Rindal kommune – motsegn til arealdelen av kommuneplanen 2013–2022

Departementet godkjenner utvidinga av Langlia hytteområde i Rindal kommune. Departementet meiner omsynet til reindriftsinteressene er tilstrekkeleg ivareteke i arealdelen av kommuneplanen, og legg vekt på at dei samla grepa i planen bidreg til ein føreseieleg situasjon for tamreindrifta i Rindal kommune.

Saka er send Kommunal- og moderniseringsdepartementet i brev frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal dagsett 25. april 2014. Saka vert avgjord etter plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd, ettersom områdestyret for reindrift i Sør-Trøndelag/Hedmark har motsegn til planen.

Departementet godkjenner utvidinga av Langlia hytteområde i Rindal kommune.

Departementet meiner omsynet til reindriftsinteressene er tilstrekkeleg ivareteke i arealdelen av kommuneplanen, og legg vekt på at dei samla grepa i planen bidreg til ein føreseieleg situasjon for tamreindrifta i Rindal kommune.


Bakgrunn for saka
Kommunestyret i Rindal kommune vedtok arealdelen av kommuneplanen i møte 27. juni 2013. I vedtaket vart motsegn frå områdestyret for reindrift ikkje teken til følgje, og området det er knytt motsegn til vart unnateke rettsverknad.

Saka gjeld ei utviding av Langlia hytteområde med ca. 1300 dekar. Området har frå før 8 utbygde og 20 ledige tomter. Det er i føresegnene til planen sett eit tak på 80 nye hyttetomter i området og det er stilt krav om felles planlegging. Det går fram av planskildringa at det i dag er kring 250 ledige hyttetomter i kommunen, og at det i planen vert lagt ut til saman kring 300 nye.

Områdestyret for reindrift i Sør-Trøndelag/Hedmark har motsegn til den planlagde utvidinga av Langlia hytteområde, som ligg i utkanten av Trollheimen sijte (reinbeitedistrikt). Motsegna er grunngjeven med at ei slik utviding vil kunne medføre auka ferdsle inn i kalvingsområdet om våren, noko som vil ha uheldige verknader for reindrifta.

Det planlagde hytteområdet ligg opp mot og delvis inn i eit såkalla primærområde for reindrift. Dette er område der reineigarane gjennom friviljuge avtalar har rett til reinbeite, opphald med rein, ferdsle, flytting og anlegg som følgjer verksemda. I sekundærområda skal det i utgangspunktet ikkje vere reindrift. Primærområdet er avmerka i kommuneplankartet som omsynssone for reindrift. I omsynssona er det retningsliner om at organisert ferdsle, oppkøyring av løyper og snøskuterkøyring i utgangspunktet ikkje skal tillatast i perioden 20. april til 10. juni. Eventuelle unntak må skje i samråd med reindriftsutøvarane og kommunen.

Arealdelen av kommuneplanen for Rindal kommune 2011–2022 vart lagd ut til førstegongs offentleg ettersyn i mai 2010. Områdestyret for reindrift hadde då motsegn til planforslaget, blant anna med krav om ei meir utfyllande konsekvensutgreiing av verknadane for reindrifta. Kommunen fekk laga ei slik konsekvensutgreiing i samarbeid med ein ekstern konsulent. Konklusjonen var blant anna at omfanget av hytteområde burde reduserast og at utvidinga av hytteområdet i Langlia, med 200 nye hyttetomter, vart teke ut av planen. Dette vart lagd til grunn i det vidare planarbeidet, og områdestyret trakk motsegna i desember 2011.

Då arealdelen av kommuneplanen 2013–2022 vart lagd ut til andregongs offentleg ettersyn  i april 2013, vart ein del av hytteområdet i Langlia teke inn i planen igjen. Spørsmålet var på førehand teke opp i møte og synfaring mellom kommunen og reindriftsforvaltninga, der ein kom fram til eit forslag om å redusera talet på nye tomter frå 200 til 80 samt å stille krav om felles planlegging. Kommunestyret gjekk inn for dette, men områdestyret vedtok i møte 24.6.2013 likevel å oppretthalde motsegna mot utvidinga av Langlia hytteområde.

Rindal kommune satsar aktivt på å vere ein hyttekommune, slik det går fram av planskildringa. Kommunen skriv at dette gjev moglegheiter for vekst og verdiskaping gjennom auka handel og bruk av lokale firma. Det aktuelle hytteområdet er såleis eit ledd i denne strategien. Kommunen vektlegg at hytteområdet i Langlia er attraktivt og sentrumsnært.

Kommunen har også peika på at talet på hyttetomter i Langlia ikkje kan reduserast ytterlegare, dersom ein skal ha moglegheit til å få dekka inn naudsynte infrastrukturkostnadar. Topografiske og grunntekniske tilhøve gjer det dessutan vanskeleg å avgrense hyttefeltet annleis.

Mekling vart gjennomført 8.11.2013. Av meklingsprotokollen går det fram at kommunen legg vekt på at dei gjennom grepet med å lage ei eiga konsekvensutgreiing for reindrift, har strekt seg svært langt for å ta heilskaplege omsyn til reindrifta i planen. Blant anna er tidlegare utlagde hytteområde tilbakeført til landbruks-, natur- og friluftsformål samt reindrift (LNFR). Kommunen peika på at hyttområdet har eit avgrensa omfang og at det ligg i ytterkanten av reindriftsområdet. Kommunen foreslo som eit kompromiss å redusere talet nye tomter til 72.

Områdestyret peika på at tamreinen er særleg utsett for forstyrringar i kalvingsperioden frå ca. 20. april til 25. juni. Områdestyret legg vekt på at situasjonen for reindriftsnæringa i Trollheimen er prega av stor usikkerheit, og at ein interkommunal plan vil vere eit godt verktøy for ei meir heilskapleg og langsiktig areal- og ressursforvalting i reinbeitedistriktet. Partane vart såleis ikkje samde i meklinga.

Fylkesmannen oppmoda partane om å gå vidare med drøftingane i etterkant av meklinga, basert på forslaget om reduksjon av talet på hytter og ønsket om interkommunal plan. Dette førte heller ikkje fram, og områdestyret vedtok 13.desember 2013 å oppretthalde motsegna.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal rår i si oversending til at motsegna ikkje vert teken til følgje. Dette er blant anna grunngjeve med reindriftsforvaltninga si faglege tilråding til områdestyret om å trekkje motsegna.

Synfaring vart gjennomført 23. juni 2014 med representantar frå Rindal kommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkesmannen i Sør-Trøndelag (reindriftsavdelinga), Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet.


Fråsegn frå Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matdepartementet (LMD) rår i brev dagsett 14.7.2014 til at motsegna frå områdestyret for reindrift ikkje vert teken til følgje. LMD meiner omsynet til tamreindrift vert tilstrekkeleg ivareteke i arealdelen av kommuneplanen for Rindal kommune 2013–2022. LMD peikar på at omsynet til utvikling av hyttenæring er viktig for ein kommune som Rindal.

LMD legg til grunn at utvikling av Langlia hyttefelt ikkje vil innebere stor trafikk innover fjellet på den tida reinen er i området. LMD vurderer at perioden frå slutten av april og framover mot sankthans er lite attraktiv for utfart mot Trollheimen frå dette området, då snøen vanlegvis er ròten når det ikkje vert kjørt løyper, og det finst alternative utfartsområde høgare opp mot fjellet.

LMD peikar på at hyttefeltet er sentrumsnært, noko som er gunstig ut frå reindriftsnæringa sin ståstad, og at kommunen har gjennomført fleire av tiltaka som vart føreslått i konsekvensutgreiinga for reindrift. Dette gjeld blant anna å redusere eksisterande hyttefelt og ta inn omsynssone for reindrift i plankartet.


Kommunal- og moderniseringsdepartementet si vurdering
Rindal kommune har gjort eit grundig arbeid med arealdelen av kommuneplanen. Blant anna har kommunen, etter motsegn frå områdestyret, fått utarbeidd ei eiga konsekvensutgreiing for reindrift. I dette arbeidet vart det også gjennomført synfaring i dei aktuelle byggeområda for fritidsbustader saman med representantar frå reindriftsutøvarane. Kommunen har slik framskaffa eit godt kunnskapsgrunnlag når det gjeld reindrift. Denne kunnskapen har medført fleire viktige justeringar i planen. Blant anna er fleire av dei problematiske hytteområda redusert i storleik og det er teke inn ei omsynssone for reindrift.

Departementet  ser at utvidinga av Langlia hyttefelt vil medføre meir ferdsle inn i primærområdet for reindrift, men syner til Landbruks- og matdepartementet si vurdering av at utvidinga ikkje vil innebere stor trafikk innover i fjellet på den tida reinen er i området.

Departementet meiner omsynet til reindriftsinteressene er tilstrekkeleg ivareteke i arealdelen av kommuneplanen, og legg vekt på at dei samla grepa i planen bidreg til ein føreseieleg situasjon for tamreindrifta i Rindal kommune. Departementet legg vidare vekt på at hyttenæringa er viktig for Rindal kommune, og at dette er forankra i kommunen sitt planverk.


Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 11-16 godkjenner departementet Rindal kommunestyre sitt vedtak den 27. juni 2013 av arealdelen av kommuneplanen 2013–2022. 

For kunngjering av planen gjeld plan- og bygningslova § 11-15 andre ledd.

Rindal kommune er orientert om departementet sitt vedtak ved kopi av dette brevet.



Med helsing 


Jan Tore Sanner 

  



Kopi:
Landbruks- og matdepartementet
Rindal kommune
Fylkesmannen i Sør-Trøndelag, reindriftsavdelingen