Stranda kommune – motsegn til reguleringsplan for del av Stranda sentrum - djupvasskai

Miljøverndepartementet stadfester reguleringsplan for del av Stranda sentrum – djupvasskai. Departementet finn etter endring av dei Tekniske føresegnene 4. september 2009 ikkje lenger grunn til å gå mot ei slik kai ut frå tryggleiks-omsyn.

Vi viser til brev av 8. september 2008 frå Møre og Romsdal fylke med oversending av ovanfor nemnde sak.

Saka er i medhald av plan- og bygningslova § 27-2 nr. 2 send Miljøverndepartementet for handsaming og endeleg avgjerd etter motsegn frå fylkesmannen grunna samfunns-tryggleik.

Miljøverndepartementet stadfester reguleringsplan for del av Stranda sentrum – djupvasskai. Departementet finn etter endring av dei Tekniske føresegnene 4. september 2009 ikkje lenger grunn til å gå mot ei slik kai ut frå tryggleiks-omsyn.

Bakgrunn for saka

I gjeldande reguleringsplan er det aktuelle området i hovudsak regulert til industriformål. Arbeidet med reguleringsplanar for djupvasskaier på Hellesylt og Stranda tok til i 2005. Eit første forslag til reguleringsplan med tilhøyrande konsekvensutgreiing (KU) vart lagt ut til offentleg ettersyn rundt årsskiftet 2006/2007. Risikoen for flodbølgjer var då ei nyleg avdekt problemstilling.

I møte mellom kommunen og fylket den 15. februar 2007 vart det avtalt at vidare handsaming av reguleringsplanen skulle stillast på vent, og at kommunen skulle legge fram tilleggs-KU for samfunnstryggleik og beredskap. Ein felles KU-tilleggsdel for kaiene på Hellesylt og Stranda saman med reguleringsplan for eit sterkt innskrenka planområde vart sendt fylket ved brev av 22. august 2007. Etter kontakt mellom kommunen og fylket vart det på ny avtalt at planbehandlinga burde avvente nye føringar frå sentralt hald. Å legge ned formelt byggeforbod langs fjordsystemet vart ikkje sett på som ønskjeleg, med tanke på den negative fokus som då ville bli skapt.

Planprosessen gjekk parallelt med at det gjennom Åknes-/Tafjordprosjektet kom fram nye data og informasjon, samstundes som det gjekk avklaringar mot sentrale styremakter om forståing av regelverk og eventuelle behov for regelverksendringar.

Saka vart tatt opp på nytt i mai 2008, og revidert planmateriale vart sendt fylkes-mannen/fylket og Kystverket til avgrensa høyring. Begge planane var nå svært innskrenka samanlikna med tidlegare offentleg ettersyn.

Fylkesmannen fremja motsegn i brev av 9. juni 2008 ut frå omsynet til samfunns-tryggleiken. Det vart peikt på at det i planføresegnene må stillast krav som sikrar at kaia ikkje er i bruk ved ei eventuell flodbølgje. Ei føresegn må vidare sikre at operativ beredskap av høg kvalitet er på plass før kaia  blir teken i bruk. Kaiarealet må også visast i planen som fareområde.

Vidare peikar fylkesmannen på at omsynet til tryggleiken til materielle verdiar ikkje er ivareteke, jfr. krava i dei tekniske føresegnene § 7-32 nr. 2. Beredskapen endrar ikkje føresetnadene med omsyn til materielle verdiar.

Møre og Romsdal fylke peika på det uheldige i at planområdet er innskrenka, men aksepterte planen.

Kystverket slutta seg i fråsegn datert 10. juni 2008 til den valde kaiplasseringa framfor den alternative lokaliteten ved Oushammaren. Oppankring av cruisebåtar er uaktuell ved Stranda sentrum på grunn av store djupner. Kystverket ga uttrykk for at dersom nasjonal rasekspertise gjev aksept for at det er lite sannsynleg at store fjellskred går utan forvarsel på minimum timebasis, ser Kystverket ingen grunn til å skulle gå mot bygging og bruk av kai ved Stranda sentrum.

Mekling blei ikkje vurdert som relevant i denne saka.

Stranda kommune fatta i møte den 25. juni 2008 vedtak om godkjenning av reguleringsplan for djupvasskai på Stranda. Kommunen viser til at Stranda er ei av dei største turistkommunane i Møre og Romsdal, med dei kjende turistmåla Hellesylt og Geiranger. Turistnæringa er stor i dette området, og for å utvikle dette produktet vidare har ein derfor behov for kaier både på Hellesylt og Stranda. Dette vil gjere det mogeleg å legge til rette for å kunne utnytte det potensialet som ligg i at båtar legg til kai.

Stranda kommune er klår over at dei tekniske føresegnene presiserer korleis tryggleik skal vere med omsyn til skredfare, og at ein med dei planane som no er lagt fram, inkludert utarbeidde beredskapsplanar og kriseplanar, ikkje kan ivaretake dei materielle verdiane. Ein er likevel rimelig trygg på at persontryggleiken er ivareteken, og at dette er den viktigaste delen av saka. Då må materielle verdiar kome i andre rekkje.

Slik saka er for Stranda kommune, er det etter kommunen si meining heilt naudsynt at reguleringsplanane for djupvasskaier på Stranda og Hellesylt vert godkjende. Kaiene vil ha store positive verknader for utviklinga i kommunen og distriktet. Kommunen rår departementet til å dispensere frå gjeldande regelverk og godkjenne framlagde planar.

Møre og Romsdal fylke v/fylkesdirektøren gir i sitt oversendingsbrev hit av 8. juni 2008 ei utgreiing av motsegna. Fylkesdirektøren gjer mellom anna grundig greie for den særlege situasjonen som kommunane, særleg Stranda og Norddal, langs Storfjorden har kome i som følgje av den store faren for skred ved Åkneset med påfølgjande flodbølgje. Det vert mellom anna gjort god greie for forholdet til beredskap og varsling, her under også forholdet mellom liv og helse og materielle verdiar. 

Når det gjeld sjølve motsegna peikar fylkesdirektøren på at motsegna ikkje er tatt til følgje slik plankart og føresegner er utforma. På plankartet skal det visast fareområde slik også kommunestyret har vedteke. I tillegg bør det i føresegn bli gitt meir klar-gjerande retningsliner om krav til terminering av aktiviteten ved kaia.

Det vert vidare peika på at den del av motsegna som gjeld omsynet til materielle verdiar ligg utanfor kommunen sin kompetanse å etterkomme, og reiser spørsmål om eventuell regelverksendring.

I oversendingsbrevet frå Møre og Romsdal fylke vert det og peika på at det til saka er kome ein klage frå advokat Knut-Asbjørn Solevåg der det vert hevda at det ligg føre sakshandsamingsfeil med omsyn til manglande utgreiing av både alternativ lokalitet (Oushammaraen) og spesielle støykonsekvensar i forhold til eksisterande busetnad. Vidare vert det klaga på feil handsaming/manglande informasjon knytt til inn-skrenkingar i plan- og reguleringsføresegnene ved slutthandsaminga i kommunestyret.

Fylkesdirektøren kan i si  tilråding ikkje sjå at tryggleiksomsyn bør hindre etablering av djupvasskai på Stranda. Varslings- og beredskapssystema som er under etablering bør kunne vurderast som tilfredsstillande kompenserande tiltak i denne saka.  Ved god-kjenning av planen vil det vere behov for justering av kart og føresegner som nemnd ovanfor, herunder krav til operativ beredskap.

Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) uttala seg i brev hit av 25. august 2009. KRD peikar på dei generelle reglane som i dag ( før 4. september 2009) gjeld etter plan- og bygningslova (1985-lova)§ 68, og at det etter dei ikkje er tillate å plassere tiltak i område der det ligg føre forhold som utgjer fare eller vesentleg ulempe for bebuarar eller brukarar. Etter gjeldande regelverk kan ein såleis ikkje tillate djupvasskai på Stranda. KRD peikar samstundes på at regelverket er under endring og at det er truleg at dette vil opne for å tillate slike tiltak i framtida.

Justis- og politidepartementet (JD) ga uttale i brev av 4. september 2009 og peikte mellom anna på at kommunane har eit generelt og grunnleggande ansvar for å ta i vare innbyggarane sin sikkerheit og tryggleik innanfor sine geografiske område. Det vert i denne samanheng vist til plan- og bygningslova og tilhøyrande tekniske føresegner.

Miljøverndepartementet si vurdering

Konflikten i denne saka gjeld spørsmålet om det skal kunne etablerast ei djupvasskai i sentrum på Stranda. Motsegna gjeld omsynet til samfunnstryggleik grunna risikoen for flodbølgjer ved ras frå Åkneset.

Miljøverndepartementet er klår over dei store konsekvensar ei flodbølgje ved ras frå Åkneset vil få for fleire av bygdene langs Storfjorden, både menneskeleg og materielt. Ut frå dette er det viktig at ein gjer dei avbøtande tiltak som i denne samanheng vert sett på som mogeleg, og at ein ikkje sett i gang tiltak som vil kunne bli påført svært stor skade. Vi vil her peike på at det er den einskilde kommune som etter plan- og bygningslova har eit generelt ansvar for å sikre/legge til rette for forsvarleg bruk av  sitt areal. Vi vil og vise til § 68 i plan- og bygningslova av 1985, som fastset at grunn ikkje kan frådelast eller byggjast på utan at det er tilstrekkeleg tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe som følgje av natur- eller miljøforhold.

Departementet er også klår over at kommunane i det flodbølgjeutsette området har lagt ned eit stort arbeid for å sikre at menneskeliv ikkje skal gå tapt, gjennom eit omfattande varslingssystem og heilkontinuerleg overvaking av dei utsette fjellsider. Kommunane har til dømes utarbeid beredskapsplanar, og det er sett i verk eit døgnkontinuerlig overvakingsopplegg.  Slik sett har ein god tru på at skadeomfanget kan avgrensast monaleg. Dei materielle verdiar vil ein likevel måtte rekne med blir påført skade.

I denne samanheng har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) vurdert rekkevidda av dei tekniske føresegnene knytt til plan- og bygningslova. I ei endring av desse føresegnene, som vart satt i kraft frå 4. september 2009, er det no opna for at visse nye tiltak i den utsette faresona kan tillatas under føresetnad av at vilkåra i § 7-32 i dei tekniske føresegnene vert oppfylt. Mellom dei tiltak KRD nemner no kan oppførast er djupvasskaier.

Når det gjeld den framsette klage frå advokat Knut-Asbjørn Solevåg på vegne av Pitings AS på Stranda, gjer vi merksam på at kommunestyret sitt vedtak i saker der det ligg føre motsegn ikkje er gjenstand for klage. I slike saker har ikkje kommunestyret lenger vedtakskompetanse og departementet trer inn i kommunestyret sin stad. Når kommunestyret likevel treff  vedtak i slike saker er det meir å oppfatte som eit prosessleiande vedtak. Departementet kan vere samd med advokat Solevåg i at klagen burde vert handsama, men ein ser det slik at kommunen i den samanheng berre kunne fatte eit avvisningsvedtak.

Dei forhold som advokat Solevåg har tatt opp er vurdert i samband med departementet si handsaming av motsegna. Spørsmålet om alternativ plassering ved Oushammaren er etter det departementet finn i saksdokumenta vurdert i konsekvensutgreiinga, men ikkje vurdert som tilfredsstillande. Vi viser og til uttale av 10. juni 2009 frå Kystverket som anbefaler kai i Stranda sentrum framfor kai ved Oushammaren.

Når det gjeld konsekvensar av støy frå aktivitet frå kaia, legg vi til grunn at det i nødvendig grad vert gjort avbøtande tiltak for å bringe pårekna støy inn under akseptabelt nivå. Dette er også nemnd i støyrapporten.

Når det gjeld merknaden om sakshandsamingsfeil knytt til at redusert/justert reguleringsplan og innskrenkingar i reguleringsføresegnene ikkje vart lagt ut på ny offentleg høyring,  kan vi vere samd med advokat Solevåg i at dette formelt sett burde vert gjort. Det reduserte planframlegget  vart berre sendt dei offentlege instansar som var inne i saka. Vi finn likevel ikkje at dette i denne samanheng er ein slik sakshandsamingsfeil som gjer at den reviderte reguleringsplana vert ugyldig, jfr. forvaltningslovas § 41. I denne samanheng viser vi også til at dei synspunkt som Pitings AS og advokat Solevåg framfører, var kjende for kommunestyret ved handsaminga av reguleringsplanen i møte den 25. juni 2008.

På bakgrunn av det som er nemnd ovafor, og ut frå endringa i dei tekniske føresegnene og KRDs uttale, finn Miljøverndepartementet at det framlagte forslag til reguleringsplan for djupvasskai på Stranda no kan stadfestas. Vi legg og vekt på at Kystverket ikkje har gått mot den omtala djupvasskaia, under føresetnad av at nasjonal rasekspertise gjev aksept for at det er lite sannsynleg at store fjellskred går utan forvarsel på minimum timebasis.

Vi føresett at kommunen i samråd med fylket gjeng gjennom reguleringsføresegnene som er knytt til planen. Det må gjerast nødvendige utfyllingar og presiseringar med omsyn til krav som sikrar at kaia ikkje er i bruk ved ei eventuell flodbølgje, at det vert presisert at kaia er eit fareområde, om terminering av aktiviteten ved kaia, og at avbøtande tiltak skal setjast i verk ved støy over anbefalte støygrenser. Vi viser her mellom anna til uttala frå fylkesdirektøren. Reguleringsføresegnene bør også rettast opp med omsyn til paragrafrekkefølgje. Miljøverndepartementet vil elles peike på at kommunen bør gå vidare med planlegginga i sentrumsområdet, og søke å finne ei god tilpassing av dette området med det området som no er sett av til område for djupvasskai.

Motsegna frå fylkesmannen er dermed ikkje tatt til følgje.


      Vedtak

I medhald av § 27-2 stadfestar Miljøverndepartementet Stranda kommune-styre sitt vedtak i møte den 25. juni 2008 om reguleringsplan for djupvasskai i Stranda sentrum, slik det gjeng fram av reguleringsplankart dagsett 20. november 2006 og revidert 15. juni 2007. Samstundes stadfestar departementet dei tilhøyrande reguleringsføresegner.

Vi føreset at kommunen i samråd med fylket gjeng gjennom regulerings-føresegnene for å gjere dei nødvendige tilpassingar i høve til mellom anna bruken av kaia og støyforholda.

I samband med stadfestinga er det gjort nokre mindre opprettingar på regulerings-plankartet.

Det blir vist til reglane i plan- og bygningslova § 27-2 nr. 3 om kunngjering av stadfesta reguleringsplan.

 

Med helsing


Erik Solheim
   

Kopi:
Stranda kommune, 6200 Stranda
Kommunal- og regionaldepartementet
Justisdepartementet
Fiskeri- og kystdepartementet
Kystverket, Midt–Norge, Serviceboks 2, 6025 Ålesund
Advokat Knut-Asbjørn Solevåg, Pb. 372 Sentrum, 6001 Ålesund