Konsultasjonar med Tyrkia – send oss dine innspel!

19. juni vert det helde møte i Den blanda komité for handelsavtalen mellom EFTA og Tyrkia.

19. juni vert det helde møte i Den blanda komité for handelsavtalen mellom EFTA og Tyrkia.

Gjennom Den blanda komiteen har Noreg høve til å ta opp konkrete problemstillingar med Tyrkia relatert til handelsavtalen. Bedrifter og andre aktørar som handlar med Tyrkia, eller som på anna måte er aktive i denne marknaden, oppfordrast til å kome med tilbakemelding til Nærings- og fiskeridepartementet om korvidt handelsavtalen fungerer på ein tilfredsstillande måte. Klikk her for å sende oss ditt innspel.

Den blanda komiteen for avtalen består av EFTA-landa og Tyrkia og møtast med jamne mellomrom, vanlegvis annankvart år. Møtet i juni er ellevte gong partane møtest.

Den blanda komiteen skal sjå til at avtalen vert utvikla og oppdatert i henhald til avtalen sine bestemmelsar. Eit tema det vil bli fokusert på i det komande møtet er utvidelse av avtalen til å omfatte handel med tenester.