38 motsegnsaker avgjorde av KMD i 2020

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) avgjorde 38 motsegner til kommunale arealplanar i 2020. Det er sytten fleire enn i 2019.

Kommunen fekk støtte i atten av sakene, og i tolv saker kom departementet fram til ei mellomløysing. Motsegnene blei tekne heilt til følgje i åtte saker.

Departementet si oppgåve er å avgjere om motsegnene skal takast til følgje, eller om vedtaket til kommunen, heilt eller delvis, kan godkjennast. Andre departement får høve til å uttale seg når saka er innafor deira ansvarsområde. Av alle arealplanane som blir vedtekne av kommunane, er det berre ein til to prosent som går til KMD.

Motsegnene som blir handsama i KMD omhandlar eit vidt spekter av nasjonale og viktige regionale interesser, som landbruk, samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, naturmangfald, kulturminne, samfunnstryggleik og forsvar.

Motsegnene som blei handsama i 2020 har vore fremja av fylkesmannsembeta (statsforvaltarane), fylkeskommunane, Statens vegvesen, Bane Nor, Forsvarsbygg, NVE, Riksantikvaren, Sametinget, Mattilsynet og nabokommunar.

Sidan regjeringsskiftet i 2013 har KMD gjeve kommunane medhald i 52 prosent av sakene. KMD har kome fram til ei mellomløysing i 29 prosent av sakene, og motsegnene er tekne heilt til følgje i 19 prosent av sakene. Totalt er 191 saker handsama under Solberg-regjeringa.

Statistikk innsigelsessaker

Motsegnsaker avgjort i Kommunal- og moderniseringsdepartementet 2010–2020.