Bruk av tre

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar:

Tre er eit fornybart og klimavennleg råstoff som blir stadig meir etterspurd. Det er eit mål å auke bruken av tre til å erstatte meir klimaskadelege material.

Trevirke på skogbruk.
Tre er eit material med lange tradisjonar og eit breitt bruksområde i blant anna byggenæringa – frå bruer og høghus, til møbel og interiør. Foto: Torbjørn Tandberg

Det vere seg massive limtredragarar i Vikingskipet på Hamar, eller verdens høgaste trehus i Bergen – Noreg ligg langt framme internasjonalt når det gjeld innovativ bruk av tre i bygg.

Auka bruk av tre som byggematerial vil ikkje berre gi verdiskaping i skogindustrien, men og bidra positivt til reduksjon av klimagassutslepp.

Tre er eit fornybart råmaterial, som bind CO2 og krev lite energi å produsere. Det kan erstatte ikkje-fornybare byggematerial som betong, eller material som medfører større klimagassutslepp i produksjon eller ved bruk.

Mange bruksområde

I Noreg blir tre også foredla til blant anna papir og emballasjeprodukt, treplater, bioenergi, biokull og biokjemikalier som etanol, cellulose, bindestoffet lignin og smaksstoffet vanillin. Dette er råstoff som inngår i ei rekke produkt – som batteri, biodrivstoff, betong, tannpasta, kosmetikk, matvarer og klede.

Skogindustrien meir enn tidoblar verdien av tømmerstokken når den blir foredla. Vi utnytter i dag berre ein liten del av potensialet som ligg i trevirket. 

Det foregår mykje forskning på nye og innovative bruksområde for det mange kallar ”den grøne olja” – fordi alt som i dag blir laga av olje vil vi i framtida kunne lage av tre.

Støtte til innovasjon

Innovasjon Noreg og Noregs Forskningsråd forvaltar ei rekke program på vegner av styresmaktene, som skal stimulere til innovasjon og utvikling:

Det viktigaste verkemiddelet for auka bruk av tre som byggematerial er tilskot til innovativ bruk av tre. Visjonen er at Noreg skal vere eit forbilde for verdiskapande foredling og nye bruksområde for trevirke i byggenæringa.

Bioraffineringsprogrammet og BIONÆR-programmet skal bidra til å utvikle nye bruksområde for skogprodukt og trefiber, mens Bioenergiprogrammet skal stimulere bønder og skogeigarar til å produsere, bruke og levere meir bioenergi. 

Det norske selskapet Borregaard i Sarpsborg har eit av dei mest avanserte og berekraftige bioraffineria i verda, og tar framtak i den internasjonale forskninga på alt ein kan få ut av ein trestokk.