Motsegner avgjort av departementet i 2017

Kommunal- og moderniseringsdepartementet handsama 28 arealplanar med motsegn i 2017. Kommunen fekk støtte i 15 saker, og i 7 saker kom departementet fram til ei mellomløysing. Motsegna blei teken til følgje i 6 saker.

Statlege organ, fylkeskommunen, Sametinget eller ein nabokommune kan fremje motsegn til ein kommunal arealplan når han er i strid med interesser dei skal følgje opp. Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjer det endelege planvedtaket i dei få sakene der partane ikkje sjølve kjem fram til ei løysing. Kring 30 planar med motsegn blir sende til departementet kvart år. Det er statsråden som har det siste ordet i sakene. 

Utfallet i motsegnssakene endra seg med regjeringsskiftet i 2013 (sjå figuren). Med Solberg-regjeringa har kommunane fått medhald i vel halvparten av sakene. Med den raudgrøne regjeringa fekk kommunane medhald i under ein fjerdedel av sakene. Departementet har også noko oftare enn før regjeringsskfitet kome fram til ei mellomløysing.

I gjennomsnitt tok det vel 6 månader for departementet å handsame ei motsegnssak i 2017. I 2013 var den gjennomsnittlege sakshandsamingstida 11 månader.

statistikk for 2017

Motsegnssaker avgjort i departementet 2005–2017.