Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Motsegner avgjorde av departementet i 2018

Kommunal- og moderniseringsdepartementet handsama 16 arealplanar med motsegn i 2018. Kommunen fekk støtte i ti av sakene, og i fire saker kom departementet fram til ei mellomløysing. Motsegnene blei tekne heilt til følgje i to saker.

I 2018 sende fylkesmennene 24 arealplanar med motsegner til Kommunal- og moderniseringsdepartementet til endeleg avgjerd. Dette er ein til to prosent av alle arealplanane som kvart år blir vedtekne i kommunane. Departementet avgjer om motsegnene skal takast til følgje eller om vedtaket til kommunen, heilt eller delvis, kan godkjennast. Andre departement får høve til å uttale seg når saka er innafor deira ansvarsområde.

Motsegnene som blir handsama i departementet omhandlar eit vidt spekter av samfunnsinteresser. Av sakene som blei handsama i 2018 var følgjande grunngjevingar brukt: Samordna bustad-, areal- og transportplanlegging (fire saker), jordvern (to saker), kulturminne/kulturmiljø (to saker) og naturmangfald (to saker). Vidare var støy, kostnadar, tryggleik, strandsoneomsyn, fiskeriinteresser og reindrift tema i kvar sine saker. I fire av dei 16 sakene var avvik frå regionale planar ein del av grunngjevinga. Departementet brukte i snitt om lag sju månader på å handsame kvar sak.

Sidan regjeringsskiftet i 2013 har kommunane fått medhald i litt over 50 prosent av sakene. Departementet har kome fram til ei mellomløysing i nær 30 prosent av sakene, og motsegnene er tekne heilt til følgje i om lag 20 prosent av sakene. Totalt er 132 saker handsama under Solberg-regjeringa.Innsigelsesstatistikk 2018Motsegnssaker avgjorde i Kommunal- og moderniseringsdepartementet 2008–2018.

 

Til toppen