Norddal kommune - motsegn reguleringsplan Syltemoa bre-elvasetning

Departementet godkjenn ikkje reguleringsplan for Syltemoa bre-elvavsetning. Utvidinga av sandtaket endrar landskapet langs Olavsvegen på utilbørleg måte. Området er knytt til dei sterke tradisjonane og forteljingane om Olav den heilage, og har nasjonal og internasjonal kulturminneverdi.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i brev 7. april 2017 frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal motteke motsegn til reguleringsplan for Syltemoa bre-elvavsetning i Norddal kommune for handsaming etter plan- og bygningsloven § 12-13 andre ledd.

Departementet godkjenn ikkje reguleringsplan for Syltemoa bre-elvavsetning. Utvidinga av sandtaket endrar landskapet langs Olavsvegen på utilbørleg måte. Området er knytt til dei sterke tradisjonane og forteljingane om Olav den heilage, og har nasjonal og internasjonal kulturminneverdi. Kommuneplanen vedtatt i 2011 avgrensar bandleggingssona etter kulturminnelova langs Olavsvegen. Denne grensa skal fortsatt leggjast til grunn.

Bakgrunn for saka

Planområdet er om lag 243 dekar stort, og om lag ein kilometer frå Valldal sentrum. Valldal/Sylte er kommunesenter i Norddal kommune. Formålet med reguleringsplanen er å sikre framtidig drift av Syltemoa sandtak, med vekt på langsiktige og føreseielege rammevilkår. Mineralressursane er vurdert til å vere av regional verdi av Direktoratet for mineralforvaltning.

Oppstart av arbeid med reguleringsplan for Syltemoa bre-elvavsetning vart varsla i brev 20. september 2011. Planprogram er utarbeidd av Consilium AS i samarbeid med tiltakshavar Syltemoa Sandtak AS.

Detaljregulering for Syltemoa bre-elvavsetting vart lagt ut til offentleg ettersyn 3. mai 2015. Planutkastet omfatta plankart, føresegner og planomtale datert 28. april 2015. Formålet med planen er å leggje grunnlag for å styre vidare uttak i sandtaket. Ny kommuneplan for Norddal vart vedtatt 4. juli 2011 og gjeld i perioden fram til 2020. Reguleringsforslaget er ikkje i samsvar med kommuneplanen, ved at området for massetak er utvida opp mot Olavsvegen, inn i område bandlagt etter kulturminnelova. Området for uttak er òg utvida ned mot Djupøyna. Det vart fremja motsegn frå Møre og Romsdal fylkeskommune til reguleringsplanen.

Mekling vart gjennomført 5. desember 2016. Det blei ikkje oppnådd semje på meklingsmøtet.

Norddal kommune vedtok planen i kommunestyremøte 26. januar 2017, motsegna vart ikkje tatt til følgje. Kommunen skriv at verdien av det freda kulturminnet og kulturmiljøet rundt utan tvil er stor både nasjonalt så vel som internasjonalt. Kommunen er likevel ikkje samd i fylkeskommunen sine vurderingar, og meiner at verdien av massane er viktigare enn dei negative sidene som utvinning etter denne reguleringsplanen vil kunne medføre.

Møre og Romsdal fylkeskommune grunngir si motsegn med at planutkastet vil leggje til rette for ei utilbørleg skjemming av det nasjonalt viktige kulturminnet Olavsvegen, og gjennom dette vere i konflikt med kulturminnelova § 3. Det blir også understreka at området ved Olavsvegen utgjer eit viktig frilufts- og rekreasjonsareal i Valldal, med nærleik til skule og sentrum. Som grunnlag for motsegna blir det vidare peika på fleire forsterkande faktorar: Kulturmiljø av særleg nasjonal verdi som del av Pilegrimsvegen, internasjonal verdi med tradisjonane knytt til Olav den heilage, Olavsvegen som ei landskapsåre og at den gradvise og til dels ulovlege reduksjonen av verneområdet alt har kome langt. Fylkeskommunen meiner at utvidinga ikkje kan utførast dersom ein ønskjer å sikre dette området som eit uerstatteleg kulturmiljø for ettertida.

Olavsvegen og tilliggande gravhaugar er automatisk freda kulturminne. Sandtaket har opp igjennom tida kome nærare vegen, og i 1984 blei det gjort eit kompromiss mellom kommunen, fylkeskommunen og Riksantikvaren om ei omforent grense for ei sikringssone. Denne grensa har blitt vidareført i seinare kommuneplaner. I 2007 blei det oppdaga at drifta i grustaket hadde medført at det hadde blitt fjerna torv 12-13 meter frå Olavsvegen, inne i sikringssona. 

Fylkesmannen tilrår i oversendingsbrevet 7. april 2017 at Kommunal- og moderniserings­departementet tek motsegna frå fylkeskommunen til følgje.

Møte og synfaring blei halden22. mai 2017 med representantar frå tiltakshavar, Norddal kommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, Riksantikvaren og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Saka blei sendt til Direktoratet for mineralforvaltning, dei hadde ikkje ytterlegare merknadar.

Riksantikvaren har uttala seg til Klima- og miljødepartementet i brev 12. juni 2017. Riksantikvaren støtter fylkeskommunen si motsegn, og tilrår at vernesona frå gjeldande kommuneplan for Norddal kommune blir vidareført i reguleringsplan, med dei tilpassingar som fylkeskommunen har tilrådd. 

Klima- og miljødepartementet har i brev 26. juni 2017 tilrådd at fylkeskommunen si motsegn vert teken til følgje. Departementet viser til at over Syltemoa bre-elvavsetning går Olavsvegen, som er eit automatisk freda kulturminne, med tradisjon tilbake til Olav den heilage. Olavstradisjonane knytt til Korsbrekka og vegfaret er omfattande og kan dokumenterast tilbake til Snorre. Tradisjonen har vore levande i Valldalen opp til moderne tid. På veg opp Korsbrekka deler Olavsvegen seg i tre parallelle vegfar som alle er automatisk freda. Det er også gravhaugar i området som er automatisk freda.

Dei sentrale hendingane kring Olav den heilage gjer at miljøet også har internasjonal verdi, særleg knytt til pilegrimsaktivitet. Med kommunen si strategiske satsing på Olavstradisjonen er det vesentleg at opplevingsverdien blir halde oppe og at reguleringsplanen ikkje fører til inngrep eller utilbørleg skjemming av kulturminna. Klima- og miljødepartementet rår til at motsegna til fylkeskommunen blir tatt til følgje. Vernesonen frå gjeldande kommuneplan, som var eit kompromiss frå kulturminneforvaltningas side, meiner KLD må vidareførast i reguleringsplanen.

Sommaren 2007 vart det oppdaga at ein hadde avtorva eit areal inntil 12-13 meter frå Olavsvegen. Dette arbeidet vart stoppa og vurdert som eit klart brot på kulturminnelova §§ 3 og 8. 

Klima- og miljødepartementet viser til at om reguleringsplanen skal godkjennast, vil tiltaka likevel vere avhengig av dispensasjon frå kulturminnelova. Dette gjeld det vestlege vegfaret, planlagd tilbakehenting av lagra masser og utilbørleg skjemming av automatisk freda kulturminne. 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet si vurdering

Etter plan- og bygningsloven § 5-4 første ledd kan statleg eller regionalt organ fremje motsegn i spørsmål som er av nasjonal eller vesentleg regional verdi, eller av andre grunnar er av vesentleg verdi for vedkomande organ sitt saksområde. Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal ta stilling til om reguleringsplan for Syltemoa bre-elvavsetning skal godkjennast eller ikkje, jf. plan- og bygningsloven § 12-13 andre ledd.

Det er motsegn frå fylkeskommunen til utvidinga av grustaket. Reguleringsplanen er i strid med kommunedelplanen for Valldal vedtatt i 2009. Fylkeskommunen krev at avgrensinga som er sett i kommunedelplanen må følgjast, eventuelt med mindre justeringar til dei områda kor det allereie er utført terrengarbeid.

Dersom motsegna blir tatt til følgje vil dette kunne medføre ei innkorting av framtidig drift med om lag 10 år målt ut frå dagens aktivitetsnivå. Direktoratet for mineralforvaltning syner til at førekomsten av mineral i Syltemoa er av regional verdi. Kommunen visar til at sandtaket gir verdfulle arbeidsplassar og skatteinntekter til lokalsamfunnet.

Olavsvegen og kulturmiljøet rundt er av stor nasjonal så vel som internasjonal verdi. På sikt vil dette også kunne vere ein viktig økonomisk ressurs for kommunen, som ledd i kommunen si strategiske satsing på turisme og reiseliv med vekt på berekraft og miljø. Norddal kommune er ein del av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Kommunen og næringslivsaktørar har uttrykt at dei vil satsa på turistar som vil oppleve Olavstradisjonanen. Det er òg blitt meir populært å gå pilegrimsleia frå Valldal via Lesja og Dovre til Nidaros.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet er samd med Klima- og miljødepartementet i vurderinga av at kulturminna har nasjonal og internasjonal verdi, og at utvidinga av sandtaket vil redusera opplevinga av verdiane. I kulturmiljøet er det både dei fysiske spora i landskapet og dei sterke tradisjonane og forteljingane om Olavsvegen som er viktige. Mineralressursane vil framleis vere tilgjengelege i framtida, om det skulle bli aktuelt med nye vurderingar.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner verdiane av kulturmiljøet og kulturminna og dei moglegheitene dei gir for utvikling i kommunen, er større enn samfunnsnytta av utvidinga av sandtaket. Motsegna frå Møre og Romsdal fylkeskommune er difor teken til følgje.

Departementet legg til grunn at bandlegginga og formålsgrensa mot Olavsvegen slik han er fastsett i kommuneplanens arealdel, blir vidareført.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningsloven § 12-13 andre ledd godkjenn ikkje Kommunal- og moderniseringsdepartementet reguleringsplan for Syltemoa bre-elvavsetning vedtatt av Norddal kommunestyre 26. januar 2017.

Norddal kommune er orientert om departementet sitt vedtak ved kopi av dette brevet.

 

Med helsing

Jan Tore Sanner

 

 

Kopi
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard 
Klima- og miljødepartementet 
Møre og Romsdal fylkeskommune 
Norddal kommune 
Nærings- og fiskeridepartementet 
Riksantikvaren - Direktoratet for kulturminneforvaltning 
Consilium as