Fjell kommune - reguleringsendring Søre Bjorøyna (fritidsbebyggelse/rorbu - strandsone)

Avgjørelse i innsigelsessak, 5. mai 2006

Fjell kommune - motsegn til reguleringsendring Søre Bjorøyna

Saka er send Miljøverndepartementet ved fylkesmannen sitt brev 8. desember 2005, for avgjerd etter plan- og bygningslova § 27‑2 nr. 2.

Miljøverndepartementet stadfestar ikkje reguleringsendring frå naust til rorbu på gnr. 51 bnr. 12, Søre Bjorøyna i Fjell kommune. Av omsyn til allmenta sin tilgang til strandsona om vern av strandsona i regionen kan det ikkje byggjast slik kommunestyret har vedteke. Motsegna frå Fylkesmannen i Hordaland ved miljøvernavdelinga er dermed teken til følgje.

Bakgrunnen for saka

Reguleringsplan for Høganeset på Søre Bjorøyna i Fjell kommune vart vedteken 3. juni 1999. Det er seinare godkjend nokre mindre endringar i planen. Kommunestyret godkjende 25. august 2005 reguleringsendring frå naust til rorbu på gnr. 51 bnr. 12.

Fylkesmannen ved miljøvernavdelinga fremma 13. januar 2005 motsegn mot reguleringsendringa. Fylkesmannen gjorde merksam på det skjerpa strandsonevernet og meinte at ei endring frå naust til rorbuer vil føre til auka privatisering av strandsona. Ifølgje fylkesdelplan for kystsona skal bustader som hovudregel ikkje plasserast i sjøkanten, bortsett frå når byggjeskikk eller topografiske tilhøve gjer dette til det beste alternativet. Fylkesmannen meiner dette og må gjelde fritidsbustadar.

Fylkeskommunen viste i brev 31. januar 2005 til retningsliner i fylkesdelplan for kystsona. Byggjeområde skal som hovudregel planleggjast slik at det vert mogeleg med ferdsel langs stranda, og det bør setjast ei byggjegrense mot sjø. I byggjeområde bør bryggjeanlegg, kaier, båthamner og naust innafor bustad- og hytteområde planleggjast slik at minst mogeleg av strandarealet vert bandlagt, og slik at strandarealet ikkje vert privatisert. Fylkeskommunen rådde frå ein reguleringsendring frå naust til rorbu i reguleringsplanen for Høganeset.

Mekling i saka vart ikkje gjennomført. Fylkesmannen meiner det er prinsipielt uheldig å opne for bygging av fritidsbustader i strandkanten og ønskte av den grunn ikkje å inngå kompromiss i saka. Den 20. april 2005 blei det halde et uformelt møte med fylkesmannen, kommunen og tiltakshavar for om mogeleg å kome fram til ei løysing, men fylkesmannen sto ved motsegna si.

Kommunestyret vedtok reguleringsendringa 25. august 2005. Av rådmannen si saksframstilling går det fram at bygging av rorbuer er i strid med overordna planar og at naboane i området er sterkt imot at det vert gjeve løyve til omdisponering. Fjell kommune manglar nausttomter, og ei omregulering frå naust til rorbuer vil medføre auka press på attverande ubebygd strandareal med tanke på frådeling av nye nausttomter, ifølgje rådmannen. Kommunen sin komité for plan og utvikling (planutvalet) tilrådde 21. juni 2005 at reguleringsendringa ikkje vart godkjent.

Kommunen sende saka til fylkesmannen ved brev 10. oktober 2005.

Fylkesmannen rådde i oversendingsbrevet 8. desember 2005 til at departementet tek motsegna til følgje. Fylkesmannen viste til det aukande presset på strandsona i Hordaland, og fylkesmannen meiner omreguleringa frå naust til rorbuer/fritidshus ikkje er i samsvar med regional og nasjonal strandsonepolitikk.

Synfaring og møte om saka vart halde 20. februar 2006, med representantar for kommunen, fylkesmannen, byggherre, naboar, Direktoratet for naturforvaltning og Miljøverndepartementet til stade.

Fjell kommune ved ordføraren sende 1. mars 2006 ei skriftleg klargjering av dei politiske synspunkta i saka. Ifølgje brevet er det ikkje tradisjon for rorbuer i kommunen, og prosjektet på Høganeset er det første kommunestyret har godkjent. Etter kommunen si meining vil ikkje dette prosjektet privatisere strandsona ytterlegare. Det er vanskeleg å nytte området til naust slik det no ligg. Det er eit problem i Fjell kommune at mange søkjer om oppføring av naust, men nausta vert innreia og nytta til fritidsbustad i staden. Resultatet er at infrastrukturen kring desse "fritidsnausta" ikkje er på plass. Dette er ikkje ønskjeleg i Fjell.

Kommunen meiner det er god tilgong for allmenta på området. Dei som bur i byggjefeltet ovanfor har båtplassar i den allereie eksisterande marinaen, ifølgje brevet.

Direktoratet for naturforvaltning rår i brev 8. mars 2006 til at motsegna blir teken til følgje. Reguleringsendring frå byggjeområde for fritidsbebyggelse (naust) til byggjeområde for fritidsnaust/rorbuer kjem ifølgje direktoratet i konflikt med den nasjonale strandsonepolitikken.

Bruksforma naust har ein viss privatiserande effekt, men har inga "privat sone". Eit naustområde vil vere ope for andre sin bruk i ein heilt annan grad enn eit område for fritidsbebyggelse (fritidsnaust, rorbu). Direktoratet for naturforvaltning meiner ei omregulering frå naust til fritidsbustader vil medføre auka privatisering av strandsona. Denne privatiseringa vil vere vesentleg for brukarar både frå land og frå sjø.

Fritidsbustader treng ikkje lokaliserast i strandsona slik at ein kjem i konflikt med den nasjonale strandsonepolitikken. Særleg konfliktfylt er fritidsbustader som ligg heilt i strandkanten. Naust og hamner må naturleg nok lokaliserast i strandkanten, og direktoratet finn at reguleringsplanen for naust og småbåthamn (før planendringa) følgjer opp den nasjonale strandsonepolitikken godt nok.

Søknaden om reguleringsendring er grunngjeve med at det har vore dårleg sal/etterspurnad etter naust. Direktoratet for naturforvaltning har merka seg at terrenget er planert 2,5 meter over normalvasstanden og at det er ført fram straum, vatn og avlaup til kvart naust utan at det er søkt om løyve til det. Det kan ha gjeve et prisnivå som er for høgt for tradisjonelle naust. Det kan sjå ut som det tidleg er lagt til rette for ei bruksendring frå naust til fritidsbustader, ifølgje direktoratet.

Ei omregulering vil føre til at etterspurnaden etter naust må dekkast andre stader i strandsona, med dei negative verknadene det kan ha. Direktoratet for naturforvaltning finn at omreguleringa er i strid med den nasjonale strandsonepolitikken og retningslinene i fylkesdelplanen for strandsona i Hordaland.

Miljøverndepartementet si vurdering

Motsegna gjeld omregulering frå byggjeområde for naust til byggjeområde for fritidsbustader (fritidsnaust/rorbuer).

Det er eit viktig nasjonalt mål å unngå utbygging i 100-metersbeltet langs sjøen, blant anna for å sikre allmenn ferdsel og omsynet til landskap og natur. Det er naudsynt med ei offensiv og framtidsretta forvaltning av strandsona. Dette er blant anna uttrykt i St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Eit breitt fleirtal i Stortinget støtta opp om politikken i meldinga. Noverande regjering ønskjer ein skjerpa praksis når det gjeld bygging i 100‑metersbeltet langs sjøen.

Departementet er samd i at rorbuer verkar meir privatiserande enn naust. Fritidsbustader blir brukt i fleire timer av døgnet enn naust, og bruken er meir samanhengande. Bruksforma naust har heller ikkje ei "privat sone" kring bygget slik fritidsbustader har. Ei omregulering frå naust til fritidsbustader vil medføre auka privatisering av strandsona.

Det er mangel på nausttomter i Fjell kommune. Ei omregulering vil føre til at etterspurnaden etter naust må dekkast andre stader i området. Departementet må ta omsyn til vern av strandsona i heile regionen.

Departementet har merka seg at mange søkjer om oppføring av naust i Fjell kommune, men innreiar og nyttar naustet til fritidsbustad. Fjell kommune har plikt til å ta tak i eventuelle lovbrot.

Departementet har kome til at det ikkje er grunnlag for å godkjenne reguleringsendringa på Søre Bjorøyna. Departementet legg vekt på allmenta sin tilgang til strandsona innanfor planområdet og nasjonal politikk for vern av strandsona i heile regionen.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 27‑2 finn Miljøverndepartementet ikkje å kunne stadfeste Fjell kommunestyre sitt vedtak 25. august 2005 om omregulering frå byggjeområde for fritidsbebyggelse (naust) til byggjeområde for fritidsnaust/rorbuer i reguleringsplan for Høganeset på Søre Bjorøyna i Fjell kommune.

Kommunen er orientert om departementet sitt vedtak ved kopi av dette brevet.

Med helsing
Helen Bjørnøy

Kopi:
Fjell kommune, ordføraren, Postboks 184, 5342 STRAUME
Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 BERGEN
Direktoratet for naturforvaltning, 7485 TRONDHEIM
Kjartan Stornes Bygg og Anlegg AS, Sandviksboder 73 A, 5035 BERGEN
Synnøve Thormodseter, Geitaveien, 5177 BJØRØYHAMN