Internasjonale avtalar og samarbeid

Noreg er ein handelsnasjon, og i internasjonal målestokk har landet ein liten, open økonomi. Den viktigaste organisasjonen for Noreg i handelssamanheng er Verdens handelsorganisasjon (WTO) som held til i Genève. Denne organisasjonen fastsett regler og retter for handel mellom landa. Særleg for små land er det viktig å ha eit sameint globalt regelverk som skapar føreseielege rammevilkår.

Noreg har også eigne avtalar med andre land. Den viktigaste avtalen er EØS-avtalen. Utover denne avtalen forhandlar Noreg handelsavtalar gjennom EFTA-samarbeidet

I alle desse avtalane står handel med jordbruksprodukt sentralt.

WTO

Verdens handelsorganisasjon (WTO) blei etablert i 1995. 164 land er i dag medlemmar i organisasjonen. WTO syner til at medlemslanda følger rettar og plikter som er bestemt i avtalane. Dei er også ansvarlege for nye globale handelsforhandlingar. 

På jordbruksområdet har ein sidan 2001 forhandla om eit nytt WTO-regelverk knytt til nasjonal landbruksstøtte, tollvern og ekportsubsidiar (Doha-runden). Fleire gonger har ein vore nær ei forhandlingsløysing. Sidan alle medlemsland må vere einige om forhandlingsforslaga har det likevel vore vanskeleg å finne felles løysingar. 

På ministermøte i WTO i Nairobi i 2015 vart ein einige om at alle industriland, inkludert Noreg, må avslutte bruk av eksportsubidiar innan utgongen av 2020. Oppdateringar om det daglege arbeidet og forhandlingane finn ein på WTO sine nettsider.  

EØS-avtalen 

EØS-avtalen blei sett i verk 1. januar 1995. Den generelle landbrukspolitikken er i utgangspunktet ikkje ein del av denne, men avtalen omfattar  likevel særskilde reglar for omarbeida jorbruksvarer. Bearbeida jordbruksprodukt er til dømes yoghurt, sjokolade, bakverk, pizza osb.  Reglane for desse varene er lista opp i protokoll 3 til EØS-avtalen. 

Protokoll 3 omfattar eit regelverk der ein skal utlikne skilnader i råvarepris mellom Noreg og EU. Dette for at næringsmiddelindustrien i Noreg og EU som bruker råvarene som innsatsvarer i sin produksjon, skal kunne konkurrere på like vilkår av omsyn til råvarepris. Ordninga kan ikkje kompensere for andre prisforskjellar enn råvarepris, til dømes på arbeidskraft eller energikostnadar.

For jordbruksprodukt som ikkje er bearbeida, som kjøt, ost, grønsaker og frukt, skal handelen med jordbruksvarer bli gjennomgått annakvart år med tanke på vidare liberalisering (EØS-avtalens artikkel 19). Forhandlingane skal gå føre seg innanfor partanes respektive landbrukspolitikk og vere gunstige for begge partar.

Etter at Noreg implementerte EØS-avtalen er det inngått tre artikkel-19 avtalar mellom Noreg og EU. Dei siste forhandlingane vart avslutta i april 2017, og sett i verk  1. oktober 2018. 

EFTAs handelsavtaler

EFTA-landa Noreg, Sveits, Island og Liechtenstein har i dag 27 handelsavtalar med 38 land. Gjennom desse avtalane og EØS-avtalen er svært mykje av Noregs handel omfatta. 

Opphavleg forhandla EFTA-landa avtalar med nye land etter at EU hadde inngått ein handelsavtale med dette landet. I dei seinare åra har EFTA lagt mindre vekt på dette og har nå inngått avtalar i Asia og Amerika med land der EU ikkje har avtalar. 

I alle avtalane er handel med varer svært viktig. Forhandlingsmotpartane ønsker ofte betydeleg betre høve til å eksportere sine jordbruksprodukt til Noreg. Noreg forsøker å finne balansen mellom open handel og å ivareta omsynet til norsk jordbruksproduksjon. Noreg ber også i avtalane om noko auka muligheter for eksport av jordbruksprodukt. 

Meir informasjon er tilgjengeleg på EFTA si heimeside.

Brexit

23. juni 2016 stemte eit fleirtal av innbyggarane i Storbritannia ja til at landet skulle forlate EU. EU og Storbritannia har sidan forhandla om korleis denne skilsmissa skal skje, men framleis er det mykje som er usikkert. Den norske regjeringa arbeidar for å være best mogleg førebudd. For handel med landbruksvarer vart det difor 2. april 2019 signert ein avtale som sikrar at handelen mellom våre to land kan fortsette på same vilkår som tidlegare, om Storbritannia forlèt EU utan at ein utmeldingsavtale er på plass. Ein kan lese meir om denne avtalen, samt anna arbeid regjeringa gjær rundt Brexit, på UD sine nettsider.