Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Motsegnsstatistikk 2015

Kommunal- og moderniseringsdepartementet handsama 30 motsegnssaker i 2015. Vedtaket til kommunen blei stadfesta i tretten av sakene. I elleve saker vart motsegnene tekne delvis til følgje. Motsegnene vart tekne heilt til følgje i seks av sakene. Sakshandsamingstida i departementet har gått betydeleg ned.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet handsamar kommunale arealplanar der eit statleg organ, fylkeskommunen eller sametinget har fremja motsegn, og ein ikkje har kome til semje lokalt gjennom mekling.

Departementet har i perioden 2000–2012 motteke i snitt vel 37 motsegnssaker i året (figur 1). Etter ein markert nedgang i talet på saker i 2013 og 2014, er talet for 2015 igjen nærare snittet for perioden, med 32 saker. 

Talet på motsegnssaker sende til departementet for handsaming 2000–2015. Klikk på figuren for betre oppløysing.
Talet på motsegnssaker sende til departementet for handsaming 2000–2015. Klikk på figuren for betre oppløysing.

Utfallet i saker handsama i departementet har tydeleg endra seg etter regjeringsskiftet i 2013 (figur 2). Etter regjeringsskiftet er motsegnene tekne til følgje i 12 prosent av sakene, delvis til følgje i 30 prosent og ikkje til følgje i 58 prosent. Planane vert no oftare enn før godkjende i samsvar med kommunen sitt vedtak. I perioden frå 2005 og fram til regjeringsskiftet i 2013, vart motsegnene til samanlikning tekne til følgje i 58 prosent av sakene, delvis til følgje i 20 prosent og ikkje til følgje i 22 prosent. 

Normal sakshandsamingstid for saker som vart avgjorde i 2015 er kring 7 månader. Det er ned frå 9 månader i 2014 og vel 11 månader i 2012 og 2013.

Avgjerder i motsegnssaker i departementet 2005–2015. Klikk på figuren for betre oppløysing.
Avgjerder i motsegnssaker i departementet 2005–2015. Klikk på figuren for betre oppløysing.

Til toppen