NAMMCO (North Atlantic Marine Mammal Commission)

Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen vart oppretta ved avtalen om samarbeid innan forsking, bevaring og forvaltning av sjøpattedyr i Det nordlege Atlanterhavet av 9. april 1992.

Organisasjonen vaks fram gjennom ein mogningsprosess over fleire år med konferansar om sjøpattedyrforvaltning og ein nordatlantisk komité for sjøpattedyrforsking. NAMMCO-avtalen etablerte eit råd der dei fire partane -Færøyane,

NAMMCO hadde det første møtet sitt i 1992. Det vart oppretta eit sekretariat som fekk sete i Tromsø. Ein vitskapskomité og ein forvaltningskomité er også etablert.

I vitskapskomiteen har kvar av dei fire partane tre medlemmer. Komiteen baserer arbeidet sitt på resultat frå landa sine eigne forskingsorgan og på arbeidet i andre internasjonale forskingsorgan, til dømes Det internasjonale råd for havforsking (ICES) og IWC.

Vitskapskomiteen gir ut ein publikasjonsserie med svært høg kvalitet.
Det var ein motivasjon for skipinga av NAMMCO at IWC ikkje ivaretok dei forvaltningsmessige pliktene sine. NAMMCO sin kompetanse i høve til IWC har ikkje vore problematisk i praksis. NAMMCO har i hovudsak konsentrert seg om småkval, sel og kvalross som alle ligg utanfor IWC sitt kompetanseområde.

Men i nokre tilfelle har NAMMCO også gitt forvaltningsråd om bestandar som IWC forvaltar. NAMMCO har vore meir eit supplement til IWC enn eit alternativ.NAMMCO har utvikla seg til eit kompetent og effektivt organ, og medlemslanda har betra forvaltninga si av fleire sjøpattedyrbestandar gjennom samarbeidet i NAMMCO. I motsetnad til IWC har NAMMCO vedteke eit kontroll- og overvakingsregime som omfattar all fangst av sjøpattedyr, medrekna den tradisjonelle kystfangsten av kval i Noreg,
fangsten ved Island og Færøyane og urfolksfangsten ved Grønland.

Det er ei hovudoppgåve for NAMMCO å setje søkjelyset på korleis sjøpattedyr blir påverka av endringar i det marine miljøet, og korleis interaksjonen er mellom sjøpattedyr og viktige kommersielle fiskebestandar. NAMMCO sitt
arbeid på dette feltet vil vere med på å skape grunnlag for økosystembasert forvaltning av sjøpattedyra i våre område.