Vestnes kommune – motsegn til områderegulering for Vestnes sentrum

Kommunal- og moderniseringsdepartementet stadfestar vedtak i Vestnes kommune av områderegulering for Vestnes sentrum, Helland. Vedtaket inneber at område­reguleringa legg til rette for at rundkøyringa på E39 vest for sentrumskjernen i Vestnes kan få ein ny fjerde arm som tilkomst til idrettsparken, det regionale friluftsområdet og ein planlagd rasteplass ved Flatevågen. Mykje trafikk kan då leiast utanom sentrum. Dette er eit av fleire grep kommunen tek for å utvikle eit attraktivt sentrum.

Saka er sendt i brev frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal dagsett 20. februar 2017, for handsaming etter plan- og bygningsloven § 12-13.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet stadfestar vedtak i Vestnes kommune av områderegulering for Vestnes sentrum, Helland. Vedtaket inneber at område­reguleringa legg til rette for at rundkøyringa på E39 vest for sentrumskjernen i Vestnes kan få ein ny fjerde arm som tilkomst til idrettsparken, det regionale friluftsområdet og ein planlagd rasteplass ved Flatevågen. Mykje trafikk kan då leiast utanom sentrum. Dette er eit av fleire grep kommunen tek for å utvikle eit attraktivt sentrum.

Bakgrunn for saka

Vestnes kommune vedtok 16. februar 2017, korrigert 30. mars 2017, områderegulering for Vestnes sentrum. Statens vegvesen har motsegn til ein ny, fjerde arm i rundkøyringa på E39 like vest for sentrumskjernen, av omsyn til transportfunksjonen til E39 og trafikktryggleik. Kommunen meiner at nytten av ein fjerde arm i rundkøyringa er større enn eventuelle ulemper for gjennomgangstrafikken på E39. Arealføremålet i områdereguleringa er i stor grad sentrumsføremål. Trafikksituasjonen for sentrumsområdet med gjennomgangstrafikk frå E39 i kombinasjon med lokaltrafikk inngår som eit viktig tema i planen. Ved å etablere ein ny arm i rundkøyringa vil trafikk mellom E39 og idrettsparken, det regionale friluftsområdet og rasteplassen ved Flatevågen kunne leiast utanom sentrum.

Statens vegvesen har i brev av 7. april 2017 fremja motsegn til ein ny fjerde arm i rundkøyringa ved Vestnes på E39. Ny arm i rundkøyringa vil vere i strid med faglege råd og nasjonal politikk. Statens vegvesen meiner ein fjerde arm i rundkøyringa vil redusere trafikktryggleiken, og at tilkomst til idrettsparken kan løysast gjennom eksisterande lokalvegnett.

Kommunen legg vekt på at nytten ved ein fjerde arm i rundkøyringa er større enn eventuelle ulemper for gjennomgangstrafikken på E39. Det overordna føremålet i planen er knytt til ei brei samfunnsutvikling. Kommunesenteret på Helland skal vidareutviklast som handels- og servicesenter og sosial møteplass. Kommunen peiker på at noverande situasjon er uoversiktleg, med mange konfliktpunkt og uheldig blanding av mjuke og harde trafikantar, i tillegg til at eksisterande undergang ikkje er høg nok for store køyretøy.

Mekling blei gjennomført 25. november 2016. På møtet deltok Vestnes kommune, Statens vegvesen og fylkesmannen. Meklinga førte ikkje fram. Statens vegvesen peika på at alternative vegløysingar burde vurderast nærare. Vegvesenet viste til at dei kunne gje råd og rettleiing om opprusting og utbetring av eksisterande vegtilkomst til idrettsparken. Vestnes kommune har vurdert alternativa, men kome fram til at alternativa ikkje løyser utfordringane knytt til trafikkavvikling og trafikktryggleik i sentrumsområdet.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal sender saka til departementet utan ei tilråding. Dei finn det vanskeleg å kome med ei samla tilråding. Dei viser til at motsegna frå Statens vegvesen er grunngjeven i eit internt regelverk med utgangspunkt i trafikktryggleik knytt til E39 som stamveg, medan kommunen ut frå lokalkunnskap meiner løysinga er uproblematisk.

Synfaring og møte blei gjennomført 23. mai 2017, med representantar frå Vestnes kommune, fylkesmannen, Statens vegvesen region midt, Vegdirektoratet, Samferdselsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Samferdselsdepartementet tilrår i brev dagsett 26. juni 2017 at motsegna frå Statens vegvesen ikkje vert teken til følgje. Samferdselsdepartementet har gjeve føringar om at det som hovudregel ikkje skal leggjast rundkøyringar på hovudvegnettet. På grunn av lita trafikkmengd vil den nye armen bere preg av å vere ei avkøyrsle. Ei rundkøyring fungerer best når det er tilnærma lik trafikk i alle armane. Den fjerde armen vil kunne svekke transportfunksjonen til E39 gjennom Vestnes, og tidvis vil vegen vere mindre framkomeleg. Samferdselsdepartementet peiker likevel på at dei vil lytte til lokale ynske i Vestnes i samband med utvikling av vegnettet.

Samferdselsdepartementet viser til Statens vegvesen, som meiner at ein fjerde arm på rundkøyringa vil vere i strid med nasjonale føringar. På hovudveger skal det ikkje vere rundkøyring med mindre to nasjonale hovudvegar møtest, eventuelt i kryss med anna overordna veg eller tilkomst til tettstader. Kravet er skjerpa i brev frå Samferdsels­departementet 19. desember 2014. Statens vegvesen viser til NA-rundskriv 2015/15, der det står at vegar av denne dimensjoneringsklassa skal ha forkøyrsregulert T-kryss eller planskild kryss av omsyn til eit effektivt overordna vegnett. Statens vegvesen meiner dette også må gjelde bygde rundkøyringar som skal endrast.

I rundkøyringa ved Vestnes sentrum er årsdøgntrafikken på E39-armane 4000–5400 køyretøy, mens armen ned mot sentrum har om lag 3000 køyretøy i årsdøgntrafikk. Den sistnemnde armen vil få redusert trafikk fordi trafikken vil bli fordelt på to armar. Rundkøyringa vil då få to sterkt trafikkerte armar og to med betydeleg mindre trafikk. Statens vegvesen viser til at store forskjellar i trafikkmengda eller høg fart på ein eller fleire av armane kan gje store forseinkingar og redusere kapasiteten. Dei peikar vidare på at lange ventetider, som følgje av blant anna ferjetrafikk, kan vere risikabelt, då førarar kan prøve å presse bilen inn i for små luker. Statens vegvesen peiker også på faren for at fotgjengarar vil bruke den nye armen til å ta snarvegen over rundkøyringa for å komme seg mellom idrettsparken og sentrum.

I dette tilfellet er det allereie ei rundkøyring, og etter ei vurdering av heilskapen meiner Samferdselsdepartementet at ein fjerde arm i rundkøyringa bør kunne tillatast. Dei viser til at  kommunen vurderer at ein fjerde arm kan løyse lokale utfordringar som betre tilkomst til idrettsparken, det regionale friluftsområdet, ein planlagd rasteplass og parkeringsplass knytt til dette. Dette kan redusere mengda konfliktpunkt i sentrumsområdet.

Vurderinga til Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Motsegna frå Statens vegvesen er grunngjeven i omsynet til transportfunksjonen til E39 og trafikktryggleik. Saka vert handsama etter plan- og bygningsloven av 2008. Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal avgjere om ein fjerde arm i rundkøyringa kjem i konflikt med nasjonale eller vesentlege regionale interesser, jf. plan- og bygningsloven § 5-4 første ledd. Etter plan- og bygningsloven § 12-13 andre ledd avgjer departementet om motsegna skal takast til følgje, og kan i den samanheng gjere dei endringar i planen som er påkravd.

Kommunen meiner eksisterande undergang ved idrettsparken og undergangen ved Vestnesstraumen gir to attraktive moglegheiter for mjuke trafikantar. Det ligg ein grasgrodd, tidlegare anleggsveg der den fjerde armen er planlagd, slik at mogelegheita til å ta snarvegen også er der i dag.

Kommunen peiker også på at rundkøyringa er oversiktleg og trygg med etablert 50-sone, som gjer at trafikken glir roleg og fint forbi. Når det gjeld trafikk til idrettsparken, opplyser kommunen at aktivitet og arrangement i hovudsak er lagt til kveld og helg, noko som gjer at han i stor grad er utanom trafikktoppane på europavegen.

Samferdselsdepartementet viser til at dagens trafikkløysing med E39 gjennom Vestnes sentrum er ei utfordring for utviklinga av Vestnes sentrum. Kommunal- og moderniserings­departementet er samd i at ein fjerde arm i rundkøyringa er viktig av omsyn til sentrumsutviklinga. I områdereguleringa av Vestnes sentrum er det gjort langsiktige og heilskaplege grep for å sikre «god funksjonalitet og kvalitet» for vidare sentrumsutvikling. Det vil bli færre konfliktpunkt for trafikken i sentrum, mindre støy og lettare å utvikle eit attraktivt sentrum utan unødig trafikk.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser til at Samferdselsdepartementet ikkje støttar motsegna til Statens vegvesen, og finn ikkje grunnlag for å ta motsegna til ein fjerde arm i rundkøyringa til følgje.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningsloven § 12-13 andre ledd stadfestar Kommunal- og moderniseringsdepartementet vedtak i Vestnes kommunestyre 16. februar 2017, korrigert 30. mars 2017, om områderegulering for Vestnes sentrum.

Vedtaket til departementet er endeleg og kan ikkje klagast på. For kunngjering av den endelege planen gjeld plan- og bygningslova § 11-15.

Kommunen er gjort kjend med vedtaket til departementet ved kopi av dette brevet.
 

Med helsing 

Jan Tore Sanner

  

Kopi:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Samferdselsdepartementet
Statens vegvesen Region midt
Statens vegvesen Vegdirektoratet
Vestnes kommune