Reguleringsplan for Engebøfjellet i Naustdal og Askvoll kommunar - avgjerd i motsegnssak

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner reguleringsplan for Engebøfjellet i Naustdal kommune. Departementet har lagt vekt på omsynet til utnytting av mineralressursen i området og til positive lokale ringverknader. Arealet som er regulert til deponi i Førdefjorden vil gå tapt som leveområde for marine artar og som område for næringsomsetting i deponeringsperioden. Departementet legg vekt på at det er vurdert at deponeringa ikkje vil vere orsak til at forvaltningsmålet for artar ikkje vert nådd. Departementet har òg lagt vekt på at risikoen for partikkelspreiing utanfor det planlagde deponiområdet er vurdert som liten. Det er ut frå dette lite truleg at deponeringa vil ha negative konsekvensar for det marine naturmangfaldet utanfor deponiområdet og for fiskeri- og oppdrettsnæringa i den aktuelle delen av Førdefjorden. Departementet legg til grunn at det i eit eventuelt utsleppsløyve etter forureiningslova og driftskonsesjon etter minerallova vert stilt krav om at gruveselskapet skal arbeide for å redusere behovet for deponering av avgangsmassar. Det blir òg lagt til grunn at det vert sett krav til overvaking av effektar av sjødeponiet mellom anna av omsyn til trygg sjømat. Motsegna frå Fiskeridirektoratet region vest er etter dette ikkje teke til følgje.

Departementet viser til fylkesmannen sitt brev av 23. juni 2011 og dokumenta i saka. Fiskeridirektoratet region vest har reist motsegn til reguleringsplan for Engebøfjellet i Naustdal og Askvoll kommunar. Saka er oversendt departementet for avgjerd etter plan- og bygningslova av 1985, § 27-2.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner reguleringsplan for Engebøfjellet i Naustdal kommune. Departementet har lagt vekt på omsynet til utnytting av mineralressursen i området og til positive lokale ringverknader.

Arealet som er regulert til deponi i Førdefjorden vil gå tapt som leveområde for marine artar og som område for næringsomsetting i deponeringsperioden. Departementet legg vekt på at det er vurdert at deponeringa ikkje vil vere orsak til at forvaltningsmålet for artar ikkje vert nådd. Departementet har òg lagt vekt på at risikoen for partikkelspreiing utanfor det planlagde deponiområdet er vurdert som liten. Det er ut frå dette lite truleg at deponeringa vil ha negative konsekvensar for det marine naturmangfaldet utanfor deponiområdet og for fiskeri- og oppdrettsnæringa i den aktuelle delen av Førdefjorden.

Departementet legg til grunn at det i eit eventuelt utsleppsløyve etter forureiningslova og driftskonsesjon etter minerallova vert stilt krav om at gruveselskapet skal arbeide for å redusere behovet for deponering av avgangsmassar. Det blir òg lagt til grunn at det vert sett krav til overvaking av effektar av sjødeponiet mellom anna av omsyn til trygg sjømat.

Motsegna frå Fiskeridirektoratet region vest er etter dette ikkje teke til følgje.
 

Bakgrunn
Målet med reguleringsplanen er å leggje grunnlag for uttak av eklogittmalm frå Engebøfjellet og framstilling av titanråstoff (TiO2) frå mineralet rutil. Titanråstoff vert primært nytta i produksjonen av kvitt pigment som inngår i maling, plast, fyllstoff, papir, kosmetikk, medisin, næringsmiddel med meir. Titanråstoff kan òg nyttast som råstoff ved produksjon av titanmetall. Granat er biprodukt i den planlagde produksjonen.

Forslag til reguleringsplan med konsekvensutgreiing er utarbeidd av selskapet Nordic Mining ASA med grunnlag i planprogram vedteke av Naustdal og Askvoll kommunar i 2007.

Førekomsten av eklogittmalm er estimert til 380 millionar tonn. Innhaldet av rutil er ca 4 %, noko som er høgt samanlikna med andre førekomstar i drift. Nordic Mining meiner ressursen gjev grunnlag for produksjon av rutil i ca 50 år. Malmuttaket er planlagt som dagbrot i ca 15 år og med underjordsdrift i ca 35 år.

I tillegg til gruvedrift omfattar reguleringsplanen etablering av eit prosessanlegg, opprusting av eksisterande kai, omlegging av fylkesveg 611 og etablering av landdeponi for steinmassar som har lågt innhald av rutil. Det er òg behov for kraftforsyning og tilførsel av ferskvatn til industriprosessen. Dette må om nødvendig avklarast gjennom eigne prosessar etter energilova og vassdragsreguleringslova.

Planlagt produksjonsnivå er 90.000 – 100.000 tonn rutil pr år. Restmassane frå rutilproduksjonen (avgangen) utgjer ca 4 millionar tonn pr år. Avgangen er planlagt deponert på 300 – 350 m djup i Førdefjorden via leidning frå prosessanlegget. Arealet som er regulert til deponiområde er 4,4 km2 stort. Det tillatast deponering opp til -150 m.

Engebøfjellet og størstedelen av sjødeponiet ligg i Naustdal kommune. Delar av sjødeponiet ligg i Askvoll kommune.

Fiskeridirektoratet region vest reiste motsegn til reguleringsplanen i brev av 10. september 2010. Ut frå kunnskapen som då var tilgjengeleg meinte direktoratet at det planlagde sjødeponiet ville få urovekkande verknad på det marine miljøet, på det biologiske mangfaldet i fjorden og på kysttorsken som ressurs. Direktoratet påpeika at konsekvensutgreiinga ikkje hadde fått fram tilstrekkelege opplysningar om partikkeldrift og effektar på viktige bestand av fisk. På bakgrunn av uvisse knytt til effekten av tiltaket, meinte direktoratet at planen strir mot viktige regionale og nasjonale interesser.

Naustdal og Askvoll kommunar vedtok reguleringsplanen 11. og 12. mai 2011. Kommunane meiner at gruveverksemd i Engebøfjellet kan vere starten på ei framtidsretta og bærekraftig industriutvikling i regionen. Dette vil gje grunnlag for folketalsauke, auka skatteinngang, vekst og auka velferd i kommunane og regionen. Dei positive samfunnsmessige konsekvensane av tiltaket er etter kommunane si vurdering større enn dei negative konsekvensane for miljø, natur og samfunn. Det vert påpeika at dei lokale miljøverknadene av sjødeponiet er negative, men kommunane meiner dei har tryggleik for avbøtande tiltak som verkar, og legg vekt på at miljøkrava må følgjast opp gjennom overvaking.

Sogn og Fjordane fylkeskommune v/fylkesutvalet påpeikar i vedtak av 29. september 2010 at verksemda vil skape nye arbeidsplassar og bidra til lokal og regional verdiskaping. Fylkesutvalet legg òg vekt på behovet for overvaking og avbøtande tiltak knytt til sjødeponiet.

Fylkesmannen gjennomførde mekling mellom kommunane og Fiskeridirektoratet 15. mars 2011 utan at motsegna vart løyst. 23. juni 2011 oversende fylkesmannen saka til tidlegare Miljøverndepartementet som då hadde ansvar for plandelen av plan- og bygningslova. Fylkesmannen meinte at motsegna gjaldt tilhøve som kunne avklarast ved handsaming av søknad om utsleppsløyve, og tilrådde at reguleringsplanen blei godkjend.

Nordic Mining har søkt om utsleppsløyve etter forureiningslova. Handsaming av søknaden er løfta frå Miljødirektoratet til Klima- og miljødepartementet. Motsegnssaka og søknad om utsleppsløyve er sett i samanheng fordi motsegna er knytt til spørsmål som òg vert vurdert ved handsaming av utsleppsløyva.

Tidlegare Miljøverndepartementet gjennomførte synfaring 15. november 2011. På grunnlag av uttaler frå aktuelle departement og direktorat samt Universitetssenteret på Svalbard, konkluderte departementet med at det var behov for meir kunnskap om det planlagde sjødeponiet før motsegnssaka og søknad om utsleppsløyve kunne handsamast.

Tidlegare Miljøverndepartementet bad i brev av 13. mars 2013 om dokumentasjon på strømmingsmønsteret i Førdefjorden, og ei ny vurdering av risiko for partikkelspreiing under og etter deponering. Det blei presisert at målingar i Førdefjorden måtte gå over eit år for å fange opp sesongvariasjonar. Departementet bad òg om meir kunnskap om naturmangfaldet og eventuelle gyteområde i deponiområdet, ein meir spesifisert plan for deponering av avgangsmassane, ei vurdering av kva for effektar sprenging vil ha på fisk og informasjon om bruk av ferskvatn.

Nordic Mining oversendte forslag til program for tilleggsundersøkingar til tidlegare Miljøverndepartementet ved brev 15. april 2013 og 14. mai 2013.  Departementet vurderte forslaget i brev av 31. mai 2013.

Nordic Mining oversende resultata frå tilleggsundersøkingane til Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet 30. september 2014.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sende tilleggsinformasjonen til Klima- og miljødepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet 10. oktober 2014 og bad departementa komme med ei ny vurdering og anbefaling i motsegnssaka.

Klima- og miljødepartementet (KLD) tilrår i brev av 5. februar 2015 at reguleringsplanen vert godkjent og at motsegna ikkje vert teke til følgje.

KLD peikar på at deponi i sjø og på land har miljøkonsekvensar, og at type deponering må vurderast i kvar einskild sak. Departementet viser til at alternativ til sjødeponi har vore vurdert. Deponering i Vassetevatnet er vurdert som det mest aktuelle alternativet, men det er ikkje vurdert å vere eit miljømessig vesentleg betre alternativ enn det som er omsøkt.

KLD viser til at etablering av deponi for avgangsmassar i Førdefjorden vil ha ei rekkje miljømessige konsekvensar og påverke dei marine økosystema i lang tid.

KLD meiner uvissa knytt til spreiing av partiklar ut over det planlagde deponiområdet og oppover i vassøyla er vesentleg redusert gjennom tilleggsundersøkingane. Departementet ser det som lite truleg at partiklar vil spreie seg ut av deponiområdet og oppover i vassøyla. Dette inneber at det er lite truleg at avgangsmassane vil ha ein direkte påverknad på det marine miljøet utanfor deponiområdet, mellom anna kommersielle fiskeartar og nærliggjande oppdrettsanlegg. Andre tilhøve som har betyding for det marine miljøet vil verte grundig vurderte og eventuelt reduserte ved vilkår i ei eventuell utsleppsløyve etter forureiningslova. Dette gjeld mellom anna eventuelle akutte utslepp, trykkbølgjer frå sprengingar og bruk av kjemikaliar.

KLD har spesielt vurdert kva konsekvensar deponiet vil ha for økosystemet i deponiområdet og for artane pigghå, blålange, ål, kysttorsk og laks.

Innanfor deponiområdet vil det vere store konsekvensar for økosystemet sine funksjonar, mellom anna øydelagt eller endra samansetting av artar. KLD peikar på at Førdefjorden ikkje er unik med omsyn til økosystem og artar, og at det ytre fjordbassenget har djupe område med tilknyting til djupe område i andre fjordar i regionen. KLD meiner endringa i økosystemet i den berørte delen av fjorden ikkje vil ha betyding i eit nasjonalt eller regionalt perspektiv. For dei fleste vanlege artar og naturtypar vil det, sett i eit regionalt eller nasjonalt perspektiv, ikkje vere kritisk for bestanden eller utbreiinga om dei skulle miste leveområde eller areal i det berørte området i Førdefjorden.

Når det gjeld kysttorsk viser KLD til at bestanden er svak og at overbeskatning truleg er den viktigaste årsaka til dette. Departementet viser til at det ikkje ligg føre kunnskap som tilseier at dei viktige gytefelta nær deponiet vil bli direkte påverka av deponeringa. Viss gytefelta vert forlatne på grunn av ein mogeleg partikkelsky frå deponeringa, kan den lokale bestanden verte redusert. Departementet vurderer det som lite truleg at deponiet vil føre til bortfall av den lokale bestanden av kysttorsk.

KLD viser til at ål er kritisk trua i Norsk raudliste for artar 2010 og på IUCN si internasjonale raudliste. Departementet meiner det er lite truleg at deponiet vil ha skadelege effektar på ål på grunn av djup og utforminga av deponiet. Sjølv om ålen skulle foreta djupdykk under si vandring mot gyteområda i Sargassohavet og kome i kontakt med deponiet, meiner departementet at dette ikkje representere nokon hindring for vandringa.

Når det gjeld villaks viser KLD til at deponiområdet ligg utanfor den delen av Førdefjorden som har status som nasjonal laksefjord. KLD viser til at laksen primært oppheld seg i overflatelaget, og det er vurdert som lite truleg at han vil verte påverka av skadelege partikkelkonsentrasjonar ved normal drift. Skremmeeffektar ved sprengingar vil bli vurderte i eit eventuelt utsleppsløyve.

KLD peikar på at deponiet vil kunne ha konsekvensar for nokre artar i ytre del av Førdefjorden. Dette gjeld mellom anna dei truga artane pigghå og blålange. Ved etablering av eit deponi vil botntilhøva verte endra så vesentleg at det mogelege gytefeltet for blålange forsvinn. Det er òg truleg at eit mogeleg oppvekstområde til pigghå forsvinn. KLD viser til at pigghå og blålange finst langs heile kysten og at det er uvisse knytt til kva betyding deponiområdet kan ha som gyte-/føde- og oppvekstområde for dei norske bestandane totalt sett. For begge artane er overfiske årsak til at dei er raudlista, og stans i fiskeriet er det viktigaste tiltaket for å snu bestandsutviklinga. Tap av gyte- og oppvekstområde kan føre til at det tar lengre tid før begrensningar i fiskeriet får den ønska effekten, og det vil vere ein ekstra belastning for ein art som er truga.

KLD viser til at det er gjennomført tilleggsundersøkingar som har auka kunnskapen om kva for betyding deponiområdet har for truga artar og for naturmangfaldet i fjorden. KLD meiner kunnskapsgrunnlaget i høve til naturmangfaldlova § 8 er oppfylt. Det er uvisse knytt til verknad for einskilde artar. Departementet meiner at den uvisse og risiko for skade som er identifisert knytt til verknadene av deponiområdet for pigghå, blålange, ål og kysttorsk, ikkje tilseier at føre-var-prinsippet i naturmangfaldlova § 9 skal tilleggast stor vekt i saka. KLD peikar på at det planlagde sjødeponiet vil auke den samla belastninga på økosystemet i den aktuelle delen av Førdefjorden, jf naturmangfaldlova § 10. KLD meinar òg at deponiet ikkje vil vere årsak til at forvaltningsmålet for artar i naturmangfaldlova § 5 ikkje vert nådd.

KLD viser til at verksemda skal vurderast etter forureiningslova, og at det der skal gjerast ei heilskapleg vurdering av om løyve skal gjevast og på kva vilkår. I den samanheng vil det verte vurdert om drifta er miljømessig forsvarleg. Mellom anna vil det vere viktig å vurdere krav til overvaking av tiltaket, samt krav til at verksemda skal arbeide kontinuerleg for å redusere behovet for deponering av avgangsmassar.

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) har uttalt seg om faktagrunnlaget i saka i brev av 30. januar 2015.

Næringsministeren og fiskeriministeren tilrår i brev av 6. mars 2015 at reguleringsplanen vert stadfesta. Statsrådane viser til at Engebø-prosjektet kan gje grunnlag for ei vesentleg langsiktig verdiskaping og nye arbeidsplassar. Det vert òg peika på at prosjektet kan gje mogelegheiter for verdiskaping og industriell utvikling ut over utvinning av rutil og granat. Statsrådane ser at den planlagde verksemda kan ha negative verknader for miljøet, for einskilde andre næringsverksemder i området, for omdømet til sjømatnæringa og for sjømattryggleiken. Dei viser til at omfanget av mogelege negative eksterne verknader er uviss og at det er fagleg usemje om omfanget av mogelege miljøeffektar, men legg til grunn at effektar for andre næringar og for miljøet langt på veg kan avgrensast gjennom vilkår for verksemda. Etter statsrådane sine vurderingar vil verdien av mineralutvinning klårt overstige mogelege negative verknader for andre næringar og for miljøet.

Næringsministeren og fiskeriministeren føreset at det i eit eventuelt utsleppsløyve vert stilt krav om at Nordic Mining skal arbeide kontinuerleg for å redusere behovet for avgangsmassar til Førdefjorden. Det må etablerast akseptkriterium og varig overvaking av mogeleg partikkelspreiing frå sjødeponiet. Det må òg etablerast eit system for kunnskapsbasert risikovurdering av sjømattryggleiken frå området.

Næringsministeren viser til regjeringa si målsetting om å satse på mineralnæringa og opne for sjødeponi med strenge krav og miljøovervaking. Ut frå ei målsetting om størst mogeleg samla verdiskaping i norsk økonomi er det viktig å legge til rette for realisering av denne typen prosjekt. Næringsministeren meiner at Direktoratet for mineralforvaltning kan setje vilkår i driftskonsesjonen for å avbøte eller kompensere for skadeverknader på andre næringsinteresser.

Fiskeriministeren viser til regjeringa sitt mål om betydeleg vekst i sjømatnæringa. Viss reguleringsplanen vert godkjent er det naudsynt med gode avbøtande tiltak slik at negative konsekvensar for fiskeri- og havbruksinteressene vert minst mogeleg, og slik at omsynet til trygg sjømat vert ivaretatt på ein god måte. Statsråden viser til at det er fagleg usemje om tilleggsutgreiingane gjev tilfredsstillande svar på korleis partikkelspreiinga vil vere i vassmassane i fjorden. Havforskningsinstituttet meiner at det er knytt uvisse og metodiske svakheiter til modellane som Det Norske Veritas (DNV GL) har nytta. DNV GL, som har vore konsulent for Nordic Mining, meiner det er lite som tyder på at det vil vere partikkelførekomstar utanfor deponiet og i vassøyla over deponiet som vil påverke dei øvre deler av fjorden der mesteparten av fisket og oppdrettet finn stad.

Fiskeriministeren meiner det ikkje er grunn til å tru at det samla kommersielle fisket vert påført store negative konsekvensar eller verdiskapingstap på grunn av det planlagde sjødeponiet.

Når det gjeld oppdrettsnæringa peikar fiskeriministeren på at anlegg som ligg nært deponiområdet kan få eit økonomisk tap viss Havforskningsinstituttet har rett i sine vurderingar. Viss DNV GL sine modellar gir korrekt resultat, vil oppdrettslokalitetane ikkje bli negativt påverka av sjødeponiet.

Fiskeriministeren viser til at det i aukande grad vert stilt spørsmål ved mattryggleik. Risiko forbunde med konsum av sjømat frå område med sjødeponi kan medføre problem for eksporten av norsk sjømat. Fiskeriministeren meiner at kontinuerleg overvaking av om sjømaten er trygg er den einaste måten å møte denne utfordringa på,  og tilrår at det vert stilt krav til overvaking av sjømaten i eit utsleppsløyve.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet si vurdering Reguleringsplan for Engebøfjellet legg grunnlag for utvinning av mineralet rutil. Tiltakshavar Nordic Mining ASA har vurdert at malmførekomsten gjev grunnlag for produksjon i 50 år. Gruvedrifta vil skje i dagbrot i ca 15 år og ved underjordsdrift i ca 35 år. I tillegg til gruvedrifta legg reguleringsplanen grunnlag for etablering av prosessanlegg, opprusting av kai, omlegging av fylkesveg 611 og etablering av landdeponi for stein med lågt innhald av rutil. Avgangsmassar frå rutilproduksjonen skal deponerast i Førdefjorden. Reguleringsplanen avgrensar deponiområdet, og set krav til maksimal høgde på deponiet og maksimal avstand mellom utsleppsrøyr og deponi.

Konsekvensutgreiingane av den planlagde verksemda inklusiv tilleggsundersøkingar av sjødeponiet er omfattande.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal etter plan- og bygningslova av 1985 § 27-2 ta stilling til om reguleringsplanen skal godkjennast eller ikkje. Konkret skal departementet vurdere motsegna frå Fiskeridirektoratet og ta stilling til om det planlagde sjødeponiet kjem i konflikt med nasjonale eller viktige regionale interesser knytt til fiskerinæringa, akvakulturnæringa og naturmangfaldet i Førdefjorden.

Ved handsaming av saka skal prinsippa i naturmangfaldlova §§ 8-10 om vurdering av kunnskapsgrunnlaget, føre-var-prinsippet, økosystemtilnæring og samla belastning leggast til grunn.

Om næringsmessige verknader
I den politiske plattforma er det framheva at regjeringa vil legge til rette for vekst i mineralnæringa. Regjeringa vil òg opne for at mineralnæringa kan nytte sjødeponi, men stille strenge krav og sikre miljøovervaking.

Engebøfjellet inneheld den største kjende førekomsten av rutil i fast fjell i Noreg, og kan gje grunnlag for rutilproduksjon i om lag 50 år. Førekomsten er truleg òg stor i internasjonal samanheng. På vegne av Nordic Mining har SINTEF vurdert at verksemda vil gje eit årleg verdiskapingsbidrag på 500 millionar kronar. Dei anslår òg at tiltaket vil gje 170 nye arbeidsplassar knytt til utvinninga. Dette er positivt for Naustdal og Askvoll kommune som ønskjer å legge grunnlag for nye arbeidsplassar og vekst i folketalet. I tillegg til dei lokale arbeidsplassane kan prosjektet gje grunnlag for industriutvikling knytt til vidareforedling av rutil og avgangsmassane. Dette kan gje nye arbeidsplassar i regionen og i andre delar av landet.

Om konsekvensar for det marine miljøet i Førdefjorden
Mineralutvinning vil alltid ha negative miljøkonsekvensar. Dette er mellom anna knytt til arealbeslag, landskapsinngrep, støy og utslepp til vatn. Mineralutvinning gjev òg store mengder avgangsmassar som må deponerast. Deponering i sjø har miljøkonsekvensar knytt til sjølve arealbeslaget og til konsekvensar av eventuell partikkelspreiing.  

Det planlagde sjødeponiet vil påverke det marine miljøet i den aktuelle delen av Førdefjorden i lang tid. Eit sentralt spørsmål i saka har vore i kva grad partiklar frå gruveavgangen vil bli spreidd utanfor det regulerte deponiområdet og oppover i vasslaga, og kva konsekvensar dette eventuelt vil ha for det marine miljøet i fjorden. Det har òg vore mangel på kunnskap om kva artar som finst i deponiområdet.

Klima- og miljødepartementet meiner uvissa knytt til partikkelspreiing ut av deponiområdet og oppover i vassøyla er vesentleg redusert gjennom tilleggsundersøkingane som Nordic Mining gjennomførte i 2013/2014. Departementet vurderer risikoen for partikkelspreiing som låg, og meiner det er lite truleg at avgangsmassane vil ha direkte påverknad på det marine miljøet utanfor deponiområdet. Dette gjeld mellom anna for kommersielle fiskeartar, kysttorsk, ål, laks og for nærliggande oppdrettsanlegg.

Sjølve deponiområdet vil gå tapt som leveområde og som område for næringsomsetting mens deponeringa pågår, og i ein restitusjonsperiode som erfaring viser vil vare i 5-10 år. Når deponeringa er avslutta vil botnfaunaen truleg ha ei anna artssamansetting enn det som var tidlegare. Klima- og miljødepartementet meiner dette ikkje vil ha kritisk betyding for dei fleste vanlege artar og naturtypar sett i eit regionalt eller nasjonalt perspektiv. Det er uvisse knytt til konsekvensar for dei raudlista artane pigghå og blålange, men departementet meiner deponiet ikkje vil føre til at forvaltningsmålet for artar i naturmangfaldlova § 5 ikkje vert nådd.

Klima- og miljødepartementet har vurdert konsekvensane av det planlagde sjødeponiet i høve til naturmangfaldlova §§ 8-10. Kommunal- og moderniseringsdepartementet er samde i desse vurderingane.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har merka seg at Havforskingsinstituttet meiner det er knytt uvisse og metodiske svakheiter til modellane som er nytta i vurderinga av risiko for partikkelspreiing. Departementet legg til grunn at det i eit eventuelt utsleppsløyve vert stilt strenge krav til overvaking av deponiet. Partikkelspreiing utanfor det regulerte deponiområdet vil vere i strid med reguleringsplanen.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser til at Nordic Mining seier dei vil ha forretningsmessige incentiv til å utvikle nye bruksområde for restmassane, og at det er aktuelt å vurdere tilbakefylling i dagbrotet når dette er avslutta. Departementet legg til grunn at det i eit eventuelt utsleppsløyve etter forureiningslova og driftskonsesjon etter minerallova vert stilt krav om at gruveselskapet skal arbeide kontinuerleg for å utnytte avgangsmassane, slik at behovet for deponering kan reduserast. Tilbakefylling i dagbrotet må vurderast når dette er mogeleg.

Ved handsaming av motsegnssaka er det vurdert om det finst alternativ til det planlagde sjødeponiet. Tre alternativ er vurderte, men det er ikkje funne noko alternativ som er miljømessig vesentleg betre. Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner ut frå dette at det ikkje finst eit deponeringsalternativ som er betre enn det planlagde sjødeponiet.

Om konsekvensar for fiskerinæringa og oppdrettsnæringa
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har merka seg at fiskeriministeren ikkje trur at det kommersielle fisket vil verte påført store negative konsekvensar eller verdiskapingstap på grunn av sjødeponiet. Fiskeriministeren peikar òg på at oppdrettsanlegga nær deponiområdet kan lide eit økonomisk tap viss det skjer partikkelspreiing frå sjødeponiet.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet legg til grunn at partikkelspreiing utanfor det regulerte deponiområdet og opp i dei øvre vasslaga ikkje vil vere i samsvar med reguleringsplanen. Verknadene for fiskerinæringa og oppdrettsnæringa skal derfor vere avgrensa. Krav til overvaking av partikkelspreiing i eit utsleppsløyve er viktig for å dokumentere at drifta er i tråd med reguleringsplanen.

Fiskeriministeren viser òg til at omsynet til mattryggleik må ivaretakast og at eit godt omdømme er avgjerande for sjømatnæringa og norsk fiskeeksport. Kommunal- og moderniseringsdepartementet støttar dette og legg til grunn at det i eit eventuelt utsleppsløyve vert stilt krav om overvaking av sjømaten frå den aktuelle delen av Førdefjorden.

Flokenes Fiskefarm opplyser at eit av deira oppdrettsanlegg har fortøyingar innanfor det regulerte deponiområdet. Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil peike på at tilhøvet mellom ny og eksisterande verksemd innanfor ein reguleringsplan må avklarast ved gjennomføring av planen. Dette er eit privatrettsleg tilhøve.

Om vassforskrifta
Klima- og miljødepartementet viser til at det planlagde sjødeponiet må vurderast etter vassforskrifta § 12. Etter denne føresegna kan tiltak som reduserer miljøtilstanden i ein vassførekomst berre tillatast om vilkåra for unntak er oppfylde. Klima- og miljødepartementet meiner det er tilstrekkeleg at vurderinga vert gjort i samband med handsaming av søknad om utsleppsløyve etter forureiningslova sidan sakene vert sett i samanheng. Kommunal- og moderniseringsdepartementet er samd i dette, og meiner det er hensiktsmessig at vurderinga vert gjort når ein vurderer den planlagde verksemda etter forureiningslova.

Om tilgang til ferskvatn
Den planlagde industriprosessen krev store mengder ferskvatn. I samband med tilleggsundersøkingane har Nordic Mining gjort ei overordna vurdering av tre  kjelder til ferskvatn. Dette er Redalsvassdraget, Skorvenvassdraget og Svardalsvatnet. Klima- og miljødepartementet viser til at uttak frå Redalsvassdraget vil ha størst konsekvensar for naturmangfald og miljøtilstand, og meiner dette alternativet ikkje må veljast. Kommunal- og moderniseringsdepartementet legg til grunn at spørsmål om regulering av vassdrag skal handsamast av Noregs vassdrags- og energidirektorat etter vassdragsreguleringslova.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet si samla vurdering
Etter ei samla vurdering finn Kommunal- og moderniseringsdepartementet å kunne godkjenne reguleringsplanen for planlagt gruve- og industriverksemd på Engebø. Departementet har lagt vekt på rutilførekomsten sin internasjonale verdi og kommunane sitt ønskje om å legge til rette for verdiskaping og nye arbeidsplassar.

Departementet har òg lagt vekt på at risikoen for partikkelspreiing utanfor det regulerte deponiområdet i Førdefjorden er vurdert som liten, og at verknadene for det marine naturmangfaldet utanfor deponiområdet og for fiskeri- og havbruksnæringa derfor er avgrensa. Deponiområdet vil gå tapt som leveområde for marine artar og som område for næringsomsetting i deponeringstida, og få endra topografi og truleg endra samansetting av botnfauna etterpå. Det er vurdert at deponiet ikkje vil vere orsak til at forvaltningsmålet i naturmangfaldlova § 5 ikkje vert nådd for artar som pigghå, blålange, kysttorsk, ål og laks.

Departementet legg til grunn at det i eit eventuelt utsleppsløyve etter forureiningslova og driftskonsesjon etter minerallova vert stilt krav om at gruveselskapet skal arbeide for å redusere behovet for deponering av avgangsmassar. Det vert òg lagt til grunn at det vert sett krav til overvaking av effektar av sjødeponiet mellom anna for kvaliteten på sjømat i området.
 

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova av 1985 § 27-2 godkjenner Kommunal- og moderniseringsdepartementet reguleringsplan for Engebøfjellet vedteken av kommunestyret i Naustdal kommune 11.05.2011 og av kommunestyret i Askvoll kommune 12.05.2011.

Departementet legg til grunn at det i eit eventuelt utsleppsløyve etter forureiningslova og driftskonsesjon etter minerallova vert stilt krav om at gruveselskapet skal arbeide for å redusere behovet for deponering av avgangsmassar. Det vert òg lagt til grunn at det vert sett krav til overvaking av effektar av sjødeponiet mellom anna for kvaliteten på sjømat i området.

Naustdal og Askvoll kommunar er orientert om vedtaket ved kopi av dette brevet.
 

Med helsing

Jan Tore Sanner

 

Kopi:
Naustdal kommune
Askvoll kommune
Nordic Mining ASA
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Fiskeridirektoratet region vest
Klima- og miljødepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Miljødirektoratet
Direktoratet for mineralforvaltning
Havforskningsinstituttet
Kyllingstad Kleveland Advokatfirma
Flokenes fiskefarm
Vevring og Førdefjorden miljøgruppe
Norges fiskarlag
Natur og ungdom
Norges naturvernforbund
Salmon Camera