Den nordvest-atlantiske fiskeriorganisasjonen

Hovudmålet til Den nordvest-atlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO) er å sikre ei langsiktig bevaring, utnytting og rasjonell forvaltning av fiskeressursane i havområdet som organisasjonen har ansvaret for i det vestlege Atlanterhavet.

Dette krev internasjonalt samarbeid, og NAFO (Northwest Atlantic Fisheries Organization) vart oppretta i 1979 etter at dei 200 mils økonomiske sonene vart innførde i 1977. NAFO kom i staden for ein tidlegare forvaltningsorganisasjon som var tilpassa dei gamle grensene.

NAFO har 13 medlemsland frå Nord-Amerika, Europa, Asia og Karibia, inkludert EU på vegner av dei 27 medlemslanda. Fire av medlemslanda er kyststatar i konvensjonsområdet: USA, Canada, Frankrike (på vegner av Saint-Pierre og Miquelon) og Danmark (på vegner av Færøyane og Grønland). NAFO-sekretariatet ligg i Halifax i Canada.

Meir effektiv organisasjon

Konvensjonen som NAFO byggjer på omfattar i prinsippet alle bestandar, men med nokre få unntak. For bestandar som vandrar mellom kanadisk sone og NAFO-området skal organisasjonen fastsette reguleringar og kontrolltiltak i samråd med Canada.

Dei seinare åra har NAFO lagt stor vekt på å modernisere organisasjonen og revidere konvensjonsteksten. Den nye konvensjonen har med både føre-var-prinsippet og økosystembasert forvaltning. Det er oppretta ei ordning for tvisteløysing og strukturen i organisasjonen er endra.

Noreg har rettar

Det har vore og er strenge reguleringar i NAFO for mange artar, mellom anna var det i ti år forbod mot torskefiske i eit stort område. Noreg har kvoterettar på lodde, torsk og reker i visse område. Noreg har også hatt rett til å fiske litt blåkveite, men den retten trer ikkje i kraft før totalbestanden kjem over eit visst nivå.

Utvekslar svartelister

NAFO har innarbeidd fiskeriresolusjonen som FN vedtok i 2006 og FAO sine retningslinjer for botnfiske. I dette arbeidet er det fastsett reglar for fiske med botnreiskapar i eksisterande og nye område og sikre at sårbare marine økosystem blir beskytta.

NAFO har innført eit regime for hamnestatskontroll. Det er svært likt tilsvarande regime i Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC), og NAFO og NEAFC har avtalt gjensidig utveksling av svartelister over fartøy som driv ulovleg, uregulert og urapportert fiske. Ved fiske i NAFO-området er hovudregelen krav om 100 pst. satellittsporing og observatørdekning.

Kart forvaltingsområdet fiskeriorganisasjonen (NAFO)
Kart forvaltingsområdet fiskeriorganisasjonen (NAFO)