Internasjonal skogpolitikk

Noreg arbeider for eit sterkt og forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar, og for å sikre berekraftig forvaltning av skog over heile verda.

Noreg har derfor gjennom fleire år deltatt aktivt i FNs arbeid for berekraftig skogforvaltning. Arbeidet er organisert i FNs skogforum (UNFF), blei oppretta i 2000. UNFF skal bidra til utvikling av praktisk politikk, samt virke for ei felles, global forståing av kva berekraftig skogforvaltning inneberer.  

I Europa har Forest Europe (Ministerial Conference on the Protection of Forests in Europe) vore det viktigaste skogpolitiske samarbeidsorganet gjennom fleire tiår.

Gjennom Forest Europe samarbeider dei europeiske landa, samt ei rekke internasjonale og frivillige organisasjonar, om å utvikle strategiar for å møte utfordringar og utforske nye vegar i Europas skogsektor.