Tysvær kommune - motsegn til reguleringsplan for steinbrot i Espevik

Avgjerd i motsegnsak 14.01.2005

Tysvær kommune – motsegn til reguleringsplan for steinbrot i Espevik.

Vi viser til fylkesmannen sitt brev av 25. november 2003.

Saka er i samsvar med § 27-2 nr. 2 i plan- og bygningslova (pbl.) sendt Miljøvern-departementet for endeleg avgjerd.

Departementet stadfestar ikkje Tysvær kommunestyre sitt vedtak av 21. oktober 2003 om reguleringsplan med reguleringsførsegner for steinbrot i Espevik. Departementet legg vekt på at massetaket gir eit særs stort terrenginngrep som har betydelege verknader for dei regionale landskaps- og friluftsverdiane. Den svært lange driftstida er også vektlagd. Motsegna frå Rogaland fylkeskommune er dermed teke til følgje.

Bakgrunn for saka.

Amrock JV AS, som er eigd av Kolo Veidekke As, driv i dag eit steinbrot i Espevik. Reguleringsplanen for denne verksemda, som omfattar eit areal på ca. 470 daa, vart stadfesta av Miljøverndepartementet den 9. april 1990. Driftsplanen for steinbrotet

vart godkjend av Bergvesenet 7. august 1990. Det vert produsert pukk retta mot eksportmarknaden. Drifta sysselsetter 25 personar og kan pågå i ytterlegare 13-14 år, avhengig av produksjonsvolum. Tiltakshavar ønskjer å ha eit langsiktig ressurs-grunnlag for å kunne være ein konkurransedyktig aktør på eksportmarknaden for pukkprodukt.

Omhandla reguleringsplan gjeld eit nytt uttaksområde for stein på fjellet Såt, inkludert veg i Espevik, samt endringar i gjeldande reguleringsplan for eksisterande steinbrot ved sjøen i Espevik.

Det planlagde steinbrotet skal drivast som dagbrot med ein årsproduksjon på 1,5 – 3,0 mill. tonn. Steinen skal transporterast frå brotet til kai via tunnel. Brotet vil sysselsette 50-80 personar og vil gje grunnlag for ei lang driftstid, opp mot 200 år.

Fylkesmannen i Rogaland ved miljøvernavdelinga og Rogaland fylkeskommune har fremja motsegn mot reguleringsplanen.

Det ligg føre regionale planar der delar av det aktuelle arealet er vist som område

med regionale friluftsinteresser. Landskapet vest for planområdet, området Borgøy-Roselandsvågen, er registrert som område med høg/nasjonal landskapsverd i fylkesplan (1996-1999) "Vakre landskap i Rogaland".

Nytt uttaksområde er vist som landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF-område) i gjeldande arealdel til kommuneplanen, og var også vist til dette føremålet i revidert kommuneplan som nyleg har vore på høyring. Området er seinare endra til areal for masseuttak i samband med sluttføringa av kommuneplanrevisjonen.

Planframlegget har vore gjennom ein relativt omfattande planprosess. Det er gjennomført konsekvensutgreiing (KU) med seinare tilleggsutgreiing. Under KU-prosessen vart tiltaket noko endra mellom anna for å redusere dei negative verknadene.

Fylkesmannen ved miljøvernavdelinga si motsegn dreier seg om forureining, særleg tilhøvet mellom plan- og bygningslova og forureiningslova. Fylkesmannen hevdar at planen ikkje koplar arealbruk mot konkrete utsleppsnormer og at det då ikkje er tilfredsstillande vern mot forureining. Konsekvensutgreiinga har basisopplysningar om venta utslepp av støy og støv og andre forureiningar, men fylkesmannen meiner desse må konkretiserast i reguleringsplanen. Fylkesmannen ser det som heilt naudsynt at reguleringsplanen vert meir detaljert og avklarande, særleg for at støy­problematikken skal kunne handterast på ein akseptabel måte. Det vart peikt på at det her ikkje først og fremst er spørsmål om kva krav som skal gjelde, men at det er motsegn mot at det ikkje er sett krav i det heile.

Fylkesmannen viser til § 11 i forureiningslova som seier at forureiningsspørsmål skal søkast løyst under eitt, og på grunnlag av oversiktplanar og reguleringsplanar. For å forebygge forureining er lokaliseringa i seg sjølv sers viktig, og vidare korleis detaljplan vert utforma. Gjennom målretta bruk av plan- og bygningslova har kommunen høve til å sikre at forureining ikkje skal oppstå, og å fastsette normer og standardar for arealbruken gjennom reguleringsføresegner. Dette skal sikre at ein i ettertid ikkje treng gå inn med avbøtande tiltak, som ofte kan vere vanskeleg å gjennomføre.

Rogaland fylkeskommune peikar i si motsegn på at det landskapsmessige inngrepet i eit markant fjellparti er uforholdsmessig stort og vil ha store negative konsekvensar lokalt og regionalt i ei uvanleg lang tidsperiode. Vidare vert det vist til at tiltaket er i sterk konflikt med lokale og regionale friluftsinteresser både på land og sjø, og er i strid med gjeldande "Fylkesplan for friluftsliv". Samstundes vil tiltaket ha store negative konsekvensar for andre prioriterte næringar i området, for eksempel reiselivsbaserte næringar. Tiltaket vil også etter fylkeskommunen si meining føre med seg store utslepp av støy og støv som vil ha store negative konsekvensar lokalt og regionalt.

Til sist etterlyser fylkeskommunen nok ein gong ei vurdering av alternative lokaliseringar og føreset visse vilkår oppfylt dersom kommunen vedtar planen.

I samband med at reguleringsplanframlegget var ute til offentleg gjennomsyn kom det fram ei rekkje merknader frå private personar. Dei fleste merknadene peikar på dei store ulempene som dei meiner vil følgje av det nye steinbrotet, mellom anna auka støy- og støvplagar. Det vert også vist til at steinbrotet vil verke øydeleggjande på landskapet og friluftslivet i området. Aksjonsgruppa "Spar Såt" peikar på at inngrepet er i konflikt med kommuneplanen for Tysvær og fylket sine planar og vil forverre bumiljø, høve til rekreasjon, natur og friluftsliv i vesentleg grad.

Nedstrand bygdeutval går inn for steinbrotet og legg vekt på at bygda treng fleire private arbeidsplassar for å styrkje bygda og kommuneøkonomien.

Mekling i saka vart gjennomført den 3. oktober 2003. I meklingsmøte viste fylkesmannen til at dette var ei vanskeleg sak, og at det er eit stort mindretal i kommunestyret som ikkje ønskjer at planframlegget skal godkjennast. Ein kom ikkje fram til semje i meklinga, men kommunen skulle vurdere motsegnene på ny i samband med sluttbehandlinga, inkludert alternativet om å få til ei løysing når det gjeld motsegna frå fylkesmannen om utforming av føresegnene på forureiningsområdet.

Tysvær kommune vedtok i møte den 21. oktober 2003 med 22 mot 13 stemmer å godkjenne reguleringsplan for steinbrot i Espevik.

Kommunestyret sitt fleirtall la avgjerande vekt på omsynet til og fordelane ved langsiktig næringsverksemd i denne delen av kommunen, og høve til nye og fleire arbeidsplassar.

Til motsegna frå miljøvernavdelinga uttaler kommunen at det er usemje mellom kommunen og fylkesmannen om dei forureiningsomsyna miljøvernavdelinga viser til skal ivaretakast gjennom reguleringsplan eller gjennom utleppsløyve etter forureiningslova. Kommunen meiner at forureingsproblematikken må løysast gjennom forureiningslova og at kommunen ikkje har kompetanse til å takle alle sider ved forureiningstemaet for slike store masseuttak.

Når det gjeld motsegna frå fylkeskommunen, har kommunen i saksframlegget for reguleringsplanen kome med kommentarar til dei einskilde punkta i fylkeskommunen si motsegn. Til tross for dei negative konsekvensane tiltaket vil føre med seg, meiner kommunestyret sitt fleirtall ut frå ei heilskapleg samfunnsvurdering, at omsynet til fleire nye arbeidsplassar veg tyngre og at avbøtande tiltak vil dempe dei negative verknadane.

Fylkesmannen viser i sitt oversendingsbrev av 25. november 2003 til at det har vore eit sterkt engasjement i denne saka. Etter fylkesmannen si vurdering ligg det føre omsyn både til landskap, friluftsliv og miljø som talar mot tiltaket, samstundes som det er omsyn som talar for etablering av nye arbeidsplassar i denne delen av kommunen og regionen. Fylkesmannen legg vidare vekt på at det først og fremst er motsegna frå fylkeskommunen som er avgjerande for om anlegget blir etablert eller ikkje. Motsegna frå fylkesmannen si fagavdeling er meir planteknisk og knytt til prosessen fram til ei eventuell etablering av anlegget.

Fylkesmannen tek ved dette høvet ikkje stilling til motsegna frå Rogaland fylkes-kommune. Dersom Miljøverndepartementet finn å kunne stadfeste kommunen sitt vedtak, må departementet etter fylkesmannen si meining og ta stilling til motsegna frå fylkesmannen. Dette meiner fylkesmannen kan skje ved å seie kva miljøopplysningar og føresegner som planen må innehalde på forureiningsområdet.

Møte og synfaring i området vart halde den 19. mars 2004 med mellom anna tiltakshaver, grunneigarar, representanter frå kommunen, fylkeskommunen, fylkesmannen, Bergvesenet, Nærings- og handelsdepartementet og Miljøverndepartementet.

Nærings- og handelsdepartementet (NHD) ga i brev av 27. april 2004 til Miljøverndepartementet uttale i saka. Det går her fram at NHD har innhenta uttale fra Bergvesenet som i brev av 14. april 2004 har rådd til at motsegnene ikkje vert teken til følge.

NHD peikar i sitt brev mellom anna på at det planlagte steinbrotet på Såt er vesentleg redusert i omhandla reguleringsplan i forhold til dei opprinnelege planane. Det vert lagt opp til ei drift i etappar der den einskilde etappe skal drivast ut og setjast i stand før neste etappe vert påbegynt. Vidare vert det lagt opp til fleire avbøtande tiltak knytt til buffersoner, vegetasjonsbevaring, transport og støy.

NHD tek ikkje standpunkt til motsegna frå fylkesmannen då dei meiner at den er av meir forvaltningsteknisk art.

Når det gjeld motsegna frå fylkeskommunen er det etter NHD si meining vanskeleg å ha ei oppfatning om kva næringar som steinbrotet vil kunne kome i konflikt med dersom tiltaket vert realisert i samsvar med reguleringsplanen.

NHD er klår over at eit inngrep slik det vert lagt opp til etter reguleringsplanen vil føre til konsekvensar for miljøet, men meiner at ein vesentleg del av dei negative verknadane kan dempast gjennom dei avbøtande tiltak. Det vert og lagt vekt på at saka er i samsvar med kommunen si prioritering og at sentrale styremakter skal vere varsame med å overprøve den lokale avgjerd.

NHD slutter seg til tilrådinga frå Bergvesenet og rår til at motsegnene ikkje vert teken til følge. Det vert likevel rådd til at det vert sett ein tidsfrist for når drifta på Såt skal vere i gong.

Miljøverndepartementet si vurdering

I denne saka er det to konflikter. Den eine, motsegna frå fylkesmannens si miljøvern-avdeling, er som nemnd av fylkesmannen av meir planteknisk art. Motsegna frå fylkeskommunen går meir direkte på realiteten i saka, om det planlagte nye steinbrotet på Såt skal realiserast eller ikkje.

Fylkesmannen peikar i si motsegn mellom anna på at reguleringsplanen ikkje har nokon vidare avklaring av forureiningsproblematikken, men overlet dette i stor grad til handtering gjennom forureiningslova. Dette meiner fylkesmannen ikkje er tilfredsstillande.

Tysvær kommune har i høve til støy- og støvproblematikken lagt opp til at denne vert handtert gjennom utsleppsløyve etter forureiningslova på same måte som for det allereie eksisterande uttaksområde.

Etter departementet si meining er det ikkje noko til hinder for å handtere forureinings-problematikken gjennom føresegner etter § 26 i plan- og bygningslova, jfr. departementet si uttale om dette i Planjuss nr. 2-2000 side 6 flg. og i Planjuss nr. 2-2002 side 8 flg. I sistnemnde på side 11 uttaler departementet at "Departementet legger til grunn at forurensningsloven og pbl hver på sin side kan regulere forhold av forurensningsmessig karakter. Vi kan heller ikke se at pbl er til hinder for at det med hjemmel i pbl kan vedtas strengere bestemmelser enn det som kan fastsettes gjennom utslippstillatelse, konsesjonsbestemmelser m.m."

At forureiningsproblematikken kan løysast gjennom føresegner til reguleringsplanen hindrar likevel ikkje at ein kan velje å la denne problematikken handsamast etter utleppsløyve etter forureiningslova. Dette vil det i stor grad vere opp til kommunen å avgjere.

Dersom det etter fylkesmannen si vurdering ikkje er satt tilstrekkelege miljøkrav i føresegnene til ein reguleringsplan, har fylkesmannen plikt til å vurdere om verksemda er konsesjonspliktig etter forureiningslova.

Når det gjeld motsegna frå Rogaland fylkeskommune er det ikkje tvilsamt at det omtala tiltak vil føre til vesentlege inngrep i natur og landskap i Espevik, mellom anna ved at toppen av fjellet Såt vil bli senka og eit større område vert øydelagt for all framtid. Det vil ha stor verknad for friluftslivet i området, mellom anna vil steinbrotet vere godt synleg frå ein mykje brukt merka tursti til fjellet Lammanuten. Steinbrotet vil og ha stor verknad på omkringliggande busetnad, og det i sers lang tid. Driftstida er satt til omkring 200 år.

Departementet meiner at desse øydeleggjande verknadane på eit område med vesentleg regional verd gjer grunnlag for ikkje å stadfeste planen. Departementet legg i denne samanheng vekt på fylkeskommunen si uttale og ansvar som regionalpolitisk organ. Departementet finn på grunnlag av dette å ta motsegna frå fylkeskommunen til følgje.

Vedtak

I medhald av § 27-2 nr. 2 i plan- og bygningslova stadfestar ikkje departementet vedtak i Tysvær kommunestyre i møte den 21. oktober 2003 om reguleringsplan med reguleringsføresegner for steinbrot i Espevik.

Saksdokumenta ligg ved.

Med helsing
Knut Arild Hareide

Vedlegg:
Plandokumenta

Kopi:
Tysvær kommune
Rogaland fylkeskommune
Nærings- og handelsdepartementet
Bergvesenet