Inn på tunet – grøn omsorg

Det er til saman 400 godkjende Inn på tunet-garder fordelt på heile landet, som tilbyr tenester knytta opp til garden, livet og arbeidet der.

Deltakarane får tilbod om meiningsfulle, praktiske oppgåver, fysisk aktivitet, stimulerande sanseopplevingar i natur, kontakt med dyr, ekte arbeidsoppgåver, årstidssyklusar, måltid og fellesskap. 

Inn på tunet-tilbodet kan tilpassast alle nivå og aldre, og blir tilbode hovedsaklig innan sektorane oppvekst- og opplæring, arbeid og arbeidstrening, og helse og omsorg (f.eks til personar med funksjonshemming, psykiske helseproblem, rusproblem eller demente personar med behov for dagaktivitetstilbod osv.)