Stranda kommune - motsegn til reguleringsplan for del av Hellesylt sentrum - djupvasskai

Miljøverndepartementet finn ikkje grunn til å stadfeste reguleringsplanen for djupvasskai på Hellesylt slik den no ligg føre. Dette mellom anna av omsyn til nærleiken til Korsbrekke naturreservat, men og ut frå opplysningane frå Stranda kommune om at det vert fremma eit nytt forslag til djupvasskai som vil ta større omsyn til nemnde naturreservat.

Vi viser til brev av 8. september 2008 frå Møre og Romsdal fylke med oversending av ovanfor nemnde sak.

Saka er i medhald av plan- og bygningslova § 27-2 nr. 2 send Miljøverndepartementet for handsaming og endeleg avgjerd etter motsegn frå Fylkesmannen grunna samfunns-tryggleik, og Fylkesdirektøren av omsyn til det nærliggande Korsbrekke naturreservat.

Miljøverndepartementet finn ikkje grunn til å stadfeste reguleringsplanen for djupvasskai på Hellesylt slik den no ligg føre. Dette mellom anna av omsyn til nærleiken til Korsbrekke naturreservat, men og ut frå opplysningane frå Stranda kommune om at det vert fremma eit nytt forslag til djupvasskai som vil ta større omsyn til nemnde naturreservat.

Bakgrunn for saka

I gjeldande reguleringsplan av 1988 og kommunedelplan av 1993 er det aktuelle området disponert til industri, skule og friområde mot sjø. Arbeidet med regulerings-planar for djupvasskaier på Hellesylt og Stranda tok til i 2005. Eit første forslag til reguleringsplan med konsekvensutgreiing (KU) vart lagt ut til offentleg ettersyn rundt årsskiftet 2006/2007. Risikoen for flodbølgjer var då ei nyleg avdekt problemstilling.

I møte mellom kommunen og fylket 15. februar 2007 vart det avtalt at vidare behandling
av reguleringsplanen skulle stillast på vent, og at kommunen skulle legge fram tilleggs-KU. Ein felles KU-tilleggsdel for kaiene på Hellesylt og Stranda saman med reguleringsplan for eit sterkt innskrenka planområde vart sendt fylket ved brev av 22. august 2007. Etter kontakt mellom kommunen og fylket vart det på ny avtalt at planbehandlinga burde avvente eventuelle nye føringar frå sentralt hald. Å legge ned formelt byggeforbod langs fjordsystemet vart ikkje sett som ønskjeleg, med tanke på den negative fokus som då ville bli skapt.

Planprosessen gjekk parallelt med at det gjennom Åknes-/Tafjordprosjektet kom fram nye data og informasjon, samstundes som det gjekk avklaringar mot sentrale styremakter om forståing av regelverk og eventuelle behov for regelverksendringar.

Saka vart tatt opp på nytt i mai 2008, og revidert planmateriale vart sendt fylkes-mannen/fylket og Kystverket til avgrensa høyring. Begge planane var no svært innskrenka samanlikna med tidlegare offentleg ettersyn.

Fylkesmannen fremja motsegn i brev av 9. juni 2008 ut frå omsynet til samfunns-tryggleiken. Det vart peikt på at det i planføresegnene må stillast krav som sikrar at kaia ikkje er i bruk ved ei eventuell flodbølgje. Ei føresegn må vidare sikre at operativ beredskap av høg kvalitet er på plass før kaia blir teken i bruk.  Kaiarealet må også visast i planen som fareområde.

Vidare peikar fylkesmannen på at omsynet til tryggleiken til materielle verdiar ikkje er ivareteke, jfr. krava i dei tekniske føresegnene § 7-32 nr. 2. Beredskapen endrar ikkje føresetnadene med omsyn til materielle verdiar.

Møre og Romsdal fylke v/fylkesdirektøren fremma også motsegn i brev av 9. juni 2008. Her vart det vist til at det i planføresegnene må stillast krav om etablering av overvakingssystem for Korsbrekke naturreservat. Elvedeltaet er verna på  bakgrunn av elveos og havstrand med viktig strandvegetasjon.  Av omsyn til reservatet meiner fylkesdirektøren at det i planføresegnene også må visast til krav om skipa si manøvrering ved kai, og at det må setjast krav til kva type fartøy som skal ha los- og farledsbevis.

Kystverket uttrykte i fråsegn datert 10. juni 2008 sterk skepsis til planen, ut frå både tryggleiksmessige og maritime forhold. Kystverket finn det uakseptabelt å skulle påleggje bruk av redusert maskinkraft av omsyn til naturreservatet. Kystverket så uansett for seg ei anna kaiplassering på Hellesylt ut frå maritime forhold.

Stranda kommune fatta i møte den 25. juni 2008 vedtak om godkjenning av reguleringsplan for djupvasskai på Hellesylt. Kommunen viser til at Stranda er ei av dei største turistkommunane i Møre og Romsdal, med dei kjende turistmåla Hellesylt og Geiranger. Turistnæringa er stor i dette området, og for å utvikle dette produktet vidare har ein derfor behov for kaier både på Hellesylt og Stranda. Dette vil gjere det mogleg å legge til rette for å kunne utnytte det potensialet som ligg i at båtar legg til kai.
Stranda kommune er klar over at dei tekniske føresegnene presiserer korleis tryggleik skal vere med omsyn til skredfare, og at ein ikkje med dei planane som no er lagt fram, inkludert utarbeidde beredskapsplanar og kriseplanar, ikkje kan ivaretake dei materielle verdiane. Ein er likevel rimeleg trygg på at persontryggleiken er ivareteken og at dette er den viktigaste delen av saka. Då må materielle verdiar kome i andre rekkje.

Slik saka er for Stranda kommune, er det etter kommunen si meining heilt naudsynt at reguleringsplanane for djupvasskaier på Stranda og Hellesylt vert godkjende. Kaiene vil ha store positive verknader for utviklinga i kommunen og distriktet. Kommunen rår departementet til å dispensere frå gjeldande regelverk og godkjenne framlagde planar.

Mekling blei ikkje vurdert som relevant i denne saka.

Møre og Romsdal fylke v/fylkesdirektøren gir i sitt oversendingsbrev hit av 8. september 2008 ei grundig utgreiing av motsegnene. I si tilråding viser fylkesdirektøren til Kystverket sine faglege merknader om dei maritime tilhøva, og finn at foreslått plassering av djupvasskai er lite egna for store skip. Plasseringa kan også føre til skade på verneverdiane i Korsbrekke naturreservat. Det er såleis etter fylkesdirektøren si meining vanskeleg å sjå at planen bør godkjennast, sjølv om det blir lagt til grunn andre tryggleikskrav enn det regelverket som gjeld i dag.

Fylkesdirektøren peikar i si uttale på at for å kome vidare med meir heilskapleg planlegging for Hellesylt og mange andre stader langs Storfjorden, er det no stort behov for ei snarleg overordna avklaring når det gjeld krav til tryggleik i forhold til flodbølgjer.

Synfaring i saka blei halde den 29. januar 2009 med bl.a. representantar frå kommune, fylke, Kystverket, Direktoratet for naturforvaltning, Justisdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Miljøverndepartementet. Under synfaringa kom det fram at Stranda kommune vurderte ei flytting av djupvasskai lenger unna Korsbrekke naturreservat, og at kommunen i den samanheng ville sjå på ei justering av regulerings-planen.

Direktoratet for naturforvaltning (DN) ga uttale hit i brev av 26. februar 2009. DN er i hovudsak samd i det faglege grunnlaget for motsegna frå Møre og Romsdal fylke, og tilrår at Miljøverndepartementet støttar motsegna. DN meiner viktige verneverdiar
i Korsbrekke naturreservat ikkje kan oppretthaldast om deltafronten vert utsett for erosjon frå kraftige propellstraumar. DN tilrår at det ikkje vert akseptert å lokalisere og utforme ei djupvasskai som kan medføre at manøvrering av store båtar kan øydeleggje verneverdiar i reservatet.

Fiskeri- og kystdepartementet (FKD) ga uttale i saka i brev av 15. juni 2009. I brevet hit viser FKD til at saka har vore handsama av Kystverket som mellom anna uttalar:

”Regulert kailøsning på tvers og nært land mellom to elveoser er ikke en god navigasjonsmessig løsning…
Kailøsningen kan ikkje aksepteres dersom den pga nærliggende vernet elveos skulle medføre restriksjoner på bruk av maskin-/manøvreringskraft for store cruiseskip ved tillegg/avgang frå kai….. Kystverket mener at nautisk sett er den mest gunstige løsningen på vestsiden av fjorden(utenfor badeanlegget).

I forhold til forventa rasfare (Åkneset med mer).

Kystverket anser opphold på fjorden med tendring istedenfor anløp til kai for å være en tryggere løsning såframt sikker tidsfaktor for avgang fra kai kan ivaretas med beredskap og varslingsrutiner.”  

Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) uttala seg i brev hit av 25. august 2009. KRD peikar på dei generelle reglane som i dag gjeld etter plan- og bygningslova
§ 68, og at det etter dei ikkje er tillate å plassere tiltak i område der det ligg føre forhold som utgjer fare eller vesentleg ulempe for bebuarar eller brukarar. Etter gjeldande regelverk kan ein såleis ikkje tillate djupvasskaia på Hellesylt.  KRD peikar samstundes på at regelverket er under endring og at det er truleg at dette vil opne for å tillate slike tiltak i framtida.

Justis- og politidepartementet (JD) ga uttale i brev av 4. september 2009 og peikte mellom anna på at kommunane har eit generelt og grunnleggande ansvar for å ta i vare innbyggarane sin sikkerheit og tryggleik innanfor sine geografiske område. Det vert i denne samanheng vist til plan- og bygningslova og tilhøyrande tekniske føresegner.
   
Miljøverndepartementet si vurdering

Konflikten i denne saka gjeld spørsmålet om det skal kunne etablerast ei djupvasskai i Hellesylt sentrum. Motsegnene gjeld både verknadane frå bruken av djupvasskaia for nærliggjande naturreservat og omsynet til samfunnstryggleik grunna risikoen for flodbølgjer ved ras frå Åkneset.

Når det gjeld følgjene for Korsbrekke naturreservat viser vi til uttala frå Direktoratet for naturforvaltning (DN) om at slik kaia no er plassert, vil truleg kraftige propellstraumar frå cruiseskip kunne føre til erosjon av elvedeltafronten. Vi viser i den samanheng og til uttala frå Kystverket.

Miljøverndepartementet meiner det vil vere uheldig å plassere ei djupvasskai slik som vist i den aktuelle reguleringsplanen med den verknad at Korsbrekke naturreservat blir påført stor skade. Motsegna frå fylkesdirektøren vert derfor teken til følgje.

Når det gjeld bygging av djupvasskai i Hellesylt og omsynet til samfunnstryggleik, er dette spørsmålet no blitt nærare avklart gjennom endringa av dei tekniske føresegnene som blei gjort gjeldande frå 4. september 2009. Endringa inneber at tiltak som til dømes djupvasskaier kan etablerast der det er lagt opp til tilfredsstillande system for varsling.

På bakgrunn av dette finn Miljøverndepartementet at det ut frå omsynet til samfunns-tryggleik ikkje er noko til hinder for at ei djupvasskai blir etablert på Hellesylt. Den nærare plassering er vi kjend med vil bli avklara gjennom ein ny reguleringsprosess. Motsegna frå fylkesmannen vert derfor ikkje teken til følgje.

      Vedtak

I medhald av § 27-2 i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 finn Miljøvern-departementet ikkje å kunne stadfeste Stranda kommunestyre sitt vedtak av 25. juni 2008 om reguleringsplan for djupvasskai på Hellesylt.

Kommunen er orientert om departementet si avgjerd ved kopi av dette brev.


Med helsing


Erik Solheim


Kopi:
Stranda kommune
Fiskeri- og kystdepartementet
Justis- og politidepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Direktoratet for naturforvaltning