvaltning av ressursane i konvensjonsområdet. Å beskytt sårbare marine habitat er også eit viktig tema i NEAFC.

Svartelister
I 2005 oppretta NEAFC for første gang ei svarteliste over fartøy som ikkje har rett til å fiske i NEAFC sitt reguleringsområde eller som har motteke fisk frå slike fartøy. Svartelista fartøy får ikkje lov til å gå i hamn eller ta imot service eller forsyningar, byte mannskap og liknande i hamnene til medlemslanda. NEAFC samarbeider om svartelisting med NAFO (Den nordvest-atlantiske fiskeriorganisasjonen), CCAMLR (Kommisjonen for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis) og SEAFO (Den søraust-atlantiske fiskeriorganisasjonen). 
 
Hamnestatskontroll
NEAFC var den første regionale fiskeriforvaltningsorganisasjon som fekk på plass reglar for hamnestatskontroll, noko som har vist seg å vere eit effektivt verkemiddel i kampen mot ulovleg fiske. Det er innført eit omfattande satellittbasert system for sporing av fiskefartøy i internasjonalt farvatn, og det er innført forbod mot utkast av fisk i NEAFC sitt reguleringsområde for dei viktigaste artene. Vedtaket er bindane for alle landa bortsett frå EU som reserverte seg mot vedtaket.