Fjerde møte i forstudien mellom EFTA og Russland

Det fjerde og siste møtet i EFTA-Russland forstudiegruppa fann stad i Geneve 15. – 16. September 2008.

Det fjerde og siste møtet i EFTA-Russland forstudiegruppa fann stad i Geneve 15. – 16. September 2008. 

Møtet vart leia av Erik Andreas Underland for EFTA og Jekaterina Majorova for Russland. Forstudiegruppas rapport vart gjennomgått og i hovudsak ferdigstilt. Eit mindre arbeid står att, men det er vilje frå begge sider til å fullføra arbeidet med rapporten og å presentera denne i sin sluttform ved EFTAs ministerrådsmøte i andre halvdel av november. 

Forstudierapporten viser at både EFTA og Russland er interesserte i ein moderne frihandelsavtale som omfattar både varehandel, handel med tenester, innkjøp og immaterielle rettar.