Global matsikkerheit

Matsikkerheit er tilgang til nok, trygg og sunn mat, produsert på ein berekraftig måte. Verdas befolkning vil auke til 9 milliardar menneske i 2050. Mat-produksjonen må difor aukast med 70 prosent innan same tid. Dette er ei stor utfordring fordi vilkåra for jordbruksproduksjon blir endra som følge av klimaendringar og manglande tilgang på jord og vatn i mange område. Landbrukssektoren er avhengig av fungerande økosystem for produksjon av mat.

FAO

FAO er FNs organisasjon for landbruk og mat. Den har eit omfattande mandat, uttrykt i tre hovudmålsettingar:

  1. Utrydde svolt, underernæring og usikker tilgang på mat
  2. Utrydde fattigdom og styrka økonomisk og sosial utvikling for alle
  3. Bærekraftig forvalting av naturressursar for dagens og framtidige generasjonar

FAO er den sentrale kunnskapsorganisasjonen globalt for matsikkerheit, og spelar ei viktig rolle i å utforme politiske tilrådingar og bidra til utvikling av globale retningslinjer for auka matsikkerheit. Noreg er ein betydeleg bidragsytar til FAO og deltar i styringa av organisasjonen i fagkomitear, Rådet og Generalkonferansen.

Bærekraftige matsystem

Regjeringa vil styrke innsatsen for å utrydde svolt, og lanserte i 2019 ein handlingsplan for mat, menneske og miljø. Utfordringane knytt til matsikkerheit er store og samansette.  Matproduksjon heng nært saman med blant anna næringsutvikling,  klima, biologisk mangfald, menneskerettar, styresett, helse og kosthald. Å utrydde svolt er eit av FN sine 17 bærekraftmål. Du kan lese meir om bærekraftmåla på UD sine nettsider.