Avslutta WTO-tvistesaker kor Noreg var tredjepart

Under fylgjer ei oversikt over dei sakene kor Noreg har delteke som tredjepart (dvs. ein slags observatør, med rett til å gje innlegg for panel og ankeorgan).

Spørsmål om sakene kan rettast til:
Bojana Stankovic (UD)

Ei oversikt over tvisteløysingssystemet til WTO finn du her. 

WT/DS485
Russian Federation —Tariff Treatment of Certain Agricultural and Manufacturing Products (EU)

Saka gjaldt tollbehandlinga som Russland ga einskilde landbruks- og produksjonsvarer. EU hevda at Russland handla i strid med reglar i Gatt 1994 og tollverdiavtala.

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS482
Canada – Anti-Dumping Measures on Imports of Certain Carbon Steel Welded Pipe from the Separate Customs Territory of Taiwan, Penghu, Kinmen and Matsu

Saka gjaldt Canada sine anti-dumpingavgifter på einskilde typar sveisa rør av karbonstål frå tollområdet Taiwan, Penghu, Kinmen og Matsu. Tollområdet hevda at tiltaka var i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala og artikkel VI:2 av Gatt 1994.

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS483
China - Anti-Dumping Measures on Imports of Cellulose Pulp from Canada

Saka gjeld Kina sine anti-dumpingavgifter på cellulosemasse frå Canada. Canada hevdar at tiltaka er i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala og artikkel VI av Gatt 1994.

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS475
Russian Federation —Measures on the Importation of Live Pigs, Pork and Other Pig Products from the European Union

Saka gjeld russiske tiltak mot import av levande svin og svineprodukter frå EU for å hindre spreiing av sjukdomen afrikansk svinepest. EU hevdar at tiltaka er i strid med ei rekke reglar i avtala om sanitære og plantesanitære tiltak (SPS-avtala).

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS473
European Union – Anti-Dumping Measures on Biodiesel from Argentina

Saka gjaldt EU sine anti-dumpingtiltak på biodiesel frå Argentina. Argentina hevda at tiltaket var i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala og artikkel VI:2 i Gatt 1994.

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS471
United States — Certain Methodologies and their Application to Anti-Dumping Proceedings Involving China

Saka gjeld USA sine metodar for anti-dumpingtiltak mot Kina. Kina hevdar at tiltaka er i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala, samt art. VI:2 i Gatt 1994. Eitt av dei sentrale spørsmåla er knytt til bruken av såkalla «zeroing» ved berekning av dumpingmarginane ved målretta dumping etter anti-dumpingavtala artikkel 2.4.2.

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS469
European Union — Measures on Atlanto-Scandian Herring

Saka gjaldt EU sine tiltak mot sild/makrell. Tiltaka til EU innebar bl.a. forbod mot innføring av sild og makrell fanga under færøysk kontroll, samt produkt av slik fisk. Tiltaka omfatta også restriksjonar på bruk av EU sine hamner for fartøy som fisker sild og makrell under færøysk kontroll. Danmark på vegne av Færøyene hevda at tiltaka var i strid med Gatt 1994 artikkel I:1, V:2 og XI:1.

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

WT/DS464
United States – Anti-Dumping and Countervailing Measures on Large Residential Washers from Korea

Saka gjaldt USA sine anti-dumping- og utjamningsavgifter på store husholdningsvaskemaskinar frå Korea. Korea hevda at tiltaka var i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala, Marrakesh-avtala, Gatt 1994 samt subsidieavtala. Eitt av dei sentrale spørsmåla var knytt til bruken av såkalla «zeroing» ved berekning av dumpingmarginane ved målretta dumping etter anti-dumpingavtala artikkel 2.4.2.

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS456
India – Certain Measures Relating to Solar Cells and Solar Modules (USA)

Saka gjaldt India sine krav om at dei som utviklar solkraft og deira underleverandørar måtte kjøpe eller bruke solceller/solmodular av nasjonalt opphav for å inngå og behalde visse avtaler om kjøp av straum. Slik bruk av lokale solceller/solmodular blir også knytt til enkelte andre fordelar. USA hevdar at tiltaka er i strid med artikkel III:4 i Gatt 1994 samt artikkel 2.1 i avtala om handelsrelaterte investeringstiltak (Trims-avtala).

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS438/444/445
Argentina — Measures Affecting the Importation of Goods 

Saka gjaldt fleire argentinske tiltak som påverka vareimport. EU, USA og Japan meinte at tiltaka var i strid med fleire reglar i Gatt 1994, avtala om handelsrelaterte investeringstiltak (Trims-avtala), importlisensieringsavtala, landbruksavtala og avtala om tryggingstiltak. Klagarane meinte at dei argentinske tiltaka utgjorde restriksjonar på importen og diskriminerte mellom importerte og innanlandske varer. 

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS437
United States – Countervailing Duty Measures on Certain Products from China 

Saka gjaldt USA sine utjamningsavgifter på visse produkt frå Kina som USA meinte var subsidiert. Kina meinte at tiltaka var i strid med ei rekke reglar i WTO-avtala om subsidier og utjamningstiltak, artikkel VI i Gatt 1994 og artikkel 15 i Kinas tiltredingsprotokoll.  

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS434
Australia — Certain Measures Concerning Trademarks and Other Plain Packaging Requirements Applicable to Tobacco Products and Packaging 

Saka gjaldt lovgjeving i Australia med krav om einsarta innpakning av tobakksprodukt («plain packaging»). Ukraina meinte at tiltaka bl.a. var i strid med ei rekke reglar i avtala om handelsrelaterte aspekt ved immaterielle rettar (TRIPS-avtala) og artikkel 2.1 og 2.2 i avtala om tekniske handelshindringar (TBT-avtala). 

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider: 

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS431/DS432/DS433
China – Measures Related to the Exportation of Rare Earths, Tungsten and Molybdenum
 

Sakene gjaldt Kina sine eksportrestriksjonar på ulike former sjeldne jordmetall («rare earths»), tungsten og molybdenum. USA, EU og Japan hevda at tiltaka var i strid med Kina sin tiltredingsprotokoll i tillegg til Gatt 1994 artikkel X og XI.

 Meir informasjon om sakene er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS429
United States — Anti-Dumping Measures on Certain Frozen Warmwater Shrimp from Viet Nam 

Saka gjaldt USA sine anti-dumpingtiltak (såkalla «zeroing») mot import av frosne varmtvannsreker frå Vietnam. Vietnam meinte at tiltaka var i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala, Gatt 1994 artikkel VI:1 og VI:2, og Marrakesh-avtala artikkel XVI:4.  

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS427
China — Anti-Dumping and Countervailing Duty Measures on Broiler Products from the United States 

Saka gjaldt kinesiske anti-dumping- og utjamningstiltak mot produkt av broilerar frå USA. Kina kom gjennom sine undersøkingar fram til at eksportørar frå USA hadde dumpa produkta sine på den kinesiske marknaden, i tillegg til at dei hadde dratt nytte av subsidiar. Kina påla difor ei anti-dumping- og utjamningsavgift på desse produkta. USA meinte at tiltaka var i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala og subsidieavtala.

 Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider: 

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS412/DS426
Canada – Certain Measures Affecting the Renewable Energy Generation Sector/Measures Relating to the Feed-in Tariff Program

Sakene gjaldt det såkalla ”feed in tariff program” (”the FIT Program”) som vart etablert i 2009 i den canadiske provinsen Ontario. Programmet sikra garanterte langtidsprisar for kraft frå installasjonar for produksjon av fornybar energi som inneheldt ein viss del utstyr som var produsert lokalt. Japan og EU hevda at programmet var i strid med artikkel 3.1(b) og 3.2 i subsidieavtala, artikkel III:4 i Gatt 1994 og artikkel 2.1 i avtala om handelsrelaterte investeringstiltak (Trims-avtala).

Meir informasjon om sakene er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS425
China — Definitive Anti-Dumping Duties on X-Ray Security Inspection Equipment from the European Union

Saka gjaldt kinesiske anti-dumpingavgifter på utstyr for gjennomlysing ved sikkerheitsinspeksjonar frå EU. Slikt utstyr blir særleg brukt i samanheng med sikkerheitskontrollar og tollinspeksjonar ved infrastruktur knytt til transport. Kina hadde gjennom dumpingundersøkinga si kome fram til at eksportørar frå EU hadde dumpa produkta sine på den kinesiske marknaden, og påla difor ei anti-dumpingavgift på desse produkta. EU meinte at desse avgiftene var i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala.

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS406
United States – Measures Affecting the Production and Sale of Clove Cigarettes

Saka gjaldt eit amerikansk tiltak mot bestemde typar sigarettar. Den aktuelle amerikanske lova forbaud produksjon eller sal i USA av alle typar sigarettar med såkalla karakteriserande smak, unntatt mentol og tobakk. Indonesia meinte at lova var diskriminerande, og viste til at alle nelliksigarettar selt i USA var importert (hovudsakleg frå Indonesia) mens så godt som alle mentolsigarettar selt i USA vart produsert i USA. Indonesia hevda at tiltaket var i strid med Gatt 1994 artikkel III:4, og at USA ikkje kunne bruke unntaket i artikkel XX. I tillegg hevda Indonesia at tiltaket var i strid med ei rekke reglar i avtala om tekniske handelshindringar (TBT-avtala).

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider: 

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS400
European Communities – Measures Prohibiting the Importation and Marketing of Seal Products

Saka gjaldt EU sin forordning 1007/2009/EF, og dertil gjennomføringsreglane i forordning 737/2010/EU, som stiller opp restriktive vilkår for import og marknadsføring av selprodukt i EU. Canada meinte at forordninga var i strid med ei rekke reglar i Gatt 1994 og avtala om tekniske handelshindringar (TBT-avtala). 

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

Noreg har også delteke i ei eiga sak om same forordningar. 

WT/DS394/DS395/DS398
China – Measures Related to the Exportation of Various Raw Materials

Sakene gjaldt kinesiske restriksjonar knytt til eksport av ni råmaterialar. Jamsides søksmål frå EU, Mexico og USA då dei meinte at Kina sine restriksjonar var i strid med artikkel VIII, X og XI i Gatt 1994 og ei rekke reglar i tiltredingsprotokollen til Kina.

Sakspapira og meir informasjon om sakene er tilgjengeleg frå WTOs heimeside: 

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS397
European Communities – Definitive Anti-Dumping Measures on Certain Iron or Steel Fasteners from China

Saka gjaldt anti-dumpingtiltak som EU innførte på kinesiske skruar og boltar. Kina meinte tiltaka var i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala, Gatt 1994 og Marrakesh-avtala. 

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider: 

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS379
United States – Definitive Anti-Dumping and Countervailing-Duties on Certain Products from China

Kina gjekk til panelsak mot anti-dumping- og utjamningsavgiftsregimet til USA. Saka gjeld spørsmål knytt til kva som kan bli regna som statleg eide verksemder og bankar, berekningmetodar i utjamningsavgiftsundersøkingar som liknar ”zeroing” og såkalla ”double remedy”-spørsmål i relasjon til statar som ikkje blir karakterisert som marknadsøkonomiar. Kina meinte tiltaka braut ei rekke reglar i Gatt 1994, avtala om subsidier og utjamningstiltak, anti-dumpingavtala og Kinas tiltredingsprotokoll.

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTOs heimeside: 

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS369
European Communities – Certain Measures Prohibiting the Importation and Marketing of Seal Products

Saka gjaldt belgiske og nederlandske tiltak som forbyr import, transport, produksjon, marknadsføring og omsetjing av selprodukt. Dei belgiske og nederlandske forboda tredde i kraft før EU si selforordning vart vedtatt (sjå sak WT/DS400 over). Canada meinte at tiltaka var i strid med ei rekke reglar i Gatt 1994 og avtala om tekniske handelshindringar (TBT-avtala). 

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTOs heimeside:

WT/DS350
United States – Continued Existence and Application of Zeroing Methodology
Saka gjaldt den amerikanske ”zeroing”-praksisen og metodologien som vart bruka for å kalkulere dumpingmarginar, i tillegg til bruken av ”zeroing” i samanheng med visse spesifiserte anti-dumpingtiltak. EU meinte tiltaka var i strid med ei rekke reglar i Gatt 1994, anti-dumpingavtala og Marrakesh-avtala.

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimeside: 

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS341
Mexico – Definitive Countervailing Measures on Olive Oil from the European Communities

Saka gjaldt Mexicos utjamningstiltak pålagt import av olivenolje frå EU. EU meinte tiltaka var i strid med ei rekke reglar i Gatt 1994, avtala om subsidier og utjamningstiltak og landbruksavtala. 

Sakspapira og meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider: 

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS322
United States – Measures Relating to Zeroing and Sunset Reviews

Saka gjaldt USAs anti-dumpingregime, og då særleg den amerikanske ”zeroing”-metodologien som vart bruka for å rekne ut anti-dumpingavgifter. Japan meinte tiltaka var i strid med ei rekke reglar i Gatt 1994, anti-dumpingavtala og Marrakesh-avtala. 

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider: 

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS321
Canada — Continued Suspension of Obligations in the EC — Hormones Dispute 

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

Saka vart handsama saman med DS320

WT/DS320
United States — Continued Suspension of Obligations in the EC — Hormones Dispute 

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider: 

Saka vart handsama saman med DS321 

WT/DS294
United States — Laws, Regulations and Methodology for Calculating Dumping Margins (Zeroing)  

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTOs heimesider: 

WT/DS291/292/293
European Communities — Measures Affecting the Approval and Marketing of Biotech Products (“GMO-saka”) 

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTOs heimesider: 

WT/DS273
Korea — Measures Affecting Trade in Commercial Vessels 

Sakspapira og meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTOs heimesider: 

WT/DS248/249/251/252/263/258
United States — Definitive Safeguard Measures on Imports of Certain Steel Products (“Stålsaka”) 

Sjå omtale av DS253 der Noreg var part. Sakene, medrekna Brasils sak kor Noreg ikkje hadde meldt tredjepartsinteresse, vart slått saman for panel og ankeorganet. 

WT/DS244
United States — Sunset Review of Anti-Dumping Duties on Corrosion-Resistant Carbon Steel Flat Products from Japan 

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTOs heimesider: 

WT/DS234
United States — Continued Dumping and Subsidy Offset Act of 2000 (“Byrd Amendment-saka”) 

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTOs heimesider: 

Saka vart handsama saman med DS217

WT/DS217
United States — Continued Dumping and Subsidy Offset Act of 2000 (“Byrd Amendment-saka”)

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTOs heimesider: 

Saka vart handsama saman med DS234.  

WT/DS213
United States — Countervailing Duties on Certain Corrosion-Resistant Carbon Steel Flat Products from Germany 

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTOs heimesider: 

WT/DS48
European Communities – Measures Concerning Meat and Meat Products (”Hormonsaka”)

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTOs heimesider: 

For ankeorganet vart saka slått saman med DS26.  

WT/DS33
United States — Measures Affecting Imports of Woven Wool Shirts and Blouses from India 

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTOs heimesider: 

WT/DS32
United States — Measures Affecting Imports of Women’s and Girls’ Wool Coats 

Meir informasjon om saka er tilgjengelege frå WTOs heimesider: 

WT/DS26
European Communities – Measures Concerning Meat and Meat Products (”Hormonsaka”) 

Sakspapira og meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTOs heimesider: 

For Ankeorganet vart saka slått saman med DS48. 

WT/DS21
Australia – Measures Affecting the Importation of Salmonids 

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTOs heimesider: 

WT/DS18
Australia – Measures Affecting the Importation of Salmon 

Meir informasjon om saka er tilgjengelege frå WTOs heimesider: 

WT/DS2
United States – Standards for Reformulated and Conventional Gasoline (“bensinstandardsaka”) 

Meir informasjon om saka er tilgjengelege frå WTOs heimesider: 

Saker kor Noreg var part under tvisteløysingssystemet i Gatt (1947 – 1994) (berre saker der panelrapporten vart vedtatt. Lenker til WTOs heimesider.)