Tredje forhandlingsrunde mellom EFTA og Vietnam

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

EFTA møtte Vietnam til forhandlingar om ein frihandelsavtale i Hanoi 14.-17. januar 2013. Partane forhandlar om ein omfangsrik avtale, og det vart halde ekspertmøter for alle områda under møterunden.

EFTA møtte Vietnam til forhandlingar om ein frihandelsavtale i Hanoi 14.-17. januar 2013. Partane forhandlar om ein omfangsrik avtale, og det vart halde ekspertmøter for alle områda under møterunden.

Forhandlingane er framleis i ein tidleg fase der brorparten av tida vart nytta til å lære meir om dei regulatoriske systema og ambisjonsnivået. Partane gjekk også gjennom tema knytt til marknadsadgang for høvesvis varer og tenester. Desse diskusjonane synte at partane har noko ulik tilnærming til framgangsmåte, spørsmål ein vil arbeide vidare med fram mot neste forhandlingsrunde som er førebels fastsatt til juni 2013.