Skog og klima

Skogen bidrar positivt til klimaet, både som karbonlager og fornybar ressurs som kan erstatte meir klimabelastande alternativ.

Skog i vinterdrakt Nordmarka.
Skogen speler ei viktig rolle i klimasystemet, ved at den tar opp CO2 og lagrar karbon i biomasse og jordsmonn. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Norske skogar har eit netto opptak av CO2 tilsvarande halvdelen av våre samla årlege utslepp av klimagassar. På verdensbasis tar skog og landarealer opp 25 prosent av samla CO2-utslepp. 

Auka bruk av tre er klimavennleg

I tillegg til at skogen fungerer som karbonlager, er auka bruk av tre som fornybar råvare ein viktig del av klimaløysinga. 

Tre inngår i karbonets naturlege krinsløp. Trehus og andre treprodukt bidrar til varig lagring av karbonet gjennom levetida, og kan til slutt nyttast til bioenergi.  

Tre kan erstatte ikkje-fornybare byggematerial, eller material som set større klimafotavtrykk. Det kan og erstatte petroleumsbasert drivstoff, brensel, og råstoff som nyttast i ei lang rekke produkt. 

Både tre og olje er nemleg i stor grad bygd opp av grunnstoffet karbon. Å erstatte ”svart karbon” med ”grønt karbon” kan gi både verdiskaping og klimagevinst. 

Alt som i dag blir laga av petroleum, vil vi i framtida kunne lage av tre. 

Råvaretilgangen i Noreg aukar stadig. Etter ein lang periode med utarming av skogressursane, har tømmervolumet i norske skogar tredobla seg dei siste 100 åra – frå 300 millionar kubikkmeter i 1919, til om lag 900 millionar i dag.