Motsegn til områderegulering Sykkylven sentrum - Møre og Romsdal

Departementet godkjenn ikkje område SPP15 i områdereguleringa av Sykkylven sentrum. Departementet meiner at området er av nasjonal kulturminneverdi. Kommunen og fylkeskommunen oppmodast til å finna ein alternativ plassering for parkeringsplassen.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i brev 21. desember 2016 frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal motteke motsegn til område SPP15 i områderegulering Sykkylven sentrum for handsaming etter plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd.

Departementet godkjenn ikkje område SPP15 i områdereguleringa av Sykkylven sentrum. Departementet meiner at området er av nasjonal kulturminneverdi. Kommunen og fylkeskommunen oppmodast til å finna ein alternativ plassering for parkeringsplassen. 

Bakgrunn for saka

Planområdet omfattar sentrumsareal ned til og med fylkesveg 60, og omfattar areal på begge sider av vegen. Viktige punkt i planen er ny busetnad inn mot fylkesvegen, vidareføring av kvartalsstrukturen, samanhengande gangvegstruktur, gatetun, grønare gater, ny busshaldeplass og nytt parkeringsareal. Området har mange automatisk freda kulturminne. Områdereguleringa legg opp til ein fleksibilitet som skal legge til rette for ulike utviklings­moglegheiter i sentrum. Sentrumsareala er i stor grad regulert til sentrumsformål, med opning for ulik type byggeformål som er naturleg innanfor eit sentrumsområde.

Planoppstart for områderegulering av sentrum i Sykkylven vart varsla vinteren 2014. I desember same år vart planforslaget lagt ut til offentleg høyring. Nytt justert planforslag vart sendt på offentleg høyring i juli 2015.  Det vart fremma fleire motsegner i begge høyringsrundane.

Mekling vart gjennomført 2. mars 2016. Det blei ikkje oppnådd semje på meklingsmøtet.

Sykkylven kommune gjorde i kommunestyremøte 20. juni 2016 endringar i planen. Kommunen tok alle motsegnene frå fylkeskommunen til følgje, men unnatak av eitt areal. Det gjaldt parkeringsareal SPP15. Kommunestyret eigengodkjente resten av planen.

Møre og Romsdal fylkeskommune grunngir si motsegn med at arealformålet parkering vil kome i konflikt med sentrale busetnadsspor (hus) frå bronsealder/tidleg eldre jarnalder. Disse kulturminna vil kome til å gå tapt om det blir parkering på arealet.

Fylkesmannen fann det vanskeleg å kome med ei klar tilråding i oversendingsbrevet til departementet 21. desember 2016.

Møte og synfaring blei halden 17. januar 2017 med representantar frå Sykkylven kommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, Riksantikvaren og Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Klima- og miljødepartementet har i brev 13. februar 2017 tilrådd at fylkeskommunen si motsegn vert teken til følgje. Riksantikvaren har i brev 26. januar 2017 uttala seg til saka og legg vekt på at kulturminna i Aure vitnar om busetjing frå yngre steinalder, bronsealder og jarnalder, og at dei kulturhistoriske spora på Blinkentomta er sentrale i den samanheng. Behovet for å etablere ein parkeringsplass på den aktuelle tomta vurderast ikkje å vere av så stor samfunnsnytte at ein viktig del av eit omfattande busetjingsområde med kunnskaps-, opplevings- og formidlingsverdiar kan aksepterast øydelagd. Klima- og miljødepartementet sluttar seg til vurderinga frå Riksantikvaren.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet si vurdering

Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal ta stilling til om områdeplan for Sykkylven sentrum område SPP15 skal godkjennast eller ikkje, jf. plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd. Det viktigaste spørsmålet er om arealet kan omdisponeras frå landbruks-, natur- og friluftsformål til parkeringsareal. Planlagt arealbruk vil vere i konflikt med automatisk freda kulturminne.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet synar til Klima- og miljødepartementet si vurdering i saka:

«Funna på Blinkentomta utgjer ein del av mange funn i Aure og Auremarka. Samla dokumenterer dei samanhengande busetjing gjennom 3000-4000 år på ein og same stad, noko som er sjeldan både i regionen og i landet som heilhet. Og ikkje minst er det sjeldan at landskapet, som busetjinga har ligge i, er halde ope og utan nye omfattande inngrep i så storutstrekning som her. Funna på Blinkentomta må difor betraktas som ledd i ein kjede, ikkje som enkeltståande funn som kjem i tillegg til dei andre funna i Aure. Dei er ein helt vesentlig del av den kulturhistoriske tidsdjupne som ein kan oppleve her, og er difor viktige for områdets formidlings- og opplevingsverdi.

…..

Klima- og miljødepartementet sluttar seg til vurderinga til Møre og Romsdal fylkeskommune og Riksantikvaren. Spesielt bør det leggjast vekt på den tidsdjupne og samanheng kulturminna inngår i, med gode bevaringsforhold og lett lesbare husstrukturar både frå førhistorisk tid, bronsealder og opp til yngre jarnalder. Kulturminna på Blinkentomta har nasjonal verdi, og etablering av parkeringsplass der kan øydeleggja verdiane. Tiltakets samfunnsnytte vil ikkje veie opp for ulempa ved tap av kulturminna. Det synast dessutan å vere god moglegheit for å finne ei alternativ løysing, som vil gi mindre ulemper. Departementet anbefaler på denne bakgrunn at motsegna frå Møre og Romsdal fylkeskommune takast til følgje.»

Kommunal- og moderniseringsdepartementet er samd med Klima- og miljødepartementet i vurderinga av at kulturminna på Blinkentomta har nasjonal verdi, og etablering av parkeringsplass der kan øydeleggja verdiane. Kommunen har planar om å leggje til rette for formidling av kulturminne nord for den planlagde parkeringa. Her skal dei mellom anna føre opp bygningar frå ulike historiske periodar. Parkeringsplassen vil øydeleggje eit av dei viktigaste kulturminna der. Samfunnsnytta av tiltaket veg etter departementet sitt syn ikkje opp for tap av kulturminnet. 

Møre og Romsdal fylkeskommune, Riksantikvaren og Klima- og miljødepartementet synar til at det er moglegheiter for å finne ei alternativ plassering for parkeringsplass, som vil gi mindre ulemper. Kommunal- og moderniseringsdepartementet sluttar seg til denne vurderinga. Motsegna frå Møre og Romsdal fylkeskommune er dermed teken til følgje. Departementet oppmodar kommunen til å finna ei alternativ plassering for parkeringsplassen, i samråd med fylkeskommunen.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd godkjenn ikkje Kommunal- og moderniseringsdepartementet område SPP15 i områdereguleringsplan for Sykkylven sentrum vedteke 20. juni 2016.

Sykkylven kommune er orientert om departementet sitt vedtak ved kopi av dette brevet.
 

Med helsing

Jan Tore Sanner

 

Kopi:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Sykkylven kommune
Klima- og miljødepartementet