Styrkt kontroll og tilsyn i byggjesaker

Uavhengig kontroll i byggjesaker, meir kommunalt tilsyn, krav til at nybygg skal tilpassast alle, og strengare krav til energibruk er mellom dei viktigaste tiltaka i ny plan- og bygningslov.

Uavhengig kontroll i byggjesaker, meir kommunalt tilsyn, krav til at nybygg skal tilpassast alle, og strengare krav til energibruk er mellom dei viktigaste tiltaka i ny plan- og bygningslov.

- Den nye lova vil sikra forbrukarane og husbyggjarane betre rettar. Kvart år blir det i Noreg gjort byggjefeil for fleire milliardar kroner. Svaret vårt er både betre kontroll og meir tilsyn, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Regjeringa gjer framlegg om krav til obligatorisk uavhengig kontroll. Kontrollen skal utførast av profesjonelle kontrollføretak med sentral godkjenning.
I tillegg skal ein styrkja det kommunale tilsynet i byggjesaker. Kommunane skal skjerpa oppfølginga ved å kunna gje overtredelsesgebyr til dei som har bygd ulovleg. Strafferamma for slike lovbrot blir heva.

- Vi føreslår òg å gje kommunane moglegheit til å påleggja føretaka å utbetra feil i fem år etter at ferdigattest er gitt, utan å trekkja tilbake ferdigattesten. Slik vil føretaka kunne haldast ansvarlege for byggjefeil i opptil fem år. Dette vil forbrukarane tena på, seier statsråd Meltveit Kleppa.

Den nye lova er både meir brukarvenleg og enklare å finna fram i. Søknadssystemet er forenkla, og heile byggjesaksprosessen blir meir effektiv.

- Gjennom den nye lova stiller regjeringa dessutan krav om at alle nye bygg skal vera tilpassa bruk for alle. Dette kravet til universell utforming er grunnleggjande viktig når vi skal leggja tilhøva til rette for meir inkluderande  samfunn, seier statsråden.

- Eg er òg svært nøgd med at vi legg stor vekt på krav til miljø og energibruk i lova. Kommunaldepartementet la allereie i fjor fram nye miljøkrav i teknisk forskrift. No slår vi fast at vi kan skjerpa desse krava ytterlegare, seier statsråden.

For meir informasjon om lova:

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Til toppen