Forvaltninga av kolmule

Kolmule er ein liten torskefisk som hovudsakleg held til i Nordaust-Atlanteren og i Middelhavet. Kolmule blir forvalta gjennom ein kyststatsavtale mellom Noreg, EU, Færøyane og Island, og er basert på bestandsberekningane og rådgivinga til ICES.

Kolmule er ein liten torskefisk som hovudsakleg held til i Nordaust-Atlanteren og i Middelhavet. Bestanden i Nordaust-Atlanteren blir i forvaltningssamanheng sett på som éin bestand, men består av to hovudkomponentar, ein nordleg med utbreiing i Norskehavet og sørover til sørvest av Irland, og ein sørleg som held til i Biscaya og vidare sørover mot Gibraltar og Nord-Afrika. Kolmule blir forvalta gjennom ein kyststatsavtale mellom Noreg, EU, Færøyane og Island, og er basert på bestandsberekningane og rådgivinga til ICES. Det blir fastsett ein totalkvote for heile utbreiingsområdet til bestanden, inkludert dei økonomiske sonene, som igjen blir fordelt mellom partane med
ei eiga avsetning til NEAFC.

Kolmule

17. desember 2013 blei det vedteke ei forskrift om regulering av fisket etter kolmule i 2014. Forskrifta er førebels og kan bli endra som følgje av at kyststatsforhandlingane og dei bilaterale forhandlingane med EU enno ikkje er fullførte. Førebels totalkvote for norske fartøy er sett til 190 000 tonn, og kan berre takast i norske farvatn og internasjonalt farvatn.