Lærdal kommune - motsegn til kommunedelplan for Tønjum-Ljøsne

Miljøverndepartementet stadfestar kommunedelplan for Tønjum til Ljøsne med alternativa A4, A5, B5, C7 og D4. Omsynet til lokalbefolkninga, jordvern og natur- og kulturmiljøet, gjer at Miljøverndepartementet går inn for lang tunnel frå Tønjum til Stuvane. Motsegna frå Statens vegvesen er dermed ikkje tekne til følgje.

Saka er sendt Miljøverndepartementet ved brev av 19. april 2012 frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for avgjerd etter plan- og bygningslova (pbl)§ 5-6.

Miljøverndepartementet stadfestar kommunedelplan for Tønjum til Ljøsne med alternativa A4, A5, B5, C7 og D4. Omsynet til lokalbefolkninga, jordvern og natur- og kulturmiljøet, gjer at Miljøverndepartementet går inn for lang tunnel frå Tønjum til Stuvane.

Motsegna frå Statens vegvesen er dermed ikkje tekne til følgje.

Bakgrunn for saka

Lærdal kommunestyre vedtok samrøystes den 20. oktober 2011 kommunedelplan for Tønjum-Ljøsne med alternativ A5-B5-C7-D4 for ny E16, det vil seie alternativet med lang tunnel frå Voll til Stuvane. Administrasjonen i kommunen la fram ei tilråding med kort tunnel, A4-B5-C7-D4, fordi dei såg det vanskeleg å finne ei løysing for bruk av massane ved lang tunnel.

Statens vegvesen fremja motsegn til kommunestyrets vedtak, og saka vart difor sendt Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd.

Føremålet med kommunedelplanen er mellom anna å fastleggje framtidig trasé for E16 frå Tønjum til Ljøsne, eit strekke på ca 8 km. Dette er den siste delen av E16 gjennom Lærdal kommune som vert oppgradert. I tillegg var det behov for å oppdatere dei gamle kommunedelplanane for området, som sist vart reviderte i 1995. Konsekvensutgreiinga låg ute til offentleg ettersyn med åtte ulike veglinjekombinasjonar, samansatt av ulike traséar for dei fire ulike delområda i planområdet. Desse er synt på kartet som område A-D.

Statens vegvesen har fremja motsegn både til lang og kort tunnel. Motsegna er grunngitt med at meirkostnader til drift, vedlikehald og gjennomføring er større enn gevinstane alternativa har i høve til andre element som jordvern, kultur- og naturmiljø og landskap. Det er liten skilnad på kostnader mellom lang og kort tunnel, og i eit samfunnsøkonomisk rekneskap kjem desse alternativa ut med stor negativ nytte.

Det er også fremma motsegn til alternativ B4, ein indre trasé, på grunn av rasfare i form av flaumskred, jordskred og steinsprang frå fjellsida over.

Statens vegvesen har også motsegn til ei utbetring av eksisterande vegtrasé (K1 eller A1-D1). Dette er grunngitt med at alternativet vil gi ein lågare standard på E16 mellom Tønjum og Ljøsne enn elles langs E16. Ei slik utbygging vil berre vere litt billigare enn andre alternativ, og vegvesenet meiner ein får lite att ved å bruke nesten like mykje pengar som ved full utbygging. Det er anbefalt ein lik standard på E16 gjennom Lærdal kommune.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane tilrår i si oversending av saka til Miljøvern­departementet at Statens vegvesen sine motsegner til lang tunnel og B4 vert teke til følgje. Fylkesmannen støtter ikkje motsegna til kort tunnel forbi Ljøsne, og legg stor vekt på fråsegnene frå fylkeskommunen og det eintydige synet Lærdal kommune og innbyggjarane har fremja. Desse talar for å velje ei tunnelløysing, men fylkesmannen meiner det ikkje er forsvarleg ut i frå kostnadene å velje lang tunnel. 

Mekling vart gjennomført 20. desember 2011, men Statens vegvesen si motsegn vart ikkje løyst. Kommunen var negativ til å finansiere meirkostnader ved bompengar på E16.

Synfaring og møte i saka vart gjennomført 21. september 2012, med representantar ifrå Miljøverndepartementet, Samferdselsdepartementet, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Lærdal kommune, Statens vegvesen og grunneigarar til stades.

Samferdselsdepartementet ga ei tilråding i saka ved brev av 4. januar 2013. Dei tilrår at det blir bygd veg i dagen ifrå Tønjum til Rahella (A4 og B3) og ein kort tunnel mellom Rahella og Ljøsne (alternativ C6). Samferdselsdepartementet meiner kort tunnel kan forsvarast ut frå omsynet til jordvern, kultur- og naturmiljø i dalen og dei sterke lokale ynskja om tunnel.

Miljøverndepartementet si vurdering

Kommunedelplanen legg opp til å fastleggje framtidig trasé for E16 gjennom kommunen. Vegen går i dag gjennom tettstaden Ljøsne  med butikk og skule, og nært spreidd gardsbusetnad, og opplevast som støyande og utrygg på heile strekninga. Det har vore ei sterk auke i trafikken etter at Lærdalstunnelen vart opna, særleg av godstrafikk.

Statens vegvesen har utarbeidd fleire løysingar på val av traséar, og anbefalar ei løysing utan tunnel.

Ein lang tunnel frå Sanden til Stuvane vil koste meir å vedlikehalde samanlikna med veg i dagen, men vil gje den beste løysinga for dei som bur på strekninga. Miljøvern­departementet meiner omsynet til innbyggjarane i Lærdal er viktig i saka. Auka i godstrafikk gjennom dalen gjer det vanskeleg å ferdast langs med vegen både for skuleborn og andre, og ei løysing med veg i dagen særleg i austre delen gjev også store ulemper for natur- og kulturmiljø.

På grunn av geografiske forhold, er det lite flatt areal egna til landbruksformål i dalføret. Der er difor viktig å kunne forvalte dei områda som er egna til jordbruk på ei god måte. Lærdalselva og lakseturistane er viktig for reiselivet i kommunen. Ein lang tunnel gir betre forhold for ei berekraftig turisme i dalen, og sikrar natur- og kulturverdiane på ein god måte.

Departementet meiner ein ny lang tunnel ifrå Tønjum til Stuvane vil vere ei stor forbetring i høve til innbyggjarane og lokal ferdsel. Lang tunnel vil gi ei god løysing for skulen på Ljøsne og for busetnaden på Saltkjelen. Ei utbetring av denne delen av E16 vil og vere sikra mot ras. Miljøverndepartementet meiner ei løysing med lang tunnel kan forsvarast ut i frå omsynet til dei klare lokale ynskja i saka, sikkerheit, jordvern og kultur- og naturmiljøet i dalen.

Miljøverndepartementet tek såleis ikkje omsyn til motsegna når det gjeld lang tunnel (A5). Traséen som vert vedteken er såleis A4 og alternativ K8 (A5, B5, C7 og D4).

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 5-6 stadfestar Miljøverndepartementet kommunedelplan for Tønjum til Ljøsne med fylgjande trasé; A4, A5, B5, C7 og D4.

 

Lærdal kommune er orientert om departementets vedtak ved kopi av dette brevet.

 

Med helsing

 

Bård Vegar Solhjell

   

Kopi:

Lærdal kommune

Samferdselsdepartementet

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Statens vegvesen Region Vest