IWC (International Whaling Commission)

Den internasjonale konvensjon for regulering av kvalfangst (ICRW) vart underteikna 2. desember 1946.  Formålet med konvensjonen er å verne kvalbestandar mot overbeskatning og sørgje for ei ordna utvikling av kvalfangstnæringa, basert på vitskapleg grunnlag.

Det er Den internasjonale kvalfangstkommisjon (IWC) som tek seg av oppgåvene til konvensjonen. IWC består av medlemmer frå dei kontraherande partane. Det er no nærare 85 medlemsland i IWC, både kvalfangstnasjonar og nasjonar som aldri har fanga kval.

Kvalfangstkommisjonen har, i strid med det folkerettslege grunnlaget, utvikla seg i retning av ein rein verneorganisasjon som ikkje baserer avgjerdene sine på vitskaplege prinsipp. Eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst (moratorium) vart såleis vedteke i 1982 (med verknad frå sesongen 1986) mot vitskapskomiteen sitt råd. Forbodet skulle vurderast på nytt og om mogleg modifiserast seinast i 1990, men det skjedde ikkje.

I IWC er det er i dag ikke vilje til å røre ved det globale totalforbodet mot det ein omtalar som kommersiell kvalfangst. Dette trass i at IWC sin vitskapskomité, etter ønskje frå Kommisjonen, for lenge sidan har utvikla ein
revidert forvaltningsprosedyre (RMP) som var tenkt å skulle erstatte moratoriet. Ved å bruke RMP vil det berre bli kvotar på dei bestandane som toler fangst. Fleirtalet i IWC ønskjer at RMP skal kompletterast med eit regelverk for kontroll og overvaking av fangsten før moratoriet eventuelt kan opphevast og fangst tillatast.

I 1992 starta ein prosess med å få etablert eit slikt regelverk (revidert forvaltningssystem - RMS) for kommersiell kvalfangst. Det er framleis inga semje om kva regelverket skal innehalde, og prosessen er gått i stå. På årsmøtet i IWC i 2008, IWC60, vart det sett i gang ein prosess med siktemål å normalisere organisasjonen. Prosessen, kalt IWC-future, har til no ikkje gitt resultat som peikar mot ei løysing av den fastlåste situasjonen. På årsmøtet i 2009 vart ein einig om å la prosessen halde fram eit åt til.

Noreg har heile tida lagt stor vekt på forpliktande internasjonalt samarbeid når det gjeld forvaltning av kval, i samsvar med prinsippa i FNs havrettskonvensjon, og vi har valt å arbeide for løysingar innanfor IWC. Sjølv om arbeidet i Kommisjonen ikkje har vore konstruktivt, så har arbeidet i vitskapskomiteen til IWC hatt mykje å seie for at norsk kvalfangst kunne takast opp igjen.