Verserande WTO-tvistesaker kor Noreg er tredjepart

Under fylgjer ei oversikt over dei sakene kor Noreg deltek som tredjepart (dvs. ein slags observatør, med rett til å gje innlegg for panel og ankeorgan).

Spørsmål om sakene kan rettast til:

Linn Edvartsen  (UD)

Ei oversikt over tvisteløysingssystemet til WTO finn du her.  

WT/DS511
China — Domestic Support for Agricultural Producers (USA)

Saka gjeld kinesisk internstøtte til landbruksprodukt, dette gjeld særleg Kinas støtte til marknadspris på ris, kveite og mais. USA hevdar at tiltaka er i strid med landbruksavtala artikkel 3.2, 6.3 og 7.2(b).

Sakspapira og meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

WT/DS509
China — Duties and other Measures concerning the Exportation of Certain Raw Materials (EU)

Saka gjeld kinesiske eksportavgifter- og kvotar på visse råmaterialar. EU hevdar at tiltaka er i strid med artikkel XI:1 i Gatt 1994 og ei rekke reglar i tiltredingsprotokollen til Kina.

Sakspapira og meir informasjon om sakene er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

WT/DS508
China — Export Duties on Certain Raw Materials (USA)

Saka gjeld kinesiske eksportavgifter- og kvotar på visse råmaterialar. USA hevdar at tiltaka er i strid med artikkel XI:1 i Gatt 1994 og ei rekke reglar i tiltredingsprotokollen til Kina.

Sakspapira og meir informasjon om sakene er tilgjengeleg frå WTO sine  heimesider:

WT/DS504
Korea– Anti-Dumping Duties on Pneumatic Valves from Japan

Saka gjeld Korea sine anti-dumpingavgifter på pneumatiske ventiler frå Japan. Japan hevdar at tiltaka er i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala. 
Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

WT/DS495
Korea– Import Bans, and Testing and Certification Requirements for Radionuclides (Japan)

Saka gjeld Korea sine tiltak som omfattar importforbod og tilleggskrav om testing og sertifisering av radionuklidar, som har innverknad på import av matprodukt frå Japan. Japan hevdar at tiltaka er i strid med ei rekke reglar i avtala om sanitære og plantesanitære tiltak (SPS-avtala).

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS493
Ukraine – Anti-Dumping Measures on Ammonium Nitrate from Russia

Saka gjeld Ukraina sine anti-dumpingtiltak på ammoniumnitrat (kunstgjødsel) frå Russland. Russland hevdar at tiltaka er i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala og Gatt 1994 artikkel VI.

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

WT/DS485
Russian Federation —Tariff Treatment of Certain Agricultural and Manufacturing Products

Saka gjeld tollbehandlinga som Russland gir einskilde landbruks- og produksjonsvarer. EU hevdar at Russland handlar i strid med reglar i Gatt 1994 og tollverdiavtala.

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS484
Indonesia - Measures Concerning the Importation of Chicken Meat and Chicken Products (Brasil)

Saka gjeld Indonesia sine tiltak på import av kyllingkjøtt og kyllingprodukt. Brasil hevdar at tiltaka er i strid med Gatt 1994 artikkel III:4, X:1, X:3 og XI:1, landbruksavtala artikkel 4.2, ei rekke reglar i avtala om sanitære og plantesanitære tiltak (SPS-avtala), avtala om tekniske handelshindringar (TBT-avtala) artikkel 2.1 og 2.2, og artikkel 3.2 og 3.3 i avtala om importlisensiering.

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS483
China - Anti-Dumping Measures on Imports of Cellulose Pulp from Canada

Saka gjeld Kina sine anti-dumpingavgifter på cellulosemasse frå Canada. Canada hevdar at tiltaka er i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala og artikkel VI av Gatt 1994.

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

Noreg sine innlegg i saka:

 

WT/DS480
European Union – Anti-Dumping Measures on Biodiesel from Indonesia

Saka gjeld EU sine anti-dumpingtiltak på biodiesel frå Indonesia. Indonesia hevdar at tiltaka er i strid med GATT 1994 art. VI samt ei rekke reglar i anti-dumpingavtala. 

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

WT/DS477/478
Indonesia – Importation of Horticultural Products, Animals and Animal Products (New Zealand/USA)

Sakene gjeld indonesiske tiltak på import av hortikulturprodukt, dyr og dyreprodukt. New Zealand og USA hevdar at tiltaka er i strid bl.a. Gatt 1994 art. XI:1 og landbruksavtala art. 4.2.

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS475
Russian Federation —Measures on the Importation of Live Pigs, Pork and Other Pig Products from the European Union

Saka gjeld russiske tiltak mot import av levande svin og svineprodukter frå EU for å hindre spreiing av sjukdomen afrikansk svinepest. EU hevdar at tiltaka er i strid med ei rekke reglar i avtala om sanitære og plantesanitære tiltak (SPS-avtala).

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS474
EU — Cost Adjustment Methodologies and Certain Anti-dumping Measures on Imports from Russia

Saka gjeld EU sin metodikk for kostnadsberekning og anti-dumpingavgifter på ei rekke produkt frå Russland. Russland hevdar at tiltaka er i strid med ei rekke reglar i Gatt 1994, anti-dumpingavtala og Marrakesh-avtala.

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

WT/DS471
United States — Certain Methodologies and their Application to Anti-Dumping Proceedings Involving China

Saka gjeld USA sine metodar for anti-dumpingtiltak mot Kina. Kina hevdar at tiltaka er i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala, samt art. VI:2 i Gatt 1994. Eitt av dei sentrale spørsmåla er knytt til bruken av såkalla «zeroing» ved berekning av dumpingmarginane ved målretta dumping etter anti-dumpingavtala artikkel 2.4.2.

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS435/441/458/467
Australia — Certain Measures Concerning Trademarks, Geographical Indications and Other Plain Packaging Requirements Applicable to Tobacco Products and Packaging 

Sakene gjeld lovgjeving i Australia med krav om einsarta innpakning av tobakksprodukt («plain packaging»). Ukraina, Honduras, Den dominikanske republikk, Cuba og Indonesia meiner at tiltaka bl.a. er i strid med ei rekke reglar i  avtala om handelsrelaterte aspekt ved immaterielle rettar (TRIPS-avtala) og artikkel 2.1 og 2.2 i avtala om tekniske handelshindringar (TBT-avtala). 

Meir informasjon om sakene er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider: 

Noreg sine innlegg i saka:

Sjå også DS434 og her.

WT/DS462
Russian Federation – Recycling Fee on Motor Vehicles

Saka gjeld Russland sine resirkuleringsavgifter på importerte motorkøyretøy (unntatt er køyretøy frå Kviterussland og Kasakhstan). EU hevdar at tiltaka er i strid med Gatt 1994. artikkel I:1, II:1(a) og (b), III:2, og III:4, samt med avtala om handelsrelaterte investeringstiltak (Trims-avtala) artikkel 2.1 og 2.2.

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

WT/DS420
United States — Anti-Dumping Measures on Corrosion-Resistant Carbon Steel Flat Products from Korea 

Saka gjeld USA sine anti-dumpingtiltak, irekna såkalla ”zeroing”, mot korrosjonsresistente stålprodukt frå Korea. Korea meiner at tiltaka er i strid med ei rekke reglar i Gatt 1994, anti-dumpingavtala, og Marrakesh-avtala. 

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider: 

WT/DS389
European Communities - Certain Measures Affecting Poultry Meat and Poultry Meat Products from the United States

Sakene gjeld EU sine tiltak knytt til import av fjørfekjøtt. EU har sidan 1997 hatt eit importforbod mot fjørfekjøtt utsett for sjukdomshemjande mikrobe-behandling (såkalla PRTs), som fører til at det ikkje er løyve til å importere amerikanske fjørfeprodukt. USA meiner at tiltaka er i strid med artikkel 2.2, 5.1, 5.2, 7 og 8 i avtala om sanitære og plantesanitære tiltak (SPS-avtala), artikkel 4.2 i landbruksavtala, artikkel III:4, X:1 og XI:1 i Gatt 1994 og artikkel 2.1 i avtala om tekniske handelshindringar (TBT-avtala). 

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider: 

WT/DS381 United States – Measures Concerning the Importation, Marketing and Sale of Tuna and Tuna Products (gjennomføringssaker)

Saka gjeld gjennomføringa til USA av anbefalingar og konklusjonar frå tvisteløysingsorganet om vilkåra for bruk av det såkalla "dolphin safe"-merket, jf. WTO si tvisteløysingsavtale artikkel 21.5. Når eit WTO-medlem har gjennomført rapportane til panelet og ankeorganet slik desse er vedteke av tvisteløysingsorganet i WTO (og dermed blir tvisteløysingsorganets anbefalingar og konklusjonar), og partane er usamde om dei nye tiltaka er i samsvar med WTO sine reglar, kan partane i saka etter tvisteløysingsavtala be om at et tvisteløysingspanel avgjer dette etter tvisteløysingsavtala.

Etter at rapportane til panelet og ankeorganet i sak DS381 var vedteke av tvisteløysingsorganet, endra USA vilkåra for bruk av «dolphin safe»-merket. Mexico meinte at vilkåra framleis var i strid med reglar i Gatt 1994 og avtala om tekniske handelshindringar (TBT-avtala), og bad om at eit tvisteløysingspanel skulle avgjere dette. Panelet si rapport vart så anka, og rapportane til panelet og ankeorganet ble vedteke av tvisteløysingsorganet i desember 2015.

USA endra så i 2016 på ny vilkåra for bruk av merket og hevdar at desse no er i samsvar med krava i WTO etter Gatt 1994 og TBT-avtala. USA har bedd om at et tvisteløysingspanel skal slå fast dette fast.

Mexico hevdar derimot at vilkåra som USA har innført i 2016 også er i strid med reglar i Gatt 1994 og TBT-avtala, og har også bedd om at eit tvisteløysingspanel skal slå dette fast. Dette er difor den andre gjennomføringssaka kor Mexico hevdar at USA sine tiltak framleis er i strid med Gatt 1994 og TBT-avtala.

Meir informasjon om saka er tilgjengeleg frå WTO sine heimesider:

Noreg sine innlegg i saka: