Os - Reguleringsplan, Lønnevågen/Humravika (strandsone/friluftsliv/landskap)

Avgjerd i motsegnssak, 06.03.01

Os – Reguleringsplan, Lønnevågen/Humravika

Os kommune – Motsegn til reguleringsplan for Lønnevågen/Humravika

Vi viser til brev frå fylkesmannen i Hordaland datert 13. mars 2000.

Saka er i samsvar med plan- og bygningslova § 27-2, nr. 2 sendt Miljøverndepartementet til endeleg avgjerd fordi fylkesmannen har motsegn til reguleringsplanen for Lønnevågen/Humravika i Os kommune .

Miljøverndepartementet stadfestar ikkje reguleringsplanen for Lønnevågen/Humravika. Motsegna frå fylkesmannen i Hordaland er dermed teken til følgje.

Sjølv om ei utbygging av dette området er i tråd med gjeldande kommuneplan og området frå før er regulert til industriføremål inneber forslaget til reguleringsplan negative konsekvensar for allmenta sine interesser, landskap, estetikk og friluftsliv. Tiltaket er ikkje i samsvar med nasjonale og regionale interesser når det gjeld forvaltninga av strandsona.

Bakgrunn for saka:

Konflikten i saka gjeld reguleringsplanen for Lønnevågen/Humravika. Kommunen har vedteke omregulering frå næringsområde for industri/havbruk til lettare industri/ småskala næringsverksemd. Området er i arealdelen til gjeldande kommuneplan frå 1990 avsett til industriføremål. Gjeldande reguleringsplan er ikkje realisert og det aktuelle området ligg i dag som eit urørt naturområde. Kommunen eig det aktuelle arealet og er i ferd med å inngå avtale om sal av eigedomen til firmaet Sveis & Propellservice, som ønskjer å flytte si verksemd til området.

Fylkesmannen i Hordaland har i brev av 2. februar og 12. juli 1999 reist motsegn mot reguleringsplanen for Lønnevågen/Humravika på grunn av at planen er i vesentleg konflikt med friluftsinteresser, natur og landskapsestetikk. Fylkesmannen viser til at det aktuelle området ligg innanfor 100 meters beltet i strandsona, der det no er innskjerping av plan- og dispensasjonspraksis for å ta vare på allmenta sine interesser. Fylkesmannen rår difor til at arealbruken i området vert vurdert på nytt i samband med den komande rulleringa av arealdelen til kommuneplanen.

Lønnevågen/Humravika ligg i Førstrøno-området der det er fleire sikra friluftsområde. Det næraste er Vetlaneset rett på andre sida av Førstrønesundet (ca 150 meter). Desse områda vert forvalta av Bergen og omland friluftsråd. Sjøområda utanfor er eit viktig område for båtutfart. Fylkesmannen meiner at industrietableringa vil verte eit forstyrrande element i landskapet sett frå Førstrønesundet. Det ligg ei rekkje hytter og nokre bustadhus i nærleiken.

Os kommune vedtok ein kommunedelplan for sjøområda (kystsoneplanen)

12. desember 1995. Planen viser havneområde i Lønnevågen. Vidare er det sikra friluftsområdet Ervikane (sør for planområdet) vist utvida heilt bort til det aktuelle reguleringsområdet. I føresegnene til kystsoneplanen er det sagt at faste installasjonar og byggetiltak ikkje bør kome nærare eit sikra friluftsområde enn 200 meter. Kommuneplanen for kystsona er innarbeidd i utkast til ny kommuneplan (2000-2011) med mindre justeringar.

Os kommune vedtok reguleringsplanen for Lønnevågen/Humravika 23. november 1999. Kommunen viser til at den framlagde reguleringsplanen berre er ei mindre omdisponering i høve til eksisterande reguleringsplan frå 1991 og at reguleringsføremålet er i tråd med arealdelen til gjeldande kommuneplan frå 1990. Det er i føresegnene til reguleringsplanen stilt krav om detaljert utbyggingsplan før utbygging kan skje. Det er Os kommune som eig det aktuelle arealet. Kommunen har inngått avtale med utbyggaren om sal av eigedomen, med atterhald om at reguleringsendringa vert godkjend. Kommunestyret har vedteke ein utnyttingsgrad på 25%.

Bakgrunnen for reguleringsendringa er ønskje frå firmaet Sveis & Propellservice om å kjøpe arealet og nytte det til mekanisk industri. Verksemda har fram til i dag halde til i eit bustadområde som ikkje ligg til sjøen. Firmaet har planar om utviding for å kunne ta på seg større oppdrag. Dette inneber transport av store og tunge konstruksjonar, som best let seg frakte med båt. Firmaet ønskjer difor sjønær lokalisering med kaiplass. Det vert påpeika at verksemda likevel ikkje fører til vesentleg trafikk, forureining eller støy. Kommunen ønskjer å støtte føretaket. Det aktuelle arealet er det einaste arealet i gjeldande planer som ligg til sjøen og difor høver til den verksemda det her er snakk om.

Direktoratet for naturforvaltning har i brev av 10. juli 2000 til Miljøverndepartementet tilrådd at motsegna vert teken til følge. Direktoratet grunngjev si tilråding ut frå omsynet til landskap, estetikk og friluftsliv. Direktoratet meiner planen er særs uheldig i høve til landskap og estetikk fordi det kjem eit industribygg inn i eit område som elles er prega av naust, sjøbuer, hytter og bustadhus. Slik det aktuelle nybygget er teikna inn i terrenget, vil det primært bli eksponert mot sjøen. Industriverksemda vil vere eit framandelement i høve til området sin noverande verdi for friluftsliv.

I føresegnene til reguleringsplanen har kommunestyret ikkje sett nokon maksimal høgd for nybygget, sjølv om dette vart diskutert i ein tidlegare fase av arbeidet med planen. Direktoratet uroar seg for at bygget kan verte "svært høgt", sjølv om det er gjeve ei grense for total tomteutnytting.

Synfaring vart halde 26. juni 2000 med representantar frå Os kommune, fylkesmannen i Hordaland, Direktoratet for naturforvaltning og Miljøverndepartementet. Svein Orrebakken i Sveis & Propellservice orienterte om firmaet sine planar for reguleringsområdet.

Miljøverndepartementet har følgjande merknader:

Konflikten i saka knyter seg til landskap, estetikk og friluftsliv. Desse interessene vil verta påverka av ei utbygging og allmenta sine interesser vil dermed kunne verta svekka.

Det aktuelle området er ein del av eit mykje nytta område for båtutfart. Særleg gjeld dette Førstrønesundet der båtane passerer tett inntil reguleringsområdet. Industribygningen vil også verte synleg frå land, mellom anna frå det sikra friluftsområdet Vetlaneset på Førstrøno (ca. 150 m unna) og frå områdane bakanfor på Strøno. Strøno-området er eit typisk fjordlandskap med store landskapskvalitetar. Eksisterande bygninger er godt tilpassa landskapet og miljøet. Etablering/utbygging av ei industriverksemd vil påverke landskapsbiletet og verdien av området for rekreasjon og friluftsliv.

Området som reguleringsplanen omfattar ligg i 100-metersbeltet langs sjøen og er i gjeldande kommuneplan, frå 1990, avsett til industriføremål. Det føreligg ein godkjend reguleringsplan for området frå 1991, der det er gjeve opning for industrietablering i tilknyting til havbruk. Denne reguleringsplanen er ikkje realisert. Departementet meiner at forslaget om omregulering av Lønnevågen/Humravika frå eit industriføremål til eit anna ikkje i seg sjølv fører til nokon vesentleg endring av plansituasjonen for området, men at dei nasjonale og regionale føringane for arealbruken i strandsona har vorte vesentleg skjerpa dei seinaste åra.

Miljøverndepartementet har kome til at det ikkje er grunnlag for å stadfeste reguleringsplanen for Lønnevågen/Humravika. Motsegna frå fylkesmannen i Hordaland er dermed teken til følgje. Departementet meiner at forslaget til reguleringsplan inneber negative konsekvensar for allmenta sine interesser, landskap, estetikk og friluftsliv og at tiltaket ikkje er i samsvar med nasjonale og regionale interesser når det gjeld forvaltninga av strandsona.

Vedtak:

I medhald av § 27-2 i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 finn departementet å ikkje kunne stadfeste kommunestyret i Os sitt vedtak i møte den 23. november 1999 om reguleringsplan for Lønnevågen/Humravika.

Departementet oppmodar kommunen om at ein i det vidare arbeidet med arealdelen til kommuneplanen syter for at det aktuelle området vert i samsvar med denne avgjerdsla.

Kommunen er orientert om departementet sitt vedtak ved kopi av dette brevet.

Saksdokumenta følgjer vedlagd i retur.